Friluftsliv i kommunal planlegging
Det er eit mål at alle skal ha høve til å drive med friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.
Å sikre allemannsretten og tilgjenge til friluftsområde, både dei små grøne lungene i nærmiljøet og dei større samanhengande friluftsområda vil vere viktig. Tilrettelegging for turvegar og grøntdrag samt ivaretaking av strandsone, fjell- og markaområde, fastsetting av markagrense og byggjegrense er òg sentralt.
Dei kartlagde regionalt viktige friluftsområda i Vestland gjev eit godt grunnlag for kommunen si planlegging og bør følgjast opp med kartlegging av lokalt viktige friluftsområde i kommuneplanen. Dette er eit godt grunnlag for å ta vare på viktige friluftsområde gjennom planlegging og eventuelt erverv.
Om areala skal setjast av som grønstruktur, LNF-område, areal for bruk og vern av sjø og vassdrag, med tilhøyrande strandsone eller omsynssone må vurderast. Eige temakart i samband med kommuneplanrevisjon kan vere aktuelt.
Naturmangfald
I Vestland skal vi verna om biologisk mangfald og verdifulle areal- og naturressursar på land og i sjø, som strandsona, friluftsområde med regional verdi, større inngrepsfrie område og kulturmiljø. Særmerkte artar skal sikrast mot utryddding.
I naturmangfoldloven er naturmangfald definert som biologisk mangfald, landskapsmessig mangfald og geologisk mangfald. Loven skal verke saman med andre lover som regulerer bruk av norsk natur. Etter lovens § 7 skal prinsippa i §§ 8-12 leggjast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg myndigheit, og vurdering og vektlegging skal framgå av beslutninga.
Prinsippa i loven supplerer krav og omsyn som følgjer av dei lovene som regulerer den aktuelle aktiviteten. Eksempel er plan- og bygningsloven, forurensingsloven, havressursloven, mineralloven, petroleumsloven og havenergiloven, skogbruksloven, jordloven, kulturminneloven, lakse- og innlandsfiskeloven, viltloven, markaloven og friluftsloven. Saman med naturmangfaldsloven legg lovene rammer for aktivitetar og tiltak som påverkar naturmangfaldet.
Naturmangfaldlova § 10 må i plansaker sjåast i samanheng med krava etter plan- og bygningsloven § 4-2 (planbeskrivelse og konsekvensutredning). Det er særleg viktig at det vert klårgjort om planen er i samsvar med gjeldande overordna planar eller inneber endringar.
Naturmangfaldlova skal oppfyllast på alle plannivå, det vil seie regional plan, kommuneplan og reguleringsplan, men tilpassast plannivået. For kommuneplanens arealdel vil dei vurderingar som skal gjerast etter naturmangfaldlova kapittel II, inngå som ein del av konsekvensutgreiingane (KU) som skal gjennomførast etter plan- og bygningslova. § 4-2. Det same vil gjelde dei reguleringsplanar som er KU-pliktige.
Naturmangfaldlova tar utgangspunkt i at all natur skal forvaltast kunnskapsbasert. Kunnskapen som skal brukast, er kunnskap om landskap, økosystem, naturtypar og artar.
Andre relevante tema er mellom anna landskap, strandsona, vassforvalting, vilt og innlandsfisk