Vil gi fleire unge sjansen til å fullføre fagbrev

Fylkestinget vil at fleire unge som treng ekstra oppfølging, skal få betre moglegheit til å få læreplass og fullføre fag- eller sveinebrev. No ber fylkestinget lærebedrifter, kommunar og fylkeskommunen sjølv om å ta større ansvar.

Person i oransje arbeidsklær som sveiser
FLEIRE I LÆRE: Fylkestinget vil at fleire skal få læreplass og fullføre fag- eller sveinebrev. Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune

Vestland er det største fag- og yrkesopplæringsfylket i landet. Likevel er det mange unge som ønskjer læreplass som ikkje får det. Det gjeld særleg søkjarar med faglege, sosiale, helsemessige eller samansette utfordringar. Dersom dei ikkje får læreplass, aukar risikoen for at dei fell ut av opplæring og arbeidsliv.

– Alle som kan fullføre eit yrkesfagleg opplæringsløp, må få ein reell sjanse til det. Vi treng fleire fagarbeidarar i Vestland, og då har vi ikkje råd til å la unge som treng litt ekstra oppfølging, bli ståande utanfor, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Det betyr at fleire unge skal få tilpassa opplæring, tett oppfølging og betre overgangar mellom skule og arbeidsliv. 
 
– Det er viktig at fylkeskommunen samhandlar med samarbeidsorgan, lærebedrifter, kommunar og andre aktørar for å sikre læreplass til desse søkjarane. Det er viktig for den enkelte søkjar, men også heilt nødvendig fordi arbeidslivet har eit aukande behov for fagarbeidarar, seier Askeland. 
 
Det er auka innsøking til yrkesfaglege utdanningsprogram  i Vestland og behovet for fleire og meir varierte læreplassar aukar.  

Sett saman med den utvida retten til fullføring etter ny opplæringslov gjev dette fylkeskommunen eit større ansvar for å sørgje for reelle og inkluderande opplæringstilbod for alle. 

Lærebedriftene må få støtte

Fylkestinget oppmodar alle lærebedrifter om å prioritere søkjarar med særlege utfordringar til læreplass. Samtidig skal lærebedriftene få støtte og rettleiing, slik at fleire kan gjennomføre læretida og gå opp til fag- eller sveineprøve. 

Fylkestinget forventar at offentlege lærebedrifter går føre. Det gjeld både kommunane og Vestland fylkeskommune sjølv. Der fylkeskommunen har relevant produksjon, skal fylkeskommunen som lærebedrift prøve å tilby lærekontrakt til kvalifiserte søkjarar som ikkje har fått læreplass, framfor alternativ opplæring i skule. 

Arbeidet skal skje i samarbeid med lærebedrifter, opplæringskontor, Nav, kommunar og partane i arbeidslivet. Inkludering i fag- og yrkesopplæringa skal også vere tema i fylkeskommunen sin dialog med kommunane.