Naturressursforvalting i kommunal planlegging
Fylkeskommunen har sektoransvar på ei rekkje område som er relevante i planlegginga.
Vassforvalting
Vestland fylkeskommune er vassregionmyndigheit for Vassregion Vestland, og har plan- og prosessansvar for å lage regional forvaltningsplan og regionalt handlingsprogram for vatn (kyst, vassdrag, innsjø og grunnvatn).
Kommunane har ansvar for vassforvaltninga på sine områder mellom anna i høve til arealplanlegging, landbruksforureining, kloakk, drikkevatn og kommunale vegar. Kommunane må gjere vasstiltak innafor sine felt etter politiske prioriteringar og gjeldande lover mellom anna tiltak som kjem som følgje av vassforskriftarbeidet.
Kommuneplanen bør omtale byggegrenser mot sjø og vassdrag, haldning til lukking av bekkar og tiltak for å unngå forureining. Nedbør bør ha avlaup gjennom infiltrasjon i grunnen og i opne vassvegar. Opne vassvegar har større kapasitet, er billigare, gir betre økologi og ser betre ut. Reguleringsplanar bør i naudsynt omfang identifisere og sikre areal for overvann.
Andre relevante plantema er mellom anna klima og energi, landskap, vilt og innlandsfisk.
Relevante lenker
Vilt og innlandsfisk
Fylkeskommunen har sektoransvar for haustbare, ikkje trua viltartar, innlandsfisk og sel. Viltet og viltet sine leveområde skal forvaltast slik at naturen sin produktivitet og artsrikdom blir tatt vare på. Omsyn til viltet skal innpassast i kommunal og fylkeskommunal planlegging.
Vilt
Kommuneplanen må sikre at tiltak ikkje kjem i konflikt med viltet sitt levegrunnlag. God kartlegging av storleik, utbreiing og ferdselsårer til viltartar vil vere naudsynt i kommuneplanarbeidet. Vestland fylkeskommune og Statsforvaltaren i Vestland kan kontaktast for å få ei oversikt og kartdata over vilt og innlandsfisk.
Innlandsfisk
Fylkeskommunen skal ivareta omsynet til lokale bestandar ved gjennomføring av vassdragstiltak og kultivering av innlandsfisk. Kultivering av innlandsfisk skal gå føre seg i tråd med Statsforvaltaren sine kultiveringsplanar og Direktoratet for naturforvalting sine retningsliner.
Relevante lenker
Akvakultur
Prioritert næring
Marine næringar er eit prioritert satsingsområde for Vestland fylkeskommune. Det er viktig at kommunen gjennom arealplanlegging legg til rette for ei berekraftig og lønnsam utvikling innafor akvakulturnæringa. Fylkeskommunen har ansvar for tildeling av løyve og klaring av lokalitetar, og har i tillegg ansvaret for å ivareta havbruksinteressene og fremje motsegn på vegne av havbruksinteressene.
Akvakultur i kommuneplanen
Areal der det allereie er gjeve akvakulturløyve på permanent basis må takast inn i kommuneplanen som einbrukskategori akvakulturområde. Sjøområda som vert sett av for akvakultur bør vere tilstrekkeleg store med tanke på framtidig trong for justering av anlegg og fortøyingssystem. Små akvakulturområde gjev liten grad av fleksibilitet for å møte framtida, og i staden risikerer ein auka tal av søknader om dispensasjon.
Særleg sentralt i høve til planlegging av sjøareal tilknyta akvakultur er plan- og bygningsloven § 11-7 punkt 6 som omhandlar bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone, § 11.11 punkt 3 om bruk og vern av vassflate, vassøyle og botn, samt punkt 7 om kva artsgruppe eller artar av akvakultur som einskild eller i kombinasjon kan etablerast.
Regelverk
Regelverket for akvakultur og registeret over gjevne akvakulturløyve finn de på heimesidene til Fiskeridirektoratet. Der ligg også kartverktøy med kartdokumentasjon for godkjente akvakulturlokalitetar. Det er mogleg å laste ned koordinatar for alle godkjente lokalitetar, samt hente opplysningar om eigartilhøve gjennom Brønnøysundregistra.
Relevante lenker
Skjelsand
Det er kartlagt relativt store mengder skjelsand på sjøbotnen ute på kysten i Vestland. Rettane til skjelsandførekomstane ligg til staten i medhald av kontinentalsokkellova. Skjelsand er mellom anna nytta som kalkkjelde i jordbruket, men har også ei rekkje andre bruksformål. Opptak av skjelsand krev konsesjon, og konsesjonsmyndet er delegert til fylkeskommunen.
Konsesjonshandsaming
Konsesjonshandsaming skjer etter retningsliner fastsett av Nærings- og handelsdepartementet i rundskriv 01.04.1993. Konsesjon kan ikkje gjevast i strid med bindande arealplan med mindre det aktuelle planmyndet samtykkjer. I praksis vil omsøkte skjelsandopptak innebere vesentlege terrenginngrep (plan- og bygningslova §§ 20-1 og 30-4), det vil si tiltak som skal vurderast/handsamast etter forskrift om konsekvensutgreiing.
Både plan- og bygningslova og kontinentalsokkellova har innverknad på planlegging av skjelsandopptak. Konsesjonsområde for skjelsandopptak bør visast i kommuneplanens arealdel som råstoffutvinning, men skjelsandopptak er i utgangspunktet heller ikkje i strid med arealføremål knytt til fiske-, ferdsle,- frilufts- og naturområde. Føresegnene i kommuneplanen bør derfor presisere at konsesjonshandsaming av skjelsandopptak i desse føremåla ikkje krev dispensasjon frå kommuneplanen. I slike samanhengar kan føresegnene også avklare bruk og vern av vassflate, vassøyle og botn i sjøområda.
Omsyn til andre interesser
Skjelsandopptak vil medføre terrenginngrep, og det er viktig å ta omsyn til andre interesser som ferdsleårer på sjøen, fiske- fugle og friluftsliv, samt havbruk. Fylkeskommunen kan i konsesjonen fastsetje nærare vilkår for å ta omsyn til spesielle interesser.