Sei meininga di om distriktsmusikarordninga
Vestland fylkeskommune ber kommunar, lag, organisasjonar og andre om innspel til korleis distriktsmusikarordninga skal sjå ut i framtida.
Det har vore distriktsmusikarar i både Hordaland og Sogn og Fjordane sidan slutten av 1980-talet. Det overordna målet med ordninga er å sikre tilgang til profesjonelle musikkrefter i alle delar av fylket.
I Vestland er det no til saman 22 distriktsmusikarstillingar. Musikarane er knytt til kulturskulen i Sunnfjord, Gloppen, Sogndal, Voss, Ullensvang og Alver. Dei bidreg til blant anna det frivillige musikklivet, kulturskulen, spelemannslag, kor, korps, opera og orkester.
Har evaluert ordninga
Fylkeskommunen vedtok i 2024 å evaluere ordninga. Telemarksforsking fekk oppdraget med å undersøkje om ordninga kjem heile fylket til gode, i samsvar med intensjonen med etableringa av ordninga. No er evalueringsrapporten klar, og det er denne som er no ute på høyring til kommunar og andre interessentar fram til 20. april.
Telemarksforsking konkluderer med at evalueringa, med nokre atterhald, viser at ordninga har positive effektar, men at intensjonen om å styrke musikklivet i heile regionen ikkje er fullt ut realisert. I rapporten er det også konkrete tilrådingar for korleis distriktsmusikarordninga kan utviklast vidare.
Tilrådingar i evaluerinsrapporten
Dette er tilrådingane frå Telemarksforsking:
- For å sikre fleksibilitet, kvalitet og relevans, bør ein ved nye tilsetjingar vurdere å tilsetje musikarar i åremålsstillingar med lang horisont, til dømes 6 år.
- For å sikre relevans og kulturpolitisk legitimitet, bør ein ved nye tilsetjingar vurdere å tilsetje musikarar med kompetanse innan instrument og sjangrar som kan komplettere eksisterande kompetanse i ordninga. Dette må samstundes sjåast opp mot behovet for god samansetjing av musikargrupper i dei ulike vertskommunane.
- Ved utviding av ordninga med fleire vertskommunar og/eller fleire musikarar, bør ein prioritere kommunar som har svært få profesjonelle musikarar, som har lang reisetid til kommunar med god tilgang på frilansmusikarar og/eller distriktsmusikarar, og som har utfordringar med å trekke til seg profesjonelle musikarar, inkludert gode søkarar til musikarstillingar i kulturskulen. Ein bør óg prøve å unngå å ha vertskommunar med berre éin tilsett distriktsmusikar, då evalueringa viser at det er krevjande å nå måla i ordninga med så liten musikarressurs.
- Partane i ordninga bør gå saman om å formulere tydelegare og meir konkrete mål for ordninga, som er lette å kommunisere til omverda.
- Partane i ordninga oppmodast til å, gjerne i samarbeid med musikklivet, legge meir innsats i å marknadsføre ordninga til relevante brukargrupper. Dette inkluderer oppdatert og konkret informasjon om ordninga på fylkeskommunale nettsider. Betre kommunikasjon av ordninga vil på sikt kunne føre til at fleire aktørar vil bruke ordninga, og gje betre utnytting av fylkeskvoten, som vil auke dei regionale effektane.
- Det er behov for å utvikle meir samarbeid i og om ordninga: 1) Vertskommunane oppmodast til å etablere ein digital samarbeidsarena for distriktsmusikarane. 2) Partane i ordninga oppmodast til å halde fram arbeidet med å etablere ein arena for samarbeid mellom det profesjonelle og det frivillige feltet. 3) Partane i ordninga oppmodast til å vidareutvikle samarbeidet om kommunikasjonen av ordninga.