Samlar ungdom frå heile Vestland til UKM-festival i Førde
For første gong møtest deltakarar frå heile fylket til ein og same festival. Det skjer på Førde vidaregåande skule 24.–26. april.
– Endeleg er det tid for ein felles fylkesfestival! No gler vi oss til at om lag 300 ungdomar kjem til Førde for å syne fram ting dei har laga og øvd på. Og vi håpar at sunnfjordingar og andre tek turen innom for å sjå på, seier Jacob Nødseth, som leiar hovudutval for kultur idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune og som opnar UKM fredag kveld.
UKM står for ung kultur møtest og er det som tidlegare var kjent som ungdommens kulturmønstring.
Ungdomar både på og bak scena
Det er ein landsdekkande kulturfestival for ungdom mellom 13 og 20 år. Ungdomane får profesjonelle rammer og ein møteplass å skine på, med eit publikum som lyttar og høve til å ha roller som både utøvarar og arrangørar.
Det blir kunstutstilling, og det blir sceneframsyningar med musikk, dans, film og teater. I tillegg er det ungdomar som styrer foto, rigging, lys og lyd. Dei er programleiarar og produsentar.
– UKM er kort sagt ein stad der ungdomane kan vere seg sjølve og gjere det dei likar. Det handlar om skaparglede, samarbeid og det å vere del av eit fellesskap utan press eller konkurranse, seier Nødseth .
Fire førestillingar gjennom helga
Årets fylkesfestival går føre seg på Førde vidaregåande skule og startar med opning av kunstutstilling fredag 24. april kl. 19. Den første sceneframsyninga er fredag kl. 20. Vidare er det sceneframsyningar laurdag kl. 15 og kl. 20. Festivalen vert avslutta med ei framsyning kl. 12 søndag.
Eit utval av ungdomane som deltek på fylkesfestivalen i Førde blir plukka ut til å delta på den nasjonale UKM-festivalen i Trondheim 20.–24. juni.