Askøy - saman for inkluderande og levande stader

Kommunen har utvikla eit konsept for å mobilisere nærmiljø og bygder, med formål om å styrke medverknad i pågåande arbeid og prosessar. I transformasjonen av den gamle skulen og barnehagen på Follese til ein ny og inkluderande møtestad, testar dei ut metodikken.

Bilete viser mor, far og lita barn som går over bru med tom barnevogn.
Askøy kommune skal bidra til å skape møteplassar der alle kan delta gjennom samarbeid med frivillig sektor. Foto: Shutterstock.

Sammen for levande og inkluderande lokalmiljø og bygder er ein del av prosjekta under fellesnemninga Sammen om nærmiljø og møteplassar (SoNoM). Stadig høgare andel unge flyttar frå bygd til by, og den politiske prioriteringa av levande lokalsamfunn i distrikta blir såleis særskilt viktig. I denne omgang ønska kommunen å fokusere på det etablerte samarbeidet med FOLK Follese. For prosjektet skal kommunen vere ein deltakende aktør i realiseringa av transformasjonen av den gamle skulen/barnehagen på Follese, til eit nytt og inkluderande møtestad. Møtestaden skulle være for alle - uansett alder, tru, etnisitet, interesser eller kulturell tilhøyrsle. Slagordet til Folk Follese er "FOLK for folk flest!".

Bakgrunn

SoNoM starta på bakgrunn av Askøy kommunes engasjement tilknyttet stedsutvikling. Dei spurde seg sjølv korleis positive og levande lokalsamfun kan utviklast på ein god måte. Med dette som utgangspunkt vart SoNoM oppretta, med ein "nedefra og opp" struktur. Visjonen var nemleg at menneska som bur på Askøy skulle vere motoren i utviklinga av møteplassar. Kommunen meiner det er innbyggjarane sjølv som veit kva bygdene og nærmiljøa har behov for, og kva moglegheiter som er tilgjengelege. Det inneber at kommunen ikkje lagar ein møteplass for eit gitt nærmiljø, men heller fungerar som ein støttespelar som bidrar til at ideane som allereie eksisterer, realiseres. Til rettleiing er eit fagteam på plass som kan nyttas ved behov, med ein tilnærming som heiter Asset-based community development.

 

Aktivitetar og tiltak 

For å realisere målet om eit nytt og inkluderande møtestad for alle på den gamle skulen/barnehagen på Follese, gjennomførte Askøy kommune hovedsakelig to tiltak:

Første tiltak innebar å vidareutvikle samarbeidet med frivilligheita Bygdelaget FOLK Follese. FOLK har mellom anna:

  • Samarbeidd tett med kommunens kontaktperson for prosjektet
  • Fungert som nærmiljøkontakt i ressursgruppa for SoNoM Follese. Ressursgruppa har ansvar for søknader frå lokalmiljøet for å gjennomføre aktivitetar og tiltak
  • Hatt koordineringsansvar for Follesefestivalen - som er ei lokalt driven open møteplass
  • Vegleidd og støtta ungdom som ville lage dirt-track-bane for alle i Follese
  • Arrangert temadagar/ kveldar som til dømes "superlaurdag" og "byttedag" månadleg der heile bygda vert invitert til å møtast for miljøbevisste aktivitetar som dugnadsarbeid, felles måltid og barneaktivitetar
  • Gjennomført kunstprosjekt for dei unge i bygda som har enda opp i utvendig utsmykking av Follese kultursenter
  • Bidratt til sommarleir for born og ungdom sommaren 2021
  • Etablera ei eiga ungdomsgruppe leia av Sommerkontorungdom

Vidare har FOLK støtta opprettinga av og sikra drifta av Sommerkontoret. Sommerkontoret er ein lågterskel open møteplass for born og unge, drive av lokale ungdommar engasjert av FOLK Follese. Sommeraktivitetane var open for born/unge frå heile Askøy. Konseptet blei beskrive som vellykka, og ønskast vidareført. Les meir om Sommerkontoret gjennom artikkelen publisert i Askøyværingen i juni 2022. 

Erfaringer frå tiltaket 

Utviklingsarbeidet i «Sammen for levende og inkluderende lokalmiljø og bygder» er en del av «Sammen om nærmiljø og møteplasser» (SoNoM) som er kommunens prosjekt i folkehelseprogrammet. Hovedmålet her er utvikling av kompetanse og bærekraftig modell for å bistå nærmiljø til utvikling av aktiviteter og møteplasser. Kommunen har over tid jobbet med å utvikle et konsept for å bidra til styrkebasert mobilisering av nærmiljø og bygder. Det har derfor vært naturlig å styrke pågående arbeid og prosesser. Mål, tiltak, aktiviteter og evaluering må derfor ses i sammenheng med arbeidet i folkehelseprogrammet.

Tiltakets tre delmål

  1. Vidareutvikle samarbeidet med lokale lag og frivillige organisasjonar for å utvikle møteplassar for alle.
  2. Auke kunnskapen om korleis kommunen kan bidra til å gi alle innbyggjarar høve til å delta i sitt lokalmiljø.
  3. Utvikle kompetanse og ei berekraftig modell for å bistå nærmiljø med utvikling av møteplassar.

1 - Vidareutvikle samarbeidet med lokale lag og frivillige organisasjonar for å utvikle møteplassar for alle

Askøy kommune har mange bygder og nærmiljø, og det er ikkje mogleg å involvere alle stadene i prosjektet samtidig. Denne gongen falt valet på å byggje vidare på det etablerte samarbeidet med FOLK Follese, i samband med "Sammen for levende og inkluderande lokalmiljø og bygder".

Kommunen ser på dette samarbeidet som nyttig, då dei har brukt tid på å bidra med kompetanse på å involvere innbyggjarar breiare, særleg barn og ungdom. Denne kompetansen blir nytta vidare i modellutviklinga og i praktisk samarbeid i andre bygder/nærmiljø under SoNoM.

2 -Auke kunnskapen om korleis kommunen kan bidra til å gi alle innbyggjarar høve til å delta i sitt lokalmiljø

Askøy kommune skriv at eit tett og positivt samarbeid mellom frivilligheita og kommunen har bidrege til at andre enn kun kommunalt tilsette kan fortelje om metoden og tankesettet i utviklingsarbeidet; "Det deles praksisfortellinger og konkrete eksempler på gjennomførte aktiviteter." Ungdom frå Sommerkontoret har hatt føredrag på interkommunal samling for ungdomsråd, og blitt intervjuva i lokalmedia. Vidare er det planar om at dei kan dele sine erfaringar også på andre arenaer i kommunen. FOLK Follese har vore føredragshaldar på Folkehelsekoferansen i 2021, og Liv og Lyst i 2022. Der har dei presentert korleis dei har jobba med ressurskartlegging og medverknad i Follesebygda og kommunen sin konferanse om Aldersvennlig lokalsamfunn som del av Leve hele livet reformarbeid i 2022, med ambisjonar om å spreie kunnskap om metode og tankesett. Folk Follese blir beskrive av kommunen som svært positive til å stille på samarbeidsmøter med andre bygder og lokalmiljø for å dele sine erfaringar.

"Formidling av erfaring med lokal samfunnsutvikling er viktige bidrag i å øke bevissthet og kunnskap om betydningen av inkludering i eget nærmiljø"

- Askøy kommune.

3 - Utvikling av kompetanse og berekraftig modell for å bistå nærmiljø med utvikling av møteplassar

I utviklingsarbeidet "Sammen for levande og inkluderande lokalmiljø og bygder" blir det jobba med modellutvikling gjennom tilpassing av ABCD – Asset Based Community Development til lokale forhold. Eit tiltak i arbeidet er å gi støtte til mobilisering av nærmiljø og lokalsamfunn, slik at tiltak og aktivitetar blir planlagt og gjennomførte av innbyggjarane sjølve. Gjennomførte aktivitetar viser at ved å støtte lokale ressursar og engasjement, bidrar det til at idear blir gjennomførte i praksis. Frå ide til møteplass.

 

Sjå Askøy på kartet