Innstiller NCC til å bygge Atløysambandet
Vestland fylkeskommune vil gje oppdraget med å bygge Atløysambandet til entreprenørfirmaet NCC Norge, etter fleire månader med forhandlingar om storkontrakta.
– Det var tett, men NCC leverte det beste tilbodet med ein pris på 1,471 milliardar kroner, seier Dina Lefdal, direktør for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune.
Vil signere kontrakt i juli
Fylkeskommunen sendte tildelingsbrev om kontrakta 19. juni 2026. Dei to andre tilbydarane som var med i anbodskonkurransen var Implenia Norge og Skanska Norge. Dei har no ti dagars klagefrist før kontraktsignering kan skje. Anskaffinga er gjennomført etter prosedyren «konkurranse med forhandling».
– Dersom det ikkje kjem klagar på tildelinga, så vil vi signere kontrakt med NCC straks etter karensperioden er ute. Deretter går vi i gang med samhandling med entreprenør og andre førebuingar over sommaren, seier Dina Lefdal.
Prosjektet nådde denne veka to viktige milepålar: politisk fleirtal i fylkestinget for byggestart, og offentleggjering av kven som etter alt sigande får jobben.
Tre bruer, ei på over 900 meter
Atløysambandet er eit ferjeavløysingsprosjekt som skal gje fastlandsforbindelse mellom kommunesenteret Askvoll og Atløy. Helge Jostein Follevåg i avdeling for infrastruktur og veg i Vestland fylkeskommune er prosjektleiar for bygging av sambandet.
Prosjektet omfattar tre bruer og gang- og sykkelveg heilt frå Askvoll skule til Atløy skule. To av bruene er mindre betongplatebruer, medan den største og lengste brua vil gå over Granesundet og bli på omlag 900 meter lang med ei seglingshøgd på 42 meter. I tillegg til bruene kjem vidareføring og bygging av vegar på fastlandet og på øyane.