Kultur og folkehelse
Avdelinga legg til rette for utforminga av ein sterk og kunnskapsbasert kulturpolitikk i Vestland og samhandlar med stat, kommunar og sivilsamfunn. For å få til dette skal vi:
- støtte opp under eit sterkt og ambisiøst kunst- og kulturliv, for både profesjonelle og amatørar, utvikle relevante verkemiddel og støtte drifta av kulturlivet sine organisasjonar og institusjonar, og prosjekt og tiltak
- bidra til at det er lett å vere fysisk aktiv i Vestland, og leggje til rette for at alle kan vere fysisk aktive kvar dag
- sørgje for at alle, og særleg barn, unge og seniorar, i Vestland får oppleve profesjonell kunst og kultur, fremje kulturtilbod som motverkar inaktivitet og utanforskap og arbeide for betre samhandling mellom kultur- og helsesektoren
- forvalte den nasjonale og regionale kulturarven i Vestland og skape auka forståing og kunnskap om vår eiga historie. Arbeide for å gje gode rammevilkår for musea i Vestland
- ta vare på, formidle og leggje til rette for bruk av arkiv- og kjeldemateriale frå Vestland
- vere ein pådrivar for gode bibliotektenester i Vestland og eit bibliotekfagleg kompetansesenter, som gjev råd til kommunar og bibliotek i vidaregåande opplæring
- koordinere og vere ein pådrivar for oppgåvene fylkeskommunen har innan integrering og inkludering
Avdelinga er leia av direktør Per Morten Ekerhovd.
Oversikt og kontaktinfo til dei tilsette i avdelinga.
Avdelinga har desse seksjonane:
Arkiv
Seksjonssjef: Arnt Ola Fidjestøl
Ei av dei viktigaste arkivoppgåvene til fylkeskommunen er å ta vare på og gjere tilgjengelege både offentleg og privat kjeldemateriale frå Vestland fylke.
Arkiva skal leggjast til rette for at publikum skal kunne bruke arkiv- og kjeldematerialet i ulike samanhengar. Det kan vere som grunnlag for historisk forsking og formidling, dokumentasjon av rettar eller til bruk i samfunnsforvaltning.
Vestland fylkeskommune er medlem av og vertskap for det kommunale oppgåvefelleskapet Kommunearkivordninga i Vestland som tilbyr utviklings- og rådgjevingstenester for kommunane. Kommunearkivordninga har etablert eit fellesdepot for oppbevaring av det eldre arkivmaterialet til kommunane.
I tillegg forvaltar vi samlingar innan privatarkiv, musikk, foto og stadnamn med tilknyting til Vestland.
Kulturformidling
Seksjonssjef: Øyvind Sunde Høstaker
Bibliotekutvikling
Ei viktig oppgåve for Vestland fylkeskommune er å ta hand om regionale bibliotekoppgåver og regional bibliotekutvikling, gi råd til folke- og skulebiblioteka og initiere, leie, finansiere og støtte utviklingsarbeid i biblioteka i Vestland, utvikle nettverk og fremje biblioteksamarbeid i fylket.
Vi arrangerer kvart år ei mengde kurs, seminar, verkstader og konferansar for å auke kompetansen til dei bibliotektilsette i fylket. Målet er at bibliotekpersonalet skal ha den kompetansen som er naudsynt for å møte nye utfordringar og levere gode tenester til innbyggjarane.
Fylkeskommunen utjamnar forskjellar mellom dei kommunale folkebiblioteka gjennom ulike tenester, m.a. ved å organisere og delfinansiere ei transportordning mellom biblioteka i fylket og eit konsortium for innkjøp og utlån av e-bøker og andre elektroniske ressursar.
Fylkesbiblioteket utviklar biblioteknettstader og anna digital formidling, låner ut klassesett og har ulike tiltak for å stimulere barn og unge til å lese.
Kulturproduksjon
Vestland fylkeskommune har ansvar for at kunst og kultur av fremste kvalitet vert tilgjengeleg for alle innbyggjarar i Vestland – og særleg barn, ungdom og seniorar. Det er eit mål at alle som veks opp i Vestland får delta i kulturaktivitetar og får oppleve kunst og kultur der dei bur, og at vi skal ha eit tilpassa kulturtilbod i alle livsfasar
Fylkeskommunen administrerer Den kulturelle skulesekken (DKS) i Vestland. DKS er ei nasjonal satsing som bidreg til at alle skuleelevar får gjere seg kjende med og utvikle forståing for profesjonell kunst og kultur av alle slag. I UKM (Ung Kultur Møtest) legg vi til rette for at kreative barn og unge får utfalde seg som både utøvarar og arrangørar innanfor ei profesjonell ramme.
Gjennom fylkesmusikar- og distriktsmusikarordningane vidarefører og formidlar vi folkemusikktradisjonane i Vestland.
Fylkeskommunen arbeider for å auke kompetansen på samanhengen mellom kultur og helse gjennom nettverksarbeid, prosjekt, kurs og konferansar.
Kulturutvikling
Konstituert seksjonssjef: Tone Stedal Haugland
Seksjon for kulturutvikling støttar opp under eit sterkt og ambisiøst frivillig og profesjonelt kunst- og kulturliv i Vestland. Seksjonen driv utviklingsarbeid på kunst- og kulturområdet, mellom anna gjennom kulturpolitiske prioriteringar og satsingar. Gjennom ei rekke tilskotsordningar skal vi fremje eit aktivt og allsidig kunst- og kulturliv. Vi gir økonomisk støtte gjennom faste driftstilskot til organisasjonar og institusjonar, og prosjektbasert og utviklingsretta støtte. Seksjonen har ei rådgjevande rolle, i nær dialog med kunst- og kulturlivet, kommunane, staten og statlege organ.
Vestland fylkeskommune skal følgje opp kunst og kultur med regional verdi og vere med på å utvikle både det profesjonelle, det frie kunst- og kulturfeltet og det frivillige kulturlivet.
Vestland fylkeskommune satsar på kunstprosjekt i fylkeskommunale bygg og i dei felles uteromma våre. Slik vil vi gje mange høve til å oppleve kunst der dei ferdast i kvardagen.
Fylkestinget og hovudutval for kultur, idrett og inkludering tek politiske avgjersler, mellom anna gjennom tildelingar av tilskot og retningsliner for desse.
Kulturarv
Seksjonssjef: David J. Aasen Sandved
Vestland fylkeskommune skal bidra til å ta vare på og forvalte både den nasjonale og regionale kulturarven vår. Ei sentral oppgåve for seksjon for kulturarv er å byggje identitet og auke forståinga for og kunnskapen om vår eiga historie. Vi samarbeider tett med musea i fylket.
Kulturminna omfattar alle spor etter menneskeleg verksemd og har stort potensial som ressurs i samfunnsutviklinga. Dei skal sikrast gjennom lokal og regional utvikling og arealplanlegging. Fylkeskommunen gjennomfører arkeologiske registreringar i plansaker og gjev fråsegn til tiltak og planar som rører ved kulturminne, kulturmiljø og kulturlandskap.
Fylkeskommunen har fleire tilskotsordningar knytt til kulturminnevern. Vi gjev generell rettleiing og kan òg gje råd i einskildsaker om riving, vedlikehald eller ombygging av verneverdige bygningar.
Fysisk aktivitet og inkludering
Seksjonssjef: Britt Karen Spjeld
Fysisk aktivitet
Vestland fylkeskommune jobbar for å gjere det lett alle i fylket å vere fysisk aktive kvar dag. Fysisk aktivitet er avgjerande for god helse, og fylkeskommunen jobbar for å leggje eit godt grunnlag for god helse for innbyggjarane våre.
Fylkeskommunen har ei rådgjevande rolle overfor både kommunar og lag og organisasjonar. Eit godt kunnskapsgrunnlag, god planforankring, samhandling mellom offentleg, frivillig og privat sektor på ulike nivå kombinert med ei brei medverknad frå innbyggarar er avgjerande for å kunne møte framtidas behov.
I tillegg forvaltar vi ei rekke tilskots- og stipendordningar. Vi skal leggje forholda til rette, men det er i kommunane og i lag og organisasjonar den fysisk aktiviteten blir skapt.
Vi er med og utviklar anlegg for idrett og fysisk aktivitet – både organisert og eigenorganisert – i lokalmiljøa i Vestland. Vi legg til rette for at flest mogleg kan vere mest mogleg aktive i friluft, at friluftsområda er tilgjengelege for alle, og vi jobbar for aktivitetsskapande byrom, parkar og grøntområde.
Inkludering
Medan inkludering handlar om å bygge ned tersklar for deltaking, er integrering avgrensa til innvandring. Fylkeskommunen har fått nye oppgåver frå staten innan integrering, knytt til mellom anna busetjing, rettleiing av kommunar i kvalifiseringsarbeidet deira, forvalting av tilskotsordningar og arbeid med kulturforståing.
Oppgåvene femner om fleire fagfelt, særleg opplæring, næring og kultur. Vestland fylkeskommune skal gjennom samhandling og koordinering internt, bidra til heilskap og oversikt som grunnlag for god tenesteutøving.
Stab
Stabsleiar: Odd Kenneth Mellingen
Staben strategiske oppgåver, som å utvikle strategiar for arbeidet i avdelinga. Dette kan vere å bidra i utviklinga av IT-løysingar, utarbeide IT-strategi, jobbe med IA-arbeid og lage rutinar og retningsliner som gjeld heile avdelinga.
Staben skal også støtte dei andre seksjonane, for å avlaste og forenkle drifta i linja. Dei tilsette i stab er superbrukarar på dei fleste felles IT-systema, følgjer opp budsjett og rekneskap, hjelper med rekruttering og ser til at rutinar og regelverk vert følgde opp.