Sykkelstrategi i fleire kommunar

Bjørnafjorden og Askøy er nokon av kommunene som har utarbeidd sykkelstrategiar, med stor betydning for både klima og folkehelse.

Smilande mann som syklar aleine i gata, med hjelm og airpods.
Kan den politiske satsinga på gå- og sykkelstrategi føre til at bilbruk vert mindre attraktivt? Foto: Shutterstock.

Gå- og sykkelstrategi er eit viktig politisk styringsverktøy for å lukkast med ein ambisiøs satsing på gåing og sykling. Slik strategi kan til dømes innehalde kartlagt status og behov for antall/tal kilometer gang- og sykkelløysingar, ei skissering av kva verkemiddel som må vere til stades for å få fleire til å velje sykkel som transportmiddel, samt korleis innsatsen kan målast gjennom eit sykkelrekneskap. Ei rekke kommunar i Vestland har i seinare tid utarbeidd gå- og sykkelstrategiar, med mål om at fleire med enkelheit kan velje bort personbilen, og nytte sykkel i sine daglege gjeremål. Mangelfull tilrettelegging står likevel som ei gjennomgåande hindring, og gjer at sykling ikkje vert opplevd som tilstrekkeleg trygt og effektivt, jf. Nasjonal sykkelstrategi (2014-2023). Med støtte frå fylkeskommunen har Bjørnafjorden kommune og Askøy kommune fått utvikla gå- og sykkelstrategiar, med ambisjonar om å gjere det enklare for innbyggjarane å la bilen stå i framtidå. 

Utfordringar for utviklinga 

Befolkninga si bruk av sykkel blir registrert i dei nasjonale reisevaneundersøkingane. Tal viser at 86 prosent av befolkninga hadde tilgang på sykkel (vanleg sykkel, el-sykkel og by-sykkel) (s.23) i 2022, og at sykkel utgjorde transportmiddel for 5 prosent av alle reisene samme året (s.32). Dette tyder på at fleire har moglegheita til å nytte sykkel som transportmiddel, men vel å la være. 

Slik sykkelinfrastrukturen er i kommunene i dag, blir ofte beskrive som ein hindring for sykkel som eit naturleg førsteval for daglege reiser; sykling på fortau som plutseleg tek slutt, for smale eller som ligg langs bilveg med høg fartsgrense gjer sitt slik at sykling opplevast som ein lite attraktiv reisemåte. Tall fra undersøkingar støttar opp under dette: PROSAM har gjennomført årlege haldningsundersøkingar i Oslo og Akershus siden 1989 og rapport fra 2021 (s.23) viser at fleire ville ha sykla dersom infrastrukturen var betre. Vidare fremgår det også frå kartlegging av Oslosyklisten (s.6) at 1/3 av Oslo-beboerne ville ha sykla meir dersom sykkelvegnettet var tryggare. Ein kan stille spørsmål om Oslobuarane er like positive til auka sykkelutbygging når det går på bekostning av andre funksjonar, som til dømes bilparkering. Resultat frå samme kartlegging viser at 19/20 vil at Oslo kommune skal satse på økt sykling (s.7). Statistikken tyder således til ein moglegheit for å kunne auka auke prosentdelen som brukar sykkel som transportmiddel, gjennom å forbetra infrastrukturen for syklistar. 

Konklusjonen ser ut til å vere følgjande; for å kunne nærme seg visjonen om det gode sykkelliv for alle, er det først og fremst betring av infrastruktur det må prioriterast å nytte ressursar til. Haldningar og ferdigheiter, både hjå syklistar og bilistar, er òg viktige tema for å byggje god «sykkelkultur». I fordelinga av ressursar må ein nok således finne ein god balanse mellom desse. 

Økonomisk gevinst å velge sykling

Dersom fleire går, syklar eller vel kollektivtransport framfor å køyre bil, vil dette gi den enkelte og samfunnet fleire fordelar. Byar og tettstedar kan få forbetra luftkvalitet, mindre bilkøar, reduserte CO2-utslepp, eit roligare trafikkbilete og betre helse for den enkelte. 

For kommunane er målsetjinga at sykling skal opplevast som trygt, og meir attraktivt transportmiddel, og slik bli meir brukt. Økt aktivering og mindre bruk av bil vil ikkje berre gi klimafordelar, men også helsefordelar for innbyggjarane i kommunen. 

Ei illustrasjon kalla mobilitetstrekanten som viser prioriterte transportformer i kronologisk rekkefølgje: redusert transportbehov øverst, deretter gå/løpe, sykkel, el-sykkel, lett elektrisk kjøretøy, kollektivtransport, taxi og bildelingsordningar, privatbil og fly.
Mobilitetstrekanten viser prioriterte transportformer. Kjelde: Lier kommune.

 

Kva type utbygging må til?

Bjørnafjorden kommune legg vekt på at det ikkje er naudsynt med store tiltak, men heller små grep for at dei som syklar skal kjenna seg verdsett som trafikantgruppe. Dette kan til dømes gjerast ved å redusera fartsgrensa på visse strekningar, gi syklande dei mest attraktive parkeringsplassane nærast målpunktet, eller generelt gjera det tydeleg at syklande skal prioriterast når det gjeld utbygging, forbetring og vedlikehald av infrastrukturen.

Kommunen erkjenner at det vil ta tid å etablera eit samanhengande sykkelnett i kommunen, og at det ikkje er realistisk å gjennomføra alle naudsynte tiltak i løpet av ein strategiperiode. Strategien legg opp til gradvis forbetring av sykkelnettverket med fokus på dei mest utfordrande punkta og hindringane. Dette kan bidra til å utløyse mykje av potensialet for sykling i Bjørnafjorden-området.

Politisk prioritering

Den nasjonale sykkelstrategien utarbeidet av Statens vegvesen foreslår nasjonale mål og innsatsområder for å fremme sykkel som transportform og hverdagsaktivitet. Statens vegvesen hevdar:

Det skal være naturlig å velge aktiv transport i form av sykkel og gåing fremfor bil til jobb, skole, butikken, fritidsaktiviteter og andre reiseformål (s.16, 2012). 

Strategien er begrunnet i regjeringens mål om mer miljøvennlig transport, bedre miljø i byer og tettsteder, bedre helse gjennom mer fysisk aktivitet og et universelt utformet samfunn. Hovudmålet for den nasjonale sykkelstrategien er at sykkeltrafikken utgjer 8 prosent av alle reiser innan 2023. Det er òg sett høge målsetjingar om sykkel som transportmiddel i Gatenormal for Oslo (vedteke av Bymiljøetaten i 2021). Normalen gir mål om gong, sykkel og kollektivtrafikk som førsteval for reiser i Oslo.

Oslo kommune vil utvikle byen på en måte som reduserer
bilavhengighet, sikrer et godt kollektivtilbud og gjør det tryggere og enklere å gå og sykle for alle.
- Bymiljøetaten, s.12, 2021.

I Nasjonale forventninger til regional og kommunal planlegging uttrykkjes ein forventning om at berekraftsmåla blir lagt til grunn for samfunns- og arealplanlegging på alle nivå - globalt som lokalt. Berekraftsmåla gir ein felles, global arbeidsplan å jobbe ut frå, for å utrydde fattigdom, kjempe mot ulikskap og stoppe klimaendringane innan 2030. Når fleire vel å sykle får vi eit trivelegare sentrumsliv i tettstadane, betre nærmiljø, mindre utslepp og positive helseeffektar for den enkelte.

Eit bilete av nokre av måla frå FN sine berekraftsmål: 3 - God helse og livskvalitet, 9 - Industri, innovasjon og infrastruktur, 13 - Stoppa klimaendringane og 17 - Samarbeid for å nå måla.
Auka bruk av gåing og sykling kan bidra til å støtte opp under FN sine berekraftsmål. Kjelde: Bjørnafjorden kommune.

Det er store ressursar som medgår til satsinga på sykkel, og ein kan spørje seg kven som skal dekke kostnadene? Ei sentral føring frå nasjonalt hald er no at mogeleg sykkelfinansiering vert løyst gjennom byvekstavtalen (miljøløftet). I byvekstavtalen er det lagt til grunn eit mål om at veksten i persontransporten skal takast med kollektivtransport, sykling og gange. Tiltak innanfor byvekstavtalen er føresett finansiert med statlege midlar, fylkeskommunale midlar, kommunale midlar og brukarfinansiering (bompengar).