Eigedom og utbygging
Eigedom og utbygging er Vestland fylkeskommune si fagavdeling for bygge- og eigedomssaker.
Avdelinga består av seksjonane
- stab
- system og utvikling
- utbygging
- drift og vedlikehald
- forvaltning
- Bybanen utbygging
Jostein Fjærestad er direktør for avdelinga.
Eigedom og utbygging utøver fylkeskommunen si eigarrolle og tek vare på byggherrefunksjon og prosjektleiing i byggesaker. Avdelinga er og ansvarleg for forvaltning, drift, vedlikehald, reinhald og utvikling av fylkeskommunen sine eigedomar og eigedomstenester.
Bygningsmassen omfattar mellom anna:
- vidaregåande skular
- tannklinikkar kollektivanlegg
- kultur- og administrasjonsbygg
Avdelinga arbeider også med å bygge Bybanen i Bergen gjennom seksjonen Bybanen utbygging. Eigedom og utbygging er ansvarleg for grunnerverv, anskaffingar, prosjektering og utbygging av infrastrukturen til Bybanen i Bergen fram til og med godkjenning av ferdig anlegg.
Utbygging av Bybanen blir finansiert av Bypakke Bergen, som ein del av Miljøløftet. I påvente av vidare politiske avklaringar knytt til traseen til Åsane er organisasjonen vedteken nedskalert frå hausten 2024.