Hovudmål: Demografi og likeverd

Vestland er eit inkluderande fylke med trygge, attraktive og livskraftige lokalsamfunn i heile fylket.

Prosjektleiar for utviklingsplanen, Tina Kvammen Mjøs Sinclair, Vestland fylkeskommune, forklarer hovudmålet "Demografi og likeverd".

Kva betyr hovudmålet "Demografi og likeverd"?

Det skal vere godt å bu og leve i Vestland!

Lokalsamfunna våre skal vere trygge, gode og gje rettferdige rammer for oss som bur i Vestland

Vi skal arbeide systematisk med å utjamne sosial ulikskap i fylket, som er aukande. Alle skal ha like moglegheiter til å delta breitt i samfunnet vårt. Politikk og lokale tiltak er viktige verktøy, og vi skal bidra med auka innsats for 

  • folkehelse
  • mangfald
  • inkludering
  • å minske sosial ulikskap

Kunst, kultur og frivilligheit er viktige delar for utvikling av levande byar og lokalsamfunn. Desse er vesentlege for gode samfunnsløysingar. Frivilligheita gir gode bidrag til trygge sosiale miljø, også i inkluderingsarbeidet.

Kommunane er sentrale i arbeidet med mangfald og inkludering knytt til kjønn, seksualitet, etnisitet, kultur, livssyn og funksjonsevne. Dette skjer i samarbeid med private aktørar.

Fylkeskommunen bidreg gjennom å samordne arealplanlegging, mobilitets- og bustadplanlegging og å fastlegge senterstruktur. 

Dette satsingsområdet er særleg viktig for kommunar som opplever å bli svekka på grunn av lokaliseringa si, og som ønsker meir busetnad, besøkande og næring.

Omlag ti born i parkdressar og luer i alder 4-5 år står foran mange gule og grøne ballongar i høgre bildekant og feirer med to små  norske flagg, bak dei står ein stor flokk ungdommar og klappar og jublar. Låg sol skin på dei, glade andlet.
LIKE MOGLEGHEITER: Alle i Vestland skal ha like moglegheiter til å delta i samfunnet, og vi skal jobbe med å utjamne sosial ulikskap. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Dette står det om demografi og likeverd i planstrategien

Lokalsamfunna våre skal vere trygge, gode og rettferdige rammer for oss som bur i Vestland og fremje deltaking på kvar einskild sine premissar. At den sosiale ulikskapen i fylket aukar, har konsekvensar for einskilde individ og for samfunne.
 
Sosial ulikskap er konstruert og kan utjamnast gjennom politikk og lokale tiltak. Ulike samfunnsaktørar kan bidra til sosial utjamning gjennom auka innsats for folkehelse, mangfald, inkludering, sosial ulikskap og til brei samfunnsdeltaking for alle. Opplæringstilbod, inkluderande arbeidsliv, fleire folk i arbeid og at folk står lenger i jobb, skaper felles samfunnsverdiar.

Kunst, kultur og frivilligheit er viktige delar av gode samfunnsløysingar, og viktig for utvikling av levande byar og lokalsamfunn. Frivilligheita gjev gode bidrag til trygge sosiale miljø, og til at alle kan leve aktive liv, skape, meistre og lære. Ho er særleg viktig for grupper med svak tilknyting til utdanning og arbeidsliv. Arkitektur, design og kunst er gode verktøy for samfunnsutvikling, og kan bidra til attraktive og funksjonelle fysiske omgjevnader, og trygge og inkluderande lokalmiljø. 

Kommunane er sentrale for den lokale samfunnsutviklinga. Dei står nær lokalsamfunna og leverer grunnleggande tenester. Kommunal planlegging gir oversikt over utfordringane, og gjer det mogleg å vurdere ulike interesser i eit heilskapleg perspektiv. Gode prioriteringar er å setje barn og unge først, samstundes som ein handterer demografiske endringar, til dømes ved å gjere kommunen aldersvennleg. Kommunen bør også arbeide systematisk med mangfald og inkludering knytt til kjønn, seksualitet, etnisitet, kultur, livssyn og funksjonsevne. 

Styrka samarbeid med offentlege og private aktørar, inkludert sosialt å styrke entreprenørskap, er viktig for framtida. Kommunane må inkludere alle innbyggjarar, frivillige og næringsliv, og sikre openheit, tryggleik og tillit i ei tid med endringar.

Fylkeskommunen vil bidra gjennom å samordne areal, mobilitets- og bustadplanlegging og fastlegge senterstruktur. Satsinga på regionsenter skal bidra til å sikre alle innbyggjarar tilgang til arbeid, eit mangfald av gode tenester og handel innan rimeleg avstand frå der dei bur. Det vert stadig viktigare å investere i ein effektiv og sikker, «hard» og «mjuk» infrastruktur i heile Vestland.

Satsingsområdet er særleg viktig for kommunar som opplever å verte svekka på grunn av si lokalisering, og som ønsker å trekke til seg meir busetnad, besøkande og næring.