Spektakulært bruløft: Slik skal nye Alversundbrua byggjast
I år startar arbeidet med ny bru. Dato for bruopning er allereie klar.
Då Alversundbrua opna 29. juni i 1958 sto det «sjampagne» og «kald laks med rjomesaus» på menyen. Denne sundagen var det siste gong bilferja «Torefjell» gjekk til Alverstraumen og gjorde kvardagen enklare for mange i Nordhordland. No er eit nytt kapittel om Alversundbrua i gang. Den gamle brua har gjort sitt og blir erstatta med ei ny.
Vestland fylkeskommune har peika ut Implenia Norge AS som vinnar av brubyggingskontrakten.
Brua blir løfta på plass
Sjølve monteringa av brua blir langt frå A4. Brua skal nemleg løftast på plass i ein spektakulær jekkeoperasjon.
Brua er ei såkalla bogebru og blir 209 meter lang. Ein massiv midtseksjon på 133 meter blir løfta på plass med presisjon på centimeteren. Ein slik operasjon krev blikkstille fjord, millimeterkontroll og kraftige jekkar.
— Dette synet får nok sambygdingar og ingeniørar til å stimle saman langs fjorden når brua skal løftast på plass, seier Åge Petersen, byggeleiar i Vestland fylkeskommune.
Større bru
Implenia gjekk til topps i konkurransen.
— Brua blir større og meir synleg enn gamlebrua, noko som seier seg sjølv når ho er 17 meter brei. Det er to køyrefelt, i tillegg til gang- og sykkelveg. Implenia har god kompetanse på bru, og har lagt fram ein god plan for samarbeid, HMS, og korleis dei skal gjennomføre prosjektet, seier Petersen.
Den samla summen på prosjektet endar på 489,5 millionar kroner.
Fornøgd entreprenør
Implenia Norge har lang erfaring med brubygging i Noreg. Selskapet har mellom anna bygd Farrisbrua ved Larvik, og held for tida på med Lågen bru og Tangenvika bru ved Mjøsa.
— Vi er stolte og audmjuke over å ha fått oppdraget med å byggje den nye Alversundbrua. Dette er eit viktig samferdselsprosjekt for å sikre god mobilitet i heile Nordhordland, og vi ser fram til eit godt samarbeid med Vestland fylkeskommune som byggherre, seier administrerande direktør Berger Johannessen i Implenia Norge.
Vegen vidare
Til hausten i år startar rigginga på Alversund-sida.
— I år er det nok ikkje veldig synleg at arbeidet er i gang. Først blir det ein periode med prosjektering og godkjenning hos Vegdirektoratet, seier Petersen.
Den nye brua skal etter planen vere klar til opning 31. mai 2030. Etter det har entreprenøren eitt år på seg til å rive den gamle brua.