Vil bruke stipend for å lære opp andre i tradisjonsrik byggeteknikk

– Eg ønskjer å vise at teknikkar som har fungert i hundrevis av år, også kan vere del av løysinga på framtidas klimavenlege byggemetodar, seier Katarina Kierulf frå Bergen. No får ho 50 000 kr i utviklingsstipend i tradisjonshandverk frå Vestland fylkeskommune.

Kvinne lagar vegg av halm og leire
STIPEND: Katarina Kierulf får årets utviklingsstipend i tradisjonshandverk frå Vestland fylkeskommune. Ho brukar leire og jord som materiale i byggeprosjekt. Her er ein vegg av halm og leire i ferd med å ta form. (Foto: Foto: Kaisa Olivia Zullo)

Kierulf brukar leire og jord som byggemateriale, og har jobba med dette sidan tenåra. Sidan har ho fordjupa seg både praktisk og teoretisk, gjennom europeiske kurs og ved å bruke og produsere leirematerialane i fullskala bygg og installasjonar.

– Eg deltok tidleg på byggeprosjekt og fekk innsikt i kva jord og leire faktisk kan gjere som konstruktive og estetiske byggematerialar, fortel Kierulf, som opphavleg er frå Slovakia.

Leire
Lokal leire lagt i blaut for puss-blanding. Bildet er frå eit kurs Kierulf hadde for NTNU studentar. (Foto: Eivor Runde Barlaug/ Studio Beta)

Fagleg anerkjenning

Utviklingsstipendet i tradisjonshandverk skal bidra til å ta vare på den immaterielle kulturarven i fylket, blant anna ved å dokumentere og utøve eldre handverkstradisjonar. For Kierulf betyr stipendet veldig mykje.

– Eg opplever det som ei viktig fagleg anerkjenning, og som eit løft som gjer det mogleg for meg å utvikle handverket mitt vidare. Stipendet gir meg rom til å fordjupe meg i og utforske potensialet i vestlandsleire. Slik kan eg bidra til å styrke tradisjonen for bruk av leire i norsk byggekultur. Eg trur også det er ein del av løysinga for å bygge meir klimavenleg, seier ho.

Kurs i Bergen

Kierulf, som er utdanna arkitekt, har dei siste åra undervist og halde workshops ved ulike arkitektur- og fagskular i Noreg. No vil ho bruke stipendet til å både dele og utvikle kunnskapen sin.

– Eg vil utvikle og halde praktiske kurs i leirepuss i Bergen. Eg vil også undersøke og teste lokal vestlandsleire som byggemateriale. Meir spesifikt har eg tenkt å bruke ein del av pengane på å bygge prøveveggar for å halde sertifiserte kurs i leirepuss for dei som vil jobbe med handverket profesjonelt, seier ho.

Kvinner pussar på vegg av leire.
Tradisjonelt blei leirpuss, kjent som rapping i Noreg, brukt på tømmerveggar. Leirpuss kan også brukast på ei rekke andre underlag, blant anna stein, murstein, leireplater og gips. (Foto: Earth Collective)

Kierulf har ein plan om å utvikle lokale blandingar til puss og golv, slik at det ikkje skal vere nødvendig å importere leire til dei grove laga frå utlandet. Målet hennar er å gjere lokal leire meir tilgjengeleg som byggemateriale og vise korleis slik leire kan brukast på ein profesjonell, trygg og moderne måte, både i gamle og nye bygg.

Utviklingsstipendet i tradisjonshandverk blir truleg lyst ut på nytt i 2026. Oppdatert informasjon om stipendet og søknadsfrist blir lagt ut på denne sida.