Strandsona i kommunal planlegging
Strandsona er eit prioritert tema i plan- og bygningslova. Lova gjev eit generelt byggeforbod i 100-metersbeltet når kommunen ikkje har sett byggegrense til sjø i arealdelen til kommuneplanen.
Lova seier òg at det i vidare planlegging skal takast særleg omsyn til verdiane i 100-metersbeltet langs sjøen, som til dømes natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og andre allmenne interesser.
Dei reviderte statlege planretningslinjene for differensiert forvalting av strandsona langs sjøen (2021) stør opp om føringane i plan- og bygningslova for forvaltning av strandsona vår. Retningslinjene legg opp til geografisk differensiering, der vernet vert gjort strengare i sentrale område med stort press på areal.
Heilskapleg og langsiktig
Framtidig arealbruk i strandsona skal avklarast heilskapleg og langsiktig i kommuneplanen. Her må kommunen vurdere behovet for utvikling av eksisterande arealbruk og behovet for tilpassing av eventuell ny utbygging. Kommunane må vurdere om tidlegare vedtekne, ikkje utbygde område for utbygging i strandsona skal oppretthaldast eller takast ut av planen.
Utbygging i strandsona bør skje mest mogleg konsentrert og i tilknyting til område som er utbygde frå før. Det er også viktig å ta omsyn til allmenn ferdsel og landskapstilpassing i planlegginga.
Strandsone og byggegrense
Definering av funksjonell strandsone kan vere eit hjelpemiddel når kommunane skal sette byggegrense til sjø. I arealplanlegginga kan den funksjonelle strandsona vere eigna som kunnskapsgrunnlag for å fastsetje byggjegrenser mot sjø i område der utbygging skal tillatast. Definert funksjonell strandsone kan også vere eit godt grunnlag for å bestemme arealføremål, og eventuell bruk av omsynssone som vil vere retningsgjevande for forvaltninga av areala. Lokal kartlegging av verdiane i strandsona (dei økologisk og topografiske eigenverdiane og bruksmessige tilhøve) må gjennomførast som grunnlag for byggegrensa.
Småbåthamner og småbåtanlegg er mindre arealkrevjande og betre alternativ enn eigne naust for alle båteigarar. Ved planlegging for naust må kommunen leggje til grunn at naust er uthus for oppbevaring av båt, utstyr for båt og fiskereiskap.
Har laga digital rettleiar
Regjeringa fastsette i mai 2021 reviderte statlege planretningslinjer for differensiert strandsoneforvaltning (SPR). Dei statlege planretningslinjene legg vekt på heilskapleg planlegging som verktøy for forvalting av strandsona og har tydeleggjort geografisk differensiering i sone 1, 2 og 3.
I fylket vårt er kommunane fordelte mellom sone 2 og 3. Vestland fylkeskommune har, i samarbeid med Statsforvaltaren i Vestland, laga ein digital rettleiar til støtte for planlegging i kommunane, i tråd med nye SPR. Dette er også knytt til handlingsprogrammet for Regional kystsoneplan for Sunnhordland og ytre Hardanger (2017. Stadfesta 20.03.20 av Kommunal- og moderniseringsdepartementet med endringar i nokre retningsliner).