Sogndal - bygdelab som verktøy for medverknad

Sogndal kommune jobbar aktivt for å levere betre tenester og bli ein meir attraktiv kommune gjennom auka fokus på brukarinnsikt og brukarbehov. No har kommunen ambisjonar om nye, kreative og ambisiøse arbeidsformer for å skape levande tettstader. Korleis kan bygdelab vere eit nyttig redskap på vegen?

Biletet viser idémyldring på post-it-lappar i samanheng med bygdelabbane i Sogndal kommune.
Kan bygdelabber være en komponent for å vidareutvikle kommunens tettstader og sentrumsområda? Foto: Lokalt byrå.

Nye, kreative og ambisiøse samarbeidsformer har vore ein hovudnøkkel for å utvikle Sogndal til eit regionsenter med nasjonalt omdøme. Kommunen har tru på at ei forsterking av denne samskapingskulturen må styrkast ytterlegare for å vidareutvikle kommunens tettstader og sentrumsområda. Difor skal plan- og samfunnseiningane framover ta ein meir aktiv rolle som fasilitator og mellomromspelar for auka innbyggjarinnvolvering. Sogndal kommune ser eit stort potensial for å etablere faste og/eller temporære bygdelabbar der dialog mellom kommune og innbyggjarar kan foregå med stor takhøgde, låge skuldre, nyfikne hovud og uforpliktande myldring.

Ambisjonar om at bygdelabbar skal senke terskelen for samarbeid

Sogndal kommune utforsker moglegheita for å etablere bygdelabbar i dei fire tettstadene: Kaupanger, Sogndal, Leikanger og Balestrand. Bygdelabbane skal plasserast i opne og tilgjengelege sentrumslokale og bidra til å senke terskelen for at innbyggjarane og kommunen delar, tester, prøver og feilar med ideane sine. Etablering av bygdelabbar lokalt vil kunne skape ein arena for nye former av samskaping i tettstadene, meir brukarretta utvikling og smartare lokalsamfunn. Liknande initiativ i andre byar og tettstader, som til dømes Bylab i Hamar, har i tillegg hatt gode erfaringar med liknande initiativ. Sogndal kommune har derfor sett i gang eit tre-årig prosjekt som skal:

  1. Legge til rette for aktiv og deltakande medverknad frå innbyggjarane i form av faste og/eller temporære bygdelabber i dei fire tettstadene Kaupanger, Sogndal, Leikanger og Balestrand.
  2. Styrke lokalt kunnskapsgrunnlag om korleis vi kan utvikle berekraftige tettstader ved å ha større fokus på innbyggjarinnvolving i kommunale utviklingsprosessar.
  3. Stimulere til meir levande sentrum ved hjelp av moglegheitsstudie for fem utvalde sentrumsområde. Moglegheitsstudiene blir ein læringsarena for god innbyggjarinvolvering ved hjelp av bygdelabber.

Bygdelab - forankra i samfunnsplanen 

Ein viktig verdi for kommunen, nedfelt i samfunnsplanen, er å vere samskapande. Å skape saman betyr ikkje berre løyse oppgåvene våre saman med andre, men også å vere opne for å tenke nytt, vere open for andre perspektiv og for dialog rundt det kommunen gjer, og vere nysgjerrige ved å alltid jakte etter dei beste løysingane, metodane og innspela. Bygdelabbene skal styrke koplinga mellom kommunens verdiar og korleis ein jobbar i praksis. Bygdelabbene kan også bli ein møteplass som kan byggje bro og foreine dei tre samfunnsmåla til kommunen: skaparkraft, livskvalitet og miljømedvit. Særleg for satsingsområdet Fruktbare tettstader vil bygdelabbene stimulere til prosessar og tiltak i tettstadene som tek omsyn til alle dei tre samfunnsmåla.

Etter samanslåinga av kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand til Sogndal kommune i 2020 har det vore eit taktskifte i korleis kommunen vil innvolvere innbyggjarar og sette brukarane i sentrum for stadutviklinga. Samfunnsplanen fekk til dømes over 400 innspel i frå åtte ulike bygdeverkstader i 2020, og den ligg no ute til høyring i eit meir tilgjengeleg format på utfordrarbygda.no. I kjølvatnet av samfunnsplanen kjem det ein rekke nye plan- og utviklingsprosessar der medverknad og samskaping med innbyggjarane vil gå utover lovpålagde krav:

  • Kommuneplanen sin arealdel
  • Moglegheitsstudier for sentrumsområda i kommunen
  • Strategisk plan for bustad, arbeid, klima og transport
  • Folkehelseoversikt
  • Klimabudsjett
  • Ein rekke planprosessar etter pbl
  • Ein rekke utviklingsinitiativ i lokalsamfunna

Kva er ein bygdelab?

By- eller bygdelabbar er digitale eller fysiske møteplassar kor kommunen deler info om pågåande utviklingsprosjekt og møter innbyggjararane, næringsliv og andre interessenter for å samarbeide aktivt om å utvikle og forbetre tettstader. Desse labbane kan nyttast til å utforske, diskutere og utvikle ulike prosjekt og initiativ som er relevante for lokalsamfunnet. 

Her er nokre måtar bygdelabbar kan brukast som møtestader for å skape levande tettstader:

  1. Involvering: Bygdelab som gir innbyggjarane ein arena der dei kan kome med idear, tilbakemeldingar og bidra aktivt i utforminga av framtidige prosjekt. Dette vil kunne gje dei eigarskap og medverknad i kommunens utvikling, gitt at prosessen er godt organisert og innspela vert tatt med vidare.
  2. Innovasjon og kreativitet: Labbene kan fungere som innovative verkstader der ulike aktørar kan samarbeide om å finne kreative løysingar på lokale utfordringar. Dette kan bidra til å skape nye idear og tenester som gagnar tettstadene.
  3. Teste og evaluere: Bygdelabbar gir moglegheita til å teste ut nye initiativ i små skala før dei eventuelt blir implementerte på breiare basis. Dette kan minimere risiko og gi rom for å justere og forbetre prosjekta basert på attendemeldingar.
  4. Byggje sosiale nettverk: Gjennom desse møtestadene kan innbyggjarar, entreprenørar og kommunale representantar byggje sterke sosiale nettverk og samarbeide for å nå felles mål.
  5. Fokus på lokalt mangfold: Bygdelabbar kan fremje det kulturelle og økonomiske mangfaldet i tettstader ved å støtte lokale initiativ og verksemder.
  6. Bærekraftig utvikling: Labbane kan vere ein arena for å diskutere og planleggje bærekraftige tiltak som fremjar miljøvennlege praksis og vern av naturressursar.

Ved å utnytte potensialet til bygdelabbar som møteplassar, kan Sogndal kommune styrke samarbeidet med innbyggjarane, skape eit meir inkluderande og dynamisk lokalsamfunn og oppnå ei meir attraktiv kommune for både innbyggjarane og besøkande. Sjå døme på bylab i Hamar kommune. 

 

 

 

Sjå Sogndal på kartet