Personvernombod i Vestland fylkeskommune
Maj Britt Brendstuen er personvernombod i Vestland fylkeskommune.
Kva kan personvernombodet hjelpe deg med?
Ho kan hjelpe deg med spørsmål knytta til fylkeskommunen si behandling av dine personopplysningar, og kva rettar du har i samsvar med personvernlova.
Typiske tema du kan kontakte personvernombodet om kan vere innsyn i eigne personopplysninger eller retting av gale personopplysningar som fylkeksommunen har om deg. Personvernombodet kan gi råd og bringe saker vidare i eigen organisasjon.
Personvernombodet har teieplikt
Du skal vere trygg på at kommunikasjonen mellom deg og personvernombodet forblir mellom de to.
Du må ikkje sende sensitive personopplysningar på e-post eller SMS. Slike opplysningar må du enten ta munnleg via telefon, eller bruke sikker e-post via eDialog. Brukar du eDialog skriv då "Personvernombod" i tittel.
Samarbeid med Datatilsynet
Personvernombudet samarbeidar med Datatilsynet og er fylkeskommunen sitt kontaktpunkt for tilsynet ved eventuelle spørsmål. Ved behov kan ombodet også rådføre seg med tilsynet.