Vestlandsmøtet 2026: Vi må førebu oss på urolegare tider

– Det er nokre forsamlingar det kjennes ekstra viktig å snakke til, og de er ei slik forsamling, og særleg akkurat no. Det sa statssekretær Marte Gerhardsen i Forsvarsdepartementet til dei over 300 som var samla til årets vestlandsmøte i Grieghallen.

foto av kvinne på ei scene
VESTLAND VIKTIG ROLLE: Hovudinnlegget på Vestlandsmøtet 2026 var ved statssekretær Marte Gerhardsen i Forsvarsdepartementet. Ho framheva Vestland si viktige rolle i forsvarssatsinga. (Foto: Silje Alvsaker, Vestland fylkeskommune)

Nok ein gong var det tid for å fylle Peer Gynt-salen for det årlege Vestlandsmøtet i regi av fylkesordførar Jon Askeland og fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davies. I salen sat stortingsrepresentantar frå Vestland, representantar frå kommunar, næringsliv, organisasjonar og andre viktige samarbeidspartnarar.

Tettare samarbeid over landegrenser

Med årets tittel «Når alt står på spel – korleis lukkast Vestland?» skal Vestlandsmøtet ta opp viktige tema for regionen i 2026, styrkje samspelet mellom aktørar, og sjå korleis vi best mogleg skal jobbe saman for Vestland.

– Verda er nærast ikkje til å kjenne igjen. Vi står overfor ei uroleg tid der tryggleik står sentralt. Tryggleik blir dyrka saman med forbundsfellane våre i Norden, med EU og med vennene våre i Storbritannia. Desse banda må vi dyrke og styrke, sa fylkesvaraordførar Stian Davies i opningstalen.

– Dei nye ubåtane våre vert bygde i Tyskland, og dei kjem til å bruke Haakonsvern som sin verkstad. Samarbeid med Tyskland og Nato-landa er kjempeviktig. Fornying av flåtestyrken og investeringane på Haakonsvern er Noregs viktigaste bidrag i NATO, og det skjer hjå oss i Vestland, sa Askeland.

foto av to personar på ei scene
VERTSKAP: Fylkesvaraordførar Stian Davies og fylkesordførar Jon Askeland var tradisjonen tru vertskap for årets vestlandsmøte. (Foto: Silje Alvsaker, Vestland fylkeskommune)

Demokrati i fast track

Askeland oppmoda og til eit demokratisk taktskifte, der demokratiet i enkelte politikkområde må gå i fast track.

– På dei fleste områda skal vi vedlikehalde demokratiet gjennom det ordinære politiske ordskiftet. Men vi må sørge for at vi ivaretek tryggleik og beredskap utan misforståtte politiske prosessar som forseinkar nødvendige handlingar. 

– Dersom tilfluktsrom eller våpenlager skal byggjast i morgon, kan ikkje plan- og bygningslova gje fire års utgreiingar før vedtak. Du ringer liksom ikkje til Putin og ber han vente på planprosessane våre, sa Askeland.

Til foto frå Vestlandsmøtet 2026

– Vestland spelar ei sentral rolle

Hovudinnlegget i år var ved statssekretær Marte Gerhardsen i Forsvarsdepartementet.

– Det er nokre forsamlingar det kjennes ekstra viktig å snakke til, og de er ei slik forsamling, og særleg akkurat no. Vi lever i ei tid som er meir uroleg enn nokon gong, og Vestlandet spelar ei heilt sentral rolle i det arbeid vi gjer for å styrke forsvarsevna vår og for å trygge landet vårt. De bidreg til å gjere Noreg meir trygt, opna Gerhardsen og trekte fram det nyoppretta Forsvarsforum Vestland som eit godt initiativ.

Ho sa vidare at Noreg kjem til å bruke mykje ressursar framover på å styrke forsvarsevna. Statssekretæren la vekt på at det vil krevje stor innsats frå både næringslivet og det offentlege, og at alle gode krefter må stå saman og dra i rett retning.

Forsvarsevne er viktig, men endå viktigare er forsvarsvilje.

– Det å bygge forsvarsvilje, at vi har ein befolkning som er villig til å stille opp og vere der når det trengs, er heilt avgjerande. Det kan vi ikkje vedta på Stortinget. Det må vi bygge kvar dag, i klasserommet, på arbeidsplassen, i kommunar og fylkeskommunar.

Må førebu oss på både krig og ekstremvêr

Neste på scenen var assisterande statsforvaltar i Vestland, Gunnar O. Hæreid. Han snakka om fylkesberedskapsrådet, og korleis vi førebur oss på ulike typar kriser.

– Ein krig kan verke fjernare enn ekstremvêr som vi har ganske ofte i Vestland. Likevel må vi ta innover oss at verda er dramatisk endra dei siste åra. Alle må så godt vi kan gjere både ekstremvêr og krig til tema vi førebur oss mentalt på. Saman må vi prøve å konkretisere kva det inneber for oss, og ta det med i vår planlegging for tenestene. Vi må hugse på at jo betre førebudde vi er på ein krig, jo mindre sannsynleg er det at det vert ein krig, slik er spelet, sa Hæreid.

foto av mann på ei scene
VI MÅ VERE BUDDE: Assisterande statsforvaltar i Vestland, Gunnar O. Hæreid held innlegg om fylkesberedskapsrådet, og korleis vi førebur oss på ulike typar kriser. (Foto: Silje Alvsaker, Vestland fylkeskommune)

I løpet av dagen var det også sett av tid til fire vestlandsdialogar, der politikarar og først og fremst stortingsrepresentantane frå fylket møttest for å diskutere ulike tema som var sentrale for dagen. Dialogane var leia av Guro Valland i BA og Erlend Blaalid Oldeide i Gudbrandsdølen Dagningen.

Fellesskap og engasjement

I ei verd med mykje uro og usikkerheit, er det viktig å også ta vare på og løfte fram det som samlar. På årets vestlandsmøte var dette representert ved idretten. 2025 var eit stort år for idretten i Vestland, med blant anna VM i vektløfting i Førde, U23 EM i friidrett i Fana, friidretts-NM på Askøy og seriegull til Brann Kvinner.

– Idrett skaper fellesskap, stoltheit og engasjement. Det bind regionar saman og skapar felles jubel for Vestland, sa fylkesvaraordførar Stian Davies.

Styreleiar Pål Hafstad Thorsen i U23 EM drog opp eit endå større bilde.

– Det er viktigare enn nokon gong å samle Europa til felles innsats og idrettsglede. Det var stas å samle Europa til eit arrangement med både idrettsglede og engasjement.

Handlar om å høyre til

Både U23 EM i friidrett og VM i vektløfting var store arrangement med svært mange frivillige. U23 EM trengde 600 frivillige midt i fellesferien, og etter eit krafttak to veker før opninga, hadde det meldt seg endå fleire. Under VM i vektløfting var det til saman 940 frivillige i sving i løpet av dei ti dagane meisterskapet varde.

Pål Hafstad Thorsen og Stian Grimseth
MEISTERSKAP: Vestland var vertskap for både U23 EM i friidrett og VM i vektløfting i 2025. Til saman engasjerte meisterskapa, her representerte ved Stian Grimseth (t.v.) og Pål Hafstad Thorsen, over 1500 frivillige. (Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune)

– Dette er heilt unikt for Noreg, folk i andre land skjønnar det ikkje. Det deltakarane og dei besøkande til VM sit att med som den store opplevinga, er folka våre og krafta i folka. Vi treng eldsjelene, slo Stian Grimseth, dagleg leiar for VM, fast.

Marknads- og medieansvarleg i Brann Kvinner, Mette Hammersland, fortalde at i Brann har dei tre lag: A-laget for herrer, A-laget for kvinner og frivilliglaget.

– Vi har laga eit godt miljø for dei frivillige. Dei er «laget bak laget» og skal kjenne seg like viktige som dei to A-laga. Alle frivillige høyrer til i eit lag. Det er noko med det å vere ønska, det er det det handlar om, å ha ein plass å høyre til, sa Hammersland.

Mette Hammersland i Brann Kvinner og Malene Joensen i Idrettsklynge Vest.
LØFTA FRAM DEI FRIVILLIGE: Mette Hammersland er marknads- og mediaansvarleg i Brann Kvinner, og fortalde blant anna om kor viktige dei frivillige er i suksessen klubben har opplevd dei siste åra. (Foto: Silje Alvsaker/Vestland fylkeskommune)

Fekk jobb på dagen

Utanforskap og mangel på arbeidskraft var eit av fleire tema under møtet. Pål Sande Magnussen frå Rettleiingstenesta Bergen Sør i Vestland fylkeskommune, Vegard Vike, direktør i EBA Vestenfjelske og Felix Hellesø Steen delte erfaringar.

"Rett i jobb" er eit tilbod til unge vaksne mellom 19 og 30 år som står utanfor arbeidslivet og som ynskjer å få seg ein jobb. Tilbodet er ein del av prosjektet Inkludering i Vest, som har som mål å få 15 000 fleire ut i jobb i løpet av fem år.

– Per i dag er elleve kandidatar ein del av "Rett i jobb", og ein jobbar med å få med fleire. Tett oppfølging, gruppekjensle og tilhøyrsle er stikkord når kandidatane startar opplæring i ei verksemd, sa Magnussen.

Felix Hellesø Steen har fått jobb gjennom prosjektet. Han fortalde at start-samtalen han hadde med verksemda han no jobbar i, tok ein halv time. Neste dag var han på plass i jobb.

foto av to menn på ei scene
RETT I JOBB: Pål Sande Magnussen (til v.) frå Rettleiingstenesta Bergen Sør i Vestland fylkeskommune og Felix Hellesø Steen delte sine erfaringar med satsinga Rett i jobb. (Foto: Silje Alvsaker, Vestland Fylkeskommune)

Vil ha sommarjobb-løft for unge

Marcus André Berntzen Askildsen, leiar i Vestland ungdomsutval (VU) kom med eit klart bodskap under Vestlandsmøtet:

– Vi ønsker at alle unge som kjem ut av grunnskulen skal få eit tilbod om sommarjobb, eller vite at dei har moglegheit til å få seg sommarjobb over minimum to veker.

Det er om lag 7600 som går ut frå ungdomsskulen i Vestland kvart år. I fjor vart prosjektet Sommarjobb i Vest, etablert. Det er eit samarbeid mellom Vestland fylkeskommune, NHO Vestland og nav.

– Då greidde vi å auke talet på sommarjobbar til unge med 25 prosent. Det er ein kjempebra start, og vi vil så klart ha meir. Eg vil oppmode alle i salen til å opne dørene og tilby unge jobb, sa Askildsen.

foto av person på ei scene
JOBB TIL UNGDOM: Marcus André Berntzen Askildsen, leiar i Vestland ungdomsutval oppmodar verksemder, kommunar og andre om å tilby sommarjobb for unge i 2026. (Foto: Silje Alvsaker, Vestland fylkeskommune)

Oppmoda til samarbeid

Fylkesdirektør Robert Rastad avslutta si første veke på jobb med å halde sitt første offisielle innlegg under Vestlandmøtet.

– For oss er det ikkje enkeltkommunegrenser, det er eitt stort fylke. Eg gler meg veldig til å samarbeide med dykk. Saman kjem vi til å løfte Vestland vidare. Vi skal løfte blikket og i fellesskap få til den store omstillinga vi alle treng, både i offentleg og privat sektor, sa Rastad.

foto av person på scene
SAMARBEID: Nytilsett fylkesdirektør Robert Rastad gler seg til å samarbeide med kommunar og andre aktørar i fylket. – Saman kjem vi til å løfte Vestland vidare, sa han. (Foto: Silje Alvsaker, Vestland fylkeskommune)

Alle kommunane i fylket er viktige samarbeidspartar for Vestland fylkeskommune, og mange av dei var også representerte i salen. Siste del av Vestlandsmøtet var sett av til kommunane, med regiondirektør Christine Haver i KS sine betraktningar om korleis vi kan handtere og forsvare den norske modellen. Og den siste vestlandsdialogen fekk stortingsrepresentantane Marthe Hammer (SV), Kjersti Toppe (Sp) og Silje Hjemdal (FrP) høve til å «helse heim».

– Vi er forsvaret

Samarbeid og nye løysingar var eit gjennomgangstema i fleire av innlegga på Vestlandsmøtet. Martijn Bergink i Alfa Laval fortalde om Framo sine rekordinvesteringar i innovasjon, kompetanse og industri. Opplæringsavdelinga i Vestland fylkeskommune har hatt eit eige innovasjonsprosjekt i haust, då nær alle rektorane på dei vidaregåande skulane bytte skule for ei veke. Direktør Bjørn Lyngedal og rektor på Stord vgs., Ellen Strandenes, delte erfaringar.

Nettopp samarbeid og fellesskap var også noko av det fylkesvaraordførar Stian Davies trekte fram då han oppsummerte konferansen. At sjølv om det er Stortinget som har vedteke å ruste opp Forsvaret, så krev det noko av oss alle.
– Vi må alle bidra – folk, det offentlege, næringslivet – for det er summen av oss alle som utgjer forsvaret av landet vårt, sa han.

Sjå Vestlandsmøtet 2026 i opptak og få med deg alle innlegga