Vestlandet mobiliserer for E39 inn i Nasjonal transportplan
Onsdag 15. april samlar Vestlandsrådet byar og kommunar, politikarar, næringsliv og fagmiljø til mobiliseringskonferansen «Slaget om E39 Vestlandsvegen i Nasjonal transportplan 2029–2040». Møtet er på Scandic Flesland Airport.
– No handlar det om å samle Vestlandet for å få på plass raskare og betre gjennomgåande kommunikasjonar i landsdelen. Skal vi få gjennomslag i Nasjonal transportplan (NTP), må vi klare å samle oss, elles forsvinn enno meir av NTP-midlane til jernbaneutbygging austafjells, seier fylkesordførar Jon Askeland, leiar av Vestlandsrådet.
På konferansen blir det lagt fram ein fersk rapport av Oslo Economics med eit oppsummert kunnskapsgrunnlag for prioritering og satsing på utbygging av E39 Vestlandsvegen.
På programmet vil det òg i regi av tenketanken Initiativ Vest bli presentert ein alternativ utbyggings- og finansieringsstrategi for vegstrekninga.
– Dette er eit gjennomgåande samferdselsprosjekt som vil knyte Vestlandet tettare saman som bu- og arbeidsmarknad. Landsdelen blir meir attraktiv og konkurransekrafta vår vert styrkja, seier Askeland.
Konferansen samlar også stortingspolitikarar frå Vestlandet, kommunar, regionråd og næringsliv.
– Vi veit at konkurransen om vegmidlane er harde. Difor er det avgjerande at Vestlandet står samla om dei viktigaste strekningane på E39 Vestlandsvegen. Dette er ei mobilisering. No må vi bruke kunnskapen, stå saman, og sørgje for at Vestlandet blir prioritert, seier Askeland.