Kommunal planstrategi
Etter krava i plan- og bygningslova skal kommunane utarbeida planstrategi første året etter val av nytt kommunestyre.
Føremålet er å klargjere kva planoppgåver kommunen bør starta opp eller vidareføra for ei ønskt utvikling. Kommunane skal ta stilling til om det er behov for å revidere kommuneplanen.
Oppdaterte kommuneplanar er viktig for å fremja berekraftig regional utvikling. Fylkeskommunen oppfordrar kommunane i Vestland til å revidera kommuneplanen, samfunnsdel og arealdel, i samsvar med plan- og bygningslov, nasjonale forventningar og synspunkta frå fylkeskommunen.
Synspunkt frå Vestland fylkeskommune til kommunane i Vestland
Vi har sendt brev til kommunane i Vestland med synspunkt til kommunal planstrategi. Vi har fokusert på innspel til kunnskapsgrunnlaget og innspel til kommunal planstrategi. Brevet kan du lese på lenka nedanfor.
Brev til kommunane i Vestland med synspunkt til kommunal planstrategi (PDF)