Få hjelp av KI-chatboten Planfrid

Prøv Planfrid, KI-chatbot som kan svare på spørsmål om innhaldet i utviklingsplanen, og korleis du konkret kan bruke planen i arbeidet ditt.

Planfrid er ein Generativ KI er ein form for kunstig intelligens som kan produsere tekst og innhold basert på data den er trent på. Planfrid er trent på utviklingsplanen., som kan vere din venn i møte med utviklingsplanen. Planfrid kan hjelpe deg med å svare på spørsmål om innhaldet i planen, men óg korleis du konkret kan bruke utviklingsplanen i arbeidet ditt. 

Planfrid er mata med heile utviklingsplanen og kunnskapsgrunnlaget til denne, og er trent på dette innhaldet. Ho kan sette planen inn i ulike sammenangar og slik hjelpe deg.

Døme på korleis du kan bruke Planfrid

Ved å gi Planfrid Ein instruks er det som vert kalla ein "prompt" på KI-språket. Det er det du ber KI-boten om å gjere for deg. Jo meir konkret du er i instruksen, dess betre svar får du. , på samme måte som du brukar andre språkmodellar som ChatGPT eller Copilot, kan du få hjelp på mange ulike måtar i arbeidet ditt. 
 
Døme på instruks du kan gi til Planfrid: 

  • Eg skal skrive eit politisk vedtak om ei ny tilskotsordning for grøne industriar. Korleis skal eg sikre at eg gjer dette i henhald til utviklingsplanen?
  • Korleis kan ulike målgrupper bruke utviklingsplanen?
  • Kan du gå nærare inn på korleis næringslivet konkret kan bruke planen? Gi meg fire punkter.
  • Korleis kan eg som jobbar med planarbeid i ein liten kommune bruke utviklingsplanen?
  • Kva seier utviklingsplanen om fylkesveg? Eg skal jobbe med eit nytt vegprosjekt.
  • Kan du gi meg fem titlar og ingressar som kan bli utgangspunkt for for gode nyhetssaker basert på utviklingsplanen?
tekst-døme på svar frå KI-boten
Døme på svar frå Planfrid (i testfasen).
tekst-døme på svar frå KI-boten
Døme på svar frå Planfrid (i testfasen)

 

Ikkje ein fasit

Planfrid svarer godt for seg. I mange tilfelle viser ho til kor i utviklingsplanen ho har funne svaret på spørsmålet ditt. Likevel må du kvalitetssikre svara og vurdere om det er godt nok til ditt bruk, som ellers når du bruker kunstig intelligens. Planfrid er laga for å svare på nynorsk, men du kan oppleve at ho likevel av og til svarer på bokmål. 

Planfrid er ein språkchatbot. KI-generert innhald kan innehalde feil. Boten er ikkje meint å vere ei teneste som gir ordrette fasitsvar, men peiker deg i ei retning for vidare arbeid, eller gjer det lettare for deg å bruke utviklingsplanen.

Planfrid tar ikkje vare på chathistorikken din, men kan halde tråden i pågåande samtale. Ingen kan sjå kva du har spurd om.