Dette er utviklingsplanen

Utviklingsplan for Vestland 2024–2028 gir retning for samfunnsutviklinga i heile fylket.

MENNESKE OG MOGLEGHEITER: Utviklingsplanen har mål om at Vestland skal vere eit inkluderande fylke, der menneska er den viktigaste ressursen. Pride-toget i Førde i 2023 viste glede, trivsel og inkludering. Foto: Anniken Gjørøy

Fylket sin grunnleggande samfunnsplan

Utviklingsplanen skal ligge til grunn for samfunnsplanlegginga i fylket i alle sektorar. Den gir oss felles retning og mål vi skal strekke oss mot i lag, og hjelp oss å prioritere.

Å ha ein regional planstrategi er ei lovpålagd oppgåve. I Vestland kallar vi den for Utviklingsplan for Vestland 2024-2028, regional planstrategi. 

  • Fire mål: breie mål som også må sjåast i samanheng.
  • Seks utfordringsområde: som vi må ta omsyn til når vi planlegg. 
  • Ti strategiar: skal hjelpe oss å nå ønska samfunnsutvikling.
  • Ein plan for planane: oversikt over kva område som treng regionale planar. 

To raude trådar

Berekraft går igjen i planstrategien som ein raud tråd i alt vi skal gjere. Utviklingsplanen bygger på FNs berekraftsmål. 

Samarbeid og samhandling er styrka i utviklingsplanen. Vi skal bli enda betre på strategisk og langsiktig samarbeid i fylket, og samhandle for å nå ønska berekraftig utvikling. 

Utviklingsplanen gir oss svar

  • Kvar er vi? 
    Den viser status for fylket: utfordringar og moglegheiter med grunnlag i ferske fakta og ny statistikk for regionen, samla i eit grundig kunnskapsgrunnlag. 
  • Kvar vil vi? 
    Korleis vil vi at fylket vårt skal sjå ut om fire år, eller om 20? Planstrategien set opp fire satsingsområde og hovudmål vi skal jobbe mot i lag.
  • Korleis gjer vi det?
    10 overordna strategiar skal hjelpe oss å nå utviklingsmåla. Eit styrka samarbeid i fylket og å sjå samanhengar bidreg til måloppnåing. 

Kven gjeld planen for?

Utviklingsplanen har blitt forma gjennom eit breitt samarbeid i fylket. Aktørar frå ulike delar av vestlandssamfunnet, frå ungdomsorganisasjonar og næringsliv til kommunar og statlege organ har deltatt. 

Fylkestinget i Vestland er regional planmynde og styrer arbeidet, og lagar det breie kunnskapsgrunnlaget. I prosessen med den siste utviklingsplanen vart det nytta framtidsscenario for å sjå retninga.Fylkestinget vedtok planen 12. desember 2024. 

Utviklingsplanen vart sendt på høyring og låg ute til offentleg ettersyn 12. juni til 16. september. 
Høyring og offentleg ettersyn: Utviklingsplan for Vestland 2024–2028 - Vestland fylkeskommune

Planstrategien er heile fylket sitt viktigaste verktøy for ei felles berekraftig utvikling. Fylkeskommunen, kommunane, og regionale statsetatar, organisasjonar og institusjonar skal legge den til grunn for vidare planarbeid, samfunnsutvikling og tiltak i regionen. Den gir alle offentlege verksemder i fylket eit felles prioriterings- og avgjerdsgrunnlag, slik at vi saman kan nå ønska utvikling og hovudmål.  Fylkeskommunen er regional planmynde. Vi håpar og at utviklingsplanen mobiliserer andre samfunnsaktørar til å vere med å dra i riktig retning. 

Utviklingsplanen har blitt forma gjennom eit breitt samarbeid i fylket. Aktørar frå ulike delar av vestlandssamfunnet, frå ungdomsorganisasjonar og næringsliv til kommunar og statlege organ har deltatt. 

Fylkestinget i Vestland er regional planmynde og styrer arbeidet, og lagar det breie kunnskapsgrunnlaget. I prosessen med den siste utviklingsplanen vart det nytta framtidsscenario for å sjå retninga.Fylkestinget vedtok planen 12. desember 2024. 

Utviklingsplanen vart sendt på høyring og låg ute til offentleg ettersyn 12. juni til 16. september. 
Høyring og offentleg ettersyn: Utviklingsplan for Vestland 2024–2028 - Vestland fylkeskommune

Regional planstrategi er ei lovpålagd oppgåve etter § 7-1 og § 7-2 i plan- og bygningslova. 

I vårt fylke heiter den "Utviklingsplan for Vestland 2024–2028, regional planstrategi" fordi den set mål for samfunnsutviklinga. Det skal lagast ein ny regional planstrategi minst ein gong i kvar valperiode, det nyvalde fylkestinget vedtek planstrategien seinast eit år etter at dei er konstituert.

Fylkestinget er planmynde, styrer arbeidet og lagar nye kunnskapsgrunnlag. 

Planstrategien skal ta utgangspunkt i nasjonale mål og rammer, men legge vekt på lokal erfaring og kunnskap.