Ti gonger meir miljøvennleg enn å byggje ny veg
Vestland fylkeskommune forsterkar eksisterande fylkesvegar for å redusere vedlikehaldsetterslepet og kutte klimagassutslepp. Det gir betre vegstandard med lågare kostnader og mindre miljøpåverknad.
Vestland fylkeskommune satsar på forsterking av eksisterande fylkesvegar for å betre vegstandard, redusere vedlikehaldsetterslep og nå klima- og miljømål. Forsterkingsprogrammet gir store gevinstar samanlikna med å byggje ny veg eller å masseutskifte eksisterande vegkropp.
I Vestland har om lag 25 prosent av fylkesvegnettet behov for forsterking. Kostnaden er rekna til rundt fire milliardar kroner. Til samanlikning er det samla vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegnettet estimert til om lag 20 milliardar kroner.
– Forsterking av veg er eit målretta tiltak som gir mykje igjen for investeringa. Vi kan forlengje levetida på vegane og samtidig ta ned etterslepet betydeleg, seier byggeleiar John Hermud Hauge i Vestland fylkeskommune.
Store delar av vegnettet har dårleg dekke
Rundt 1400 kilometer av fylkesvegane i Vestland har i dag dårleg eller svært dårleg dekke. Ved å forsterke desse strekningane og leggje nytt dekke, blir vegane meir robuste og får lengre levetid.
Forsterkingsprogrammet omfattar også tiltak på dreneringssystem, vegoverbygg, murar og rekkverk. Samla kan dette redusere vedlikehaldsetterslepet med om lag fire milliardar kroner.
– Når vi oppgraderer fleire delar av vegen samtidig, reduserer vi behovet for akutte reparasjonar seinare. Det gir lågare kostnader til drift og vedlikehald over tid, seier Hauge.
Betydelege klima- og miljøgevinstar
Forsterking av veg er også eit viktig klimatiltak. Metodar som djupstabilisering gjer det mogleg å gjenbruke massar på staden, noko som reduserer transport og bruk av tungt utstyr.
Utrekningar frå delstrekningar på fylkesveg 5160 i Hausdalen i Bergen kommune viser at det kan vere om lag ti gonger meir klimavenleg å djupstabilisere vegen enn å masseutskifte han.
– Ved å redusere behovet for massetransport og dieselbruk, blir klimaavtrykket vesentleg lågare. Dette er ein viktig del av det systematiske klimaarbeidet vårt, seier Hauge.
Meir robuste vegar
Forsterkingsprogrammet bidreg til betre drenering og jamnare vegdekke. Dette gjer vinterdrifta enklare og reduserer risikoen for skadar ved kraftig nedbør.
Tiltaka gir også vegar som er betre rusta til å handtere klimaendringar og meir ekstremvêr.
– Forsterking handlar både om tryggleik, framkome og beredskap. Vi styrkjer vegnettet for framtidige belastingar, seier Hauge.
Her er liste over alle vegstrekningane
| Veg |
Lengde i meter |
Når |
| Stongfjordvegen | 1000 | 2025 |
| Åfjordvegen 1. | 550 | 2025 |
| Åfjordvegen 2. | 175 | 2025 |
| Seljevegen | 3605 | 2026 |
| Torheimsvegen | 850 | 2026 |
| Torheimsvegen | 300 | 2026 |
| Torheimsvegen | 1950 | 2026 |
| Flatråkervegen | 1765 | 2026 |
| Hollekjevegen | 590 | 2026 |
| Mykingvegen | 660 | |
| Mykingvegen | 550 | |
| Mykingvegen | 1050 | 2026 |
| Skauvegen | 3338 | 2026 |
| Hamlagrøvegen | 1700 | 2026 |
| Bergsdalsvegen | 690 | 2026 |
| Bergsdalsvegen | 1610 | |
| Bergsdalsvegen | 520 | 2026 |
| Skarsvegen | 4280 | |
| Skarsvegen | 500 |
Fakta om forsterkingsprogrammet
- Meir klima- og miljøvennleg enn masseutskifting av veg.
- Reduserer behovet for massetransport og bruk av diesel.
- Om lag 1400 km fylkesveg har dårleg eller svært dårleg dekke.
- Rehabilitering av desse kan redusere etterslepet på dekke med om lag 1,4 milliardar kroner.
- Samla effekt: om lag 4 milliardar kroner i redusert vedlikehaldsetterslep og betre vegstandard.
- Reduserer behovet for ad hoc-reparasjonar av murar og rekkverk.
- Betre drenering gir enklare vinterdrift og lågare risiko ved ekstremnedbør.