Utviklingsplan for Vestland 2020-2024
Korleis skal vi i Vestland jobbe i lag for å bli det leiande verdiskapingsfylket?
Utviklingsplanen blir ny! Følg prosessen:
Vår neste utviklingsplan: Utviklingsplan for Vestland 2024-2028 på høyring.
Den overordna planen for samfunnsutviklinga
Utviklingsplan for Vestland 2020-2024 er den regionale planstrategien vår. Den viser utfordringar og utviklingstrekk i fylket, har langsiktige mål, og strategiar for korleis vi skal nå dei og møte utfordringane.
Utviklingsplan for Vestland 2020–2024 Regional planstrategi (pdf)
Fire hovudmål
- Mål 1: Vestland som det leiande verdiskapingsfylket og nasjonal pådrivar for eit regionalisert og desentralisert Noreg.
- Mål 2: Klima og miljø som premiss for samfunnsutvikling.
- Mål 3: Lokalsamfunn som ramme for gode kvardagsliv i heile Vestland.
- Mål 4: Like mogelegheiter til å delta i verdiskaping
Utviklingsplanen er bygd opp rundt FN sine berekraftsmål, sjå meir om desse nedst på sida.
Kven gjeld den for?
- Utviklingsplanen skal ligge til grunn for både statleg og kommunal planlegging i fylket.
- Den gjev fylkeskommunen, kommunale styresmakter, næringsliv, institusjonar og organisasjonar i fylket eit prioriterings- og avgjerdsgrunnlag.
- Planen styrer korleis fylkeskommunen prioriterer ressursane sine i økonomiplan og budsjett.
Kva er utviklingsplanen?
Planstrategien skal gje svar på kvar vi er, kvar vi vil og korleis vi skal komme dit, gjennom kunnskapsgrunnlag, mål og strategiar.
- Utviklingsplanen er fylket sin regionale planstrategi heimla i plan og
bygningslova § 7-1, og ligg til grunn for kommunane og statlege og regionale organ sitt planarbeidet i regionen. - Utviklingsplanen set strategisk retning for samfunnsutviklinga i heile Vestland, med langsiktige mål og strategiar.
- Den skal bidra til å samordne offentleg sektor sin innsats og blir til gjennom eit breitt samarbeid med kommunar, statlege organisasjonar og instistusjonar, lag, organisasjonar og andre som blir påverka av planarbeidet.
- Planen for planane: den tek stilling til kva regionale planar vi skal utarbeide.
- Den følgjer opp nasjonale mål, retningslinjer og forventningar.
- Eit breitt kunnskapsgrunnlag med dei siste funna om samfunnet vårt ligg til grunn for utviklingsplanen, tilgjengeleg på denne nettsida.
- Utviklingsplanen blir ny kvart fjerde år etter fylkestingsval.
Kven lagar planen?
Kvar valperiode lagar vi ein ny regional planstrate
gi (utviklingsplan) i samarbeid med kommunar, statlege organ og organisasjonar i fylket. Fylkeskommunen er planmynde og fylkestinget vedtek planen. Den har utgangspunkt i nasjonale mål, men legg vekt på lokal erfaring. Vi skal vere einige om kva som er hovudutfordringane i regionen, og kva moglegheiter som bør prioriterast. Planen skal bidra til god samhandling på langs og tvers fylket.
Den neste utviklingsplanen - Vestland 2024-2028
- Kva gode moglegheiter i Vestland skal vi prioritere framover?
- Korleis få til berekraftig utvikling?
- Kvar må vi bli betre og kva er utfordringane våre?
Utviklingsplanen for Vestland 2024-2028 er i gang og skal vere klar hausten 2024. I det nye kunnskapsgrunnlaget for arbeidet med planen finn du den nyaste statistikken, ferske fakta, aktuelle utfordringsbilde og framsyns-scenario.
Les meir om prosessen med vår neste utviklingsplan og kunnskapsgrunnlaget
Kvifor ein utviklingsplan?
Plan- og bygningslova seier at fylkeskommunane minst ein gong i kvar valperiode skal lage ein langsiktig regional planstrategi som skal vedtakast av fylkestinget. Planstrategien skal sendast på høyring og leggast ut til offentleg ettersyn i minimum seks veker.
Når han er vedtatt skal både kommunane og statlege og regionale organ legge han til grunn for planlegginga si.
Lova opnar for at regional planstrategi kan fastsette regionale utviklingsmål, og dette er grunnen til at vi i Vestland kallar den for Utviklingsplan for Vestland.
Dei 17 berekraftsmåla til FN
Berekraftsmåla til FN er lagt til grunn for utarbeidinga av utviklingsplanen. Berekraftsmåla er verdas felles arbeidsplan for å utrydde fattigdom, nedkjempe ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030.
I rapporten om utfordringar for Vestland og i folkehelseoversiktsdokumentet er det vist korleis måla til FN heng saman med hovudutfordringar i Vestland.
Høyringsinnspel
Utviklingsplanen var ute til høyring våren og sommaren 2020. Vi fekk inn mange innspel frå kommunar, næringsliv, lag, organisasjonar og andre. Alle høyringsinnspela er samla i dette dokumentet:
Administrasjonen i fylkeskommunen har summert opp og kommentert alle høyringsinnspela i ein eigen høyringsrapport:
Politisk sak
Fylkestinget vedtok utviklingsplanen 29. september 2020. Her kan du lese det politiske saksframlegget: