Stad - urbant landbruk
Stad kommune har eit mål om å danne fleire grøne møteplassar gjennom den nyskapende metodikken Likeverdig samskaping. Korleis kan urbant landbruk stø opp om kommunen sine målsetninger om eit levande sentrum?
Prosjektet Grøne møteplassar – saman om eit levande sentrum er eit av tre forskingsprosjekt i Den samskapande kommune (DSK). DSK har som mål å skape ein samarbeids- og endringskultur, slik at kommunen nyttar samskapande innovasjon som ein etablert arbeidsmetode i lokalsamfunnsutviklinga. Det inneber eit breitt samarbeid mellom næringsliv, sivilsamfunn, kommuneadministrasjon og politikarar – og viktigast av alt; innbyggjarane i lokalsamfunnet, som skal vere aktive medskaparar i alle fasar av prosjektet. Gjennom delprosjektet Grøne møteplassar undersøker kommunen korleis urbant landbruk kan bidra til eit meir levande sentrum på Nordfjordeid.
Nordfjordeid - eit grønt, livskraftig og attraktivt sentrum
Stad kommune har ynskje om å utvikle Nordfjoreid til eit endå meir livskraftig og attraktivt sentrum, prega av stadens eigenart og identitet. Det er mykje jordbruk i kommunen, men lite grønt i sentrum. Difor undersøkte kommunen potensialet for urbant landbruk, kartla interessen blant lokale aktørar og gjennomførte til slutt konkrete tiltak. Formålet med prosjektet var følgjande:
- Likeverdig samarbeid med aktørane
- Skape trygge, inkluderande møteplassar
- Eit meir levande sentrum
- Førebyggande arbeid mot klimaendringar
- Auken medvit om lokal matproduksjon og kortreist kvalitet
- Transformasjon og ombruk
Kvifor urbant landbruk?
Urbant landbruk går ut på å dyrke sine eigne spiselige vekstar på små takterrassar, parkar, bakgårder eller andre små område i byen som står tomme eller blir lite brukt. Urbant landbruk er ein global trend som skyt fart - ikkje berre i storbyar verden over, men no også i Norge. Fokuset er miljøet i høve til kortreist mat og sunn mat utan miljøgifter og plantevernmidlar. Stad kommune ser at urbant landbruk gjev gode sosiale ringverkningar i tillegg til dei økonomiske og estetiske, og har stort potensiale i kommunen. Figuren under viser nokre av dei positive ringverknadene urbant landbruk kan gje:
Stor frivillig deltaking
Prosjektet ga starthjelp til to skulehagar på Nordfjordeid og ein på Selje. 4 ungdommar vart engasjert i sommarjobb med å følgje opp skulehageprosjekta under sommarferien.
Vidare var eit viktig tiltak å etablere eit drivhus, utlånt av Torheim gartneri, som gjorde det mogleg å starte den første sesongen allereie i 2022. Deltakarane organiserte seg gjennom ei open Facebook-gruppe, og drivhusgruppa hadde faste møte og dugnad kvar veke. 10-15 personar møtte jamleg opp, og skildra arbeidsgleda som stor. Aktiviteten på Facebook-sida var høg, med heile 87 medlemmer mot slutten av sesongen.
Ein utfordring for prosjektet var at dagens drivhus låg på Torheim, 20 km frå Nordfjordeid sentrum. Neste fase inneber etablering av eit drivhus i sentrum, og det forventast at aktiviteten då vil auka. Stad kommune har fått tilgang til eit område ved skulane som dei ser på som eigna for vidareføring av prosjektet.
Det vart sådd meir enn 40 ulike sortar tomatar, 17 ulike sortar chili og paprika, og ei rekkje forskjellige sortar agurk. Neste sesong er planen å redusere talet på sortar og velje meir hardføre sortar. I tillegg skal talet på planter reduserast med 20% for å skape meir plass mellom plantane og betre arbeidsforhold inne i drivhuset.
Ressurspersonar involvert i prosjektet:
- Lokalsamfunn, innbyggjarar
- Oppvekst og opplæring, integrering
- Landbrukskontoret
- Helse- og omsorgstenester
- Oppvekst og opplæring, skular, barnehagar og Fjordane folkehøgskule
- Bondelag og Hagelag
- Elsjeler
- Næringslivet
- Pensjonistar
Den samskapande kommunen
Stad kommune er ein ny kommune, utvikla over tid gjennom arbeidet med samanslåinga i perioden 2017 – 2019. Visjonen Stad er eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle drar i lag, skildrar kort det samfunnet kommunen ønskjer å skape og har vore retningsgivande for etableringa av den nye kommunen.
Samhandlingsfeltet er prega av ei haldning vekk frå at offentleg sektor aleine skal utvikle nye tenester og tilbod for innbyggarane, i staden innser ein at vi må utvikle det med dei. Stad kommune
Gjennom Den samskapande kommunen ønskjer Stad kommune å skape ein samarbeids- og endringskultur som grunnlag for å oppnå samskapande innovasjon på høgste nivå som ein etablert arbeidsmetode i samfunnsutviklinga. Prosjektet er støtta av Forskingsrådet, og Stad kommune er prosjekteigar.
Kva positive erfaringar har kommunen gjort seg?
- Meirverdien av at ulike aktørar kjem i dialog og blir kjende → Potensial blir utforska
- Stor engasjement og glede av å kunne bidra i utvikling av lokal samfunnet
- Moglegheita til å treffe folk som brenner for det same tema – Høy motivasjon
- Mobilisering av eldsjeler og kontakt på tvers av alder, kjønn, bakgrunn
- Eigna samskapingsarena – Eidsgata 9
Kva utfordringar og barrierar har kommunen gjort seg?
- Samskapingsprosesser tar ofte lengre tid
- Gruppa ønskjer å sjå rask framdrift og resultat
- Behov for ny kompetanse
- Korleis engasjere langsiktig og berekraftig
- Økonomi
- Lovverk §