Skyss med ny alt-i-eitt-app

Måndag 9. mars lanserte Skyss ein flett ny mobil-app til alle kollektivreisande i Vestland. I den nye appen kan du planlegge reiser og kjøpe billett på same stad.

Illustrasjon som syner tre utgåande Skyss-appar, og den nye som blir innført som erstatning i mars 2026.

Appen heiter enkelt og greitt «Skyss». Alle som har appen «Skyss Reise» på mobilen, vil motta den nye appen automatisk gjennom ei oppdatering. Av tekniske grunnar vil ikkje alle få fornya appen samtidig, og den nye appen blir sendt ut til alle i løpet av ein periode på to veker. 

– Dette er ein gledeleg dag! Mange har lenge ønskt éin, felles Skyss‑app, og no samlar vi planlegging og billettkjøp i éi løysing. Det er viktig for å gi eit enkelt og saumlaust kollektivtilbod, og eit godt døme på kva vi får til gjennom tett samarbeid på tvers av fleire fylke, seier fylkesvaraordførar Stian Davies, som sjølv har hatt den nye appen til testing.

– Eg har brukt den nye Skyss-appen over lengre tid, og brukaropplevinga er verkeleg løfta. Betre design, integrert billettkjøp og reiseplanlegging, sanntidsinformasjon og høg brukarvennlegheit gjer at dette er eit tydeleg steg fram for dei kollektivreisande, seier Davies.

Kva er nytt?

Den nye appen ser litt annleis ut enn dei gamle appane, men du kan gjere det meste som før – finne rutetider for å reise med ein gong eller fram i tid, og kjøpe enkeltbillettar og periodebillett for bybane, buss og båt. I tillegg er det nye funksjonar, som mellom anna at du kan sjå bussen du ventar på i eit kart, at du kan abonnere på periodebillett og at du kan sende billettar til andre.

Offentleg samarbeid ligg bak 

Skyss-appen blir utvikla av Tet Digital AS, som er utviklarselskapet som Skyss eig saman med Ruter og Agder Kollektivtrafikk (AKT). Fordelen med Tet er at Skyss ikkje lenger må gjennomføre anbodskonkurransar i den private leverandørmarknaden for å få laga appar og andre teknologiske løysingar. Kontraktar med private leverandørar kan ikkje vare uendeleg, og Skyss sine reisande ville sannsynlegvis uansett måtte bytt appar på eit tidspunkt. No treng dei berre å byte denne eine gongen, sidan Tet er offentleg eigd.

Appen er bygd på same tekniske plattform som appen til Ruter. Hovuddelane av appen er dermed allereie testa og brukt av kollektivreisande i Oslo og Akershus. Skyss har fått appen tilpassa vestlandske forhold, og mange Skyss-reisande har testa og gitt tilbakemeldingar på appen sidan seint i haust.

Den nye appen vil bli kontinuerleg vidareutvikla.

Den gamle billett-appen verkar ei stund til

Det er ikkje teknisk mogleg å flytte billettar frå den gamle appen «Skyss Billett» til den nye appen. Derfor må alle som har ein gyldig billett i Skyss Billett, behalde den gamle appen til billetten er utgått. Appen Skyss Billett vil derfor fortsette å fungere ei stund til før han blir skrudd av.

Det er heller ikkje teknisk mogleg å flytte opparbeidd reiserabatt frå gamal til ny app, så dei som reiser med enkeltbillettar, må starte på nytt med å spare opp rabatt. 

Bestillingsbuss i ny app

Ikkje alle er klar over at Skyss også har ein tredje app, som heiter «Skyss Bestilling» og vert brukt i mange område der Skyss tilbyr bestillingstenester. Dei som brukar Skyss Bestilling i dag kan byte til den nye appen, men den gamle vil verke parallelt i ein overgangsperiode før den vert fasa ut.

Slik får du den nye appen

Dei som har Skyss Reise-app på mobilen, treng berre å vente på at den nye appen dukkar opp av seg sjølv. iPhone-brukarar er ikkje nøydde til å vente, men kan sjølv laste ned appen Skyss frå App Store.