Vestland fylkeskommune tilrår heimekontor for tilsette i Bergen
Det er varsla høg luftforureining i Bergen også i komande veke. For å redusere trafikken oppmodar vi tilsette i fylkeskommunen som har høve til heimekontor, om å nytte dette så langt det er mogleg komande veke.
Bergen kommune har fredag kveld bede om at arbeidstakarar i Bergen nyttar seg av heimekontor komande veke. Dette gjeld arbeidstakarar som har ein jobb som gjer heimekontor mogleg.
– Vestland fylkeskommune følgjer oppmodinga frå Bergen kommune, og ber om at våre tilsette i Bergen som kan nytte heimekontor, gjer det i komande veke, seier fylkesdirektør Robert Rastad.
Han presiserer at dette hovudsakleg gjeld tilsette ved Vestlandshuset, men også andre merkantilt tilsette i sentrumsområdet som har moglegheit for heimekontor.
Han presiserer at dette hovudsakleg gjeld tilsette ved Vestlandshuset, men også andre merkantilt tilsette i sentrumsområdet som har moglegheit for heimekontor.
Oppmodinga om bruk av heimekontor gjeld også tilsette som til dagleg brukar kollektivtransport. Det kan frigi kapasitet i kollektivtilbodet til arbeidstakarar i Bergen som må møte fysisk på jobb, men som då vel kollektiv framfor bil.
Vestland fylkeskommune har dialog med Bergen kommune knytt til andre tiltak for å redusere svevestøvet frå trafikken som står for mykje av luftforureininga.
For spørsmål, kontakt
fylkesdirektør Robert Rastad, tlf 416 01 787