Sektorbudsjettet for kultur, idrett og inkludering er vedteke
– Mange seier at «kultur er viktigare no enn nokon gong». I Vestland gjer vi festtalane om til røyndom, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Vestland fylkeskommune aukar igjen budsjettet til kultur, idrett og inkludering. Frå om lag 823 mill. kr i 2025 til over 930 mill. kr i 2026.
– Gjennom dei økonomiske bidraga våre gjer vi kultur, idrett og fellesskapsarenaer i stort og smått meir tilgjengelege for folk flest, slår Nødseth fast.
Løftar KODE og Festspillene
Fylkestinget vedtok årets budsjett for Vestland fylkeskommune i desember 2025. Tysdag 17. februar var det hovudutvalet sin tur til å vedta det spesifiserte budsjettet for 2026.
I sektorbudsjettet for kultur og folkehelse løyver hovudutvalet mellom anna driftstilskot til ei rekke aktørar innan kunst, kultur, idrett, friluftsliv og folkehelse. Blant postane er store summar i driftstilskot til museum, teater, idrettskretsen, turlag, friluftsråd og andre aktørar.
Dei største løyvingane går til Musea i Sogn og Fjordane (17,3 mill. kr), Hardanger og Voss museum (14,9 mill. kr) og Museumssenteret i Hordaland (13,2 mill. kr). KODE og Festspillene i Bergen får særlege løft, på høvesvis 1,2 mill. kr og 0,7 mill. kr målt mot fjoråret.
Fire nye får driftsstøtte
I år har hovudutvalet også funne rom for desse fire nye aktørane: Tekstallmenningen, Bergen Kjøtt, Aldri Alene og Gamle Innvik Ullvarefabrikk.
– Det som kanskje gler meg mest som utvalsleiar, er å gong på gong sjå eit samstemt politisk utval som vil denne sektoren vel, og som arbeider godt og konstruktivt som kollegium. Saman løftar vi den strategiske viktigheita sektoren har i arbeidet med å byggje Vestland. I ei uroleg verd er dette direkte løfterikt å konstatere, seier Nødseth.
Lyser ut tilskot så snart som råd
Ein betydeleg del av budsjettet for sektoren kultur og folkehelse er sett av til tilskot aktørar i heile fylket kan søkje på. Utanom driftstilskota som no er fordelte, er mykje av dette tilskot som blir lyste ut til ulike føremål i løpet av året.
Tilskotsforvaltninga blir no fornya, og talet fylkeskommunale tilskotsordningar er kutta frå rundt 30 til sju. Retningslinjene for dei nye ordningane lagt ut på ei enkel høyring fram til 27. februar.
– Vi skal ikkje berre auke budsjetta, vi må også evne å fornye og omstille. Det gjer vi med tilskotsforvaltninga, og vi vil veldig gjerne ha innspel frå aktørane på korleis vi treff med dei nye ordningane, seier Jacob Nødseth.
Når retningslinjene er vedtekne, blir dei nye tilskotsordningane lyste ut så snart som råd.
Les meir om sektorbudsjettet for kultur og folkehelse i saksframlegget.