Vestland fylkeskommune støttar tilrådd bybanetrasé – men stiller krav
– Vi er positive til at Bergen kommune sin tilrådde trasé mellom Dokken og Lyngbø blir grunnlaget for vidare planlegging. Samtidig stiller vi tydelege krav til at Bybanen må planleggjast heilskapleg mellom sentrum og Loddefjord, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Fylkesutvalet behandla saka 21. mai som del av høyringa av konsekvensutgreiinga for bybanetrasé og gang- og sykkelbru over Puddefjorden. Bergen kommune skisserer her alternative traséar for bybane frå Dokken til Lyngbø, med anbefaling av trasé for vidare planlegging. Konsekvensutgreiinga er del av arbeidet med kommunedelplan for kollektiv Laksevåg.
Første del av planarbeidet
Dette er første fase av planarbeidet for bybane mellom sentrum og Loddefjord, og ei oppfølging av vedtatt tematisk kommunedelplan for kollektivsystem Vest (kollektivplanen). Bergen kommune har samtidig sendt ut konsekvensutgreiing for gang- og sykkelbru over Puddefjorden, med anbefaling av trasé, på høyring.
Fagleg grunnlag
Konsekvensutgreiinga skal gi eit fagleg grunnlag for å velje trasé. Etter høyring vil bystyret i Bergen gjere vedtak om kva trasé som skal planleggast vidare.
Her er den vedtekne høyringsuttalen frå Vestland fylkeskommune
1. Kommunedelplanen er avgrensa til strekninga Dokken–Lyngbø. Arbeid med traséval for bybane for heile strekninga mellom Bergen sentrum og Loddefjord må setjast i gang, slik at vidare prioriteringar kan vurderast heilskapleg. Fylkesutvalet føreset at løysingar på delstrekninga ikkje legg føringar som svekkjer vidare utvikling av korridoren frå sentrum til Loddefjord.
2. Fylkesutvalet støttar tilrådinga til Bergen kommune om at trasé A3–A4 kombinert med V1 vert lagt til grunn for vidare planarbeid. På bakgrunn av kunnskapsgrunnlaget som er sendt på høyring, svarar A3–A4 noko betre enn B1 på arbeidsdeling mellom buss og bane og dei regionale og nasjonale interessene som fylkeskommunen skal ivareta.
Føresetnaden for vurderinga er at Damsgårdveien vert halde open for gjennomkøyring med personbil eller at alternativet oppnår tilfredsstillande trafikkavvikling på annan måte. Dersom dette ikkje vert oppfylt i vidare planarbeid, må fylkeskommunen vurdere alternativa på nytt.
Videre ynskjer fylkestuvalet at ein planlegger for ei dagløysing mellom Dokken og sentrum
3. Fylkesutvalet rår i frå alternativa i dagen i Damsgårdveien (A1-A4, B4 og C2-4) av omsyn til trafikkavvikling og kulturmiljø. Alternativa er vurderte å medføra uakseptable fysiske inngrep og høg visuell dominans. Dersom eitt av desse alternativa vert lagt til grunn, vil vi vurdere å fremje motsegn på grunnlag av store negative konsekvensar for trafikkavvikling når planen kjem på høyring.
4. Fylkesutvalet meiner det er uheldig at ulike trasealternativ som ville gitt eit betre samla kunnskapsgrunnlag, er silt bort før sjølve konsekvensutgreiinga.
5. Fylkesutvalet vil i det vidare planarbeidet legge særleg vekt på følgjande tema:
a. redusere risiko knytt til trafikkavvikling i fylkesvegnett og tilhøyrande kryss, inkludert Gyldenpriskrysset
b. tiltak for å betre bussframkome
c. utforming, funksjonalitet og kvalitet på byttepunkt mellom buss og baneSaksnr: 2023/37091-31 Side 2 av 18
d. haldeplass-struktur og tilgjenge i bystrukturen
e. optimalisering av fjordkryssing og forholdet til tomta til Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet
6. Fylkesutvalet legg særleg vekt på samanhengande gang- og sykkelsamband mellom Bergen sentrum og Bergen vest. Løysingar for sykkel og kollektiv må i størst mogleg grad verte lagt i separate eller parallellførte løp, med omsyn til både tryggleik, kapasitet og tilbodskvalitet.
7. Fylkesutvalet meiner det er positivt for samla mobilitet at det vert lagt til rette for ny gang- og sykkelbru som knyter byutviklingsområda på kvar side av Puddefjorden saman. Brua er ikkje tilknytt fylkesveg i framtidig situasjon, og det fylkeskommunale hovudsykkeltilbodet i området er lagt til Kringsjåveien. Fylkesutvalet legg til grunn at brua ikkje skal byggjast, eigast eller driftast av fylkeskommunen.
8. Fylkesutvalet vurderer at i vidare planprosess må det arbeidast med å avklare konsekvensane trasevalet får for kostnader, gjennomføring, omfang av tiltak på tilgrensande vegnett og annan infrastruktur, og driftskostnader knytt til kollektivtilbodet. For å sikre gjennomføring må det bli arbeidd med å redusere risiko og kompleksitet i prosjektet, slik at dei økonomiske konsekvensane for fylkeskommunen vert akseptable.
9. Fylkesutvalet meiner at kommunen saman med partane må arbeide for å sikre både private og offentlege bidrag til finansiering av bybane og andre nødvendige tiltak.
Vil du vite meir?
For meir informasjon om traséval (m.a. kart og illustrasjonar), les saksframlegget.