Vedtok viktige avklaringar for nye ferjekontraktar frå 2030
Fylkesutvalet har vedteke strategiske rammer og føringar for to ferjesamband i Hordaland.
I møte 3. juni behandla utvalet ein oppfølgingssak om to ferjesamband som trengte vidare avklaring. Dette er del av ein pågåande prosess for førebuing av ny konkurranseutsetting av ferjedrifta i Hordaland, med oppstart av nye kontraktar i 2030.
– Ferjetilbodet er grunnleggjande for at folk og næringsliv i Vestland skal kunne kome seg fram. Det er viktig at vi sikrar eit robust og føreseieleg tilbod også i åra som kjem, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Vidarefører samband
Fylkesutvalet vedtok at sambandet Sydnes–Fjelberg–Borgundøy–Utbjoa vert vidareført med same rutetilbod som i dag. Sambandet er avgjerande for fastlandstilknyting for Fjelbergøy og Borgundøy, og dekker mellom anna viktige behov for skule- og arbeidsreiser i området.
Fylkesutvalet vedtok også at administrasjonen skal jobbe vidare med vurderingar av framtida for Utne–Kinsarvik. Ved å leggje til grunn ei opningstid som samsvarer med tidspunkt på dagen der behovet er størst, og å vurdere ulike typar fartøy, vil fylkeskommunen sjå på om det er mogleg med ei rimelegare løysing for å vidareføre sambandet.
Reserveferje for tre ferjestrekningar
For å sikre eit stabilt ferjetilbod ved driftsavbrot vil fylkesutvalet ha ei eiga reserveferje i kontrakten for sambanda Skjersholmane–Ranavik, Jektavik–Hodnanes–Nordhuglo og Utåker–Matre–Skånevik.
Fylkesutvalet vedtok at fylkeskommunen i det vidare arbeidet med anbodet skal vurdere korleis eksisterande infrastruktur kan nyttast i størst mogleg grad, og korleis kravspesifikasjonar vert utforma på ein måte som ikkje medfører krav om nybygg på alle samband.
Høgare kostnadar
Dei samla årlege kontraktskostnadene for ferjer frå 2030 er vurderte å liggje i intervallet mellom 1,6–2,0 milliardar kroner (2025-kroner), samanlikna med dagens kostnad på om lag 1,265 milliardar.
Ei sak om samla løysingar for ferjene i Hordaland før konkurranseutsetting vil bli lagt fram til politisk behandling til hausten.
Fylkesutvalet vedtok i 2025 strategiske rammer og føringar for nye ferjekontraktar i Hordaland. Sjå politisk sak PS 239/2025 frå fylkesutvalet 21. oktober 2025.