Os vidaregåande skule skal få nytt bygg og betre lokale

Fylkestinget har vedteke rom- og funksjonsprogrammet for Os vidaregåande skule. Programmet fastset kva areal og funksjonar skulen treng, og legg grunnlaget for det vidare arbeidet med å byggje ut og oppgradere skuleområdet.

Skulebygg
NYTT BYGG: Os vidaregåande skule skal få nye og betre lokale. Foto: Vestland fylkeskommune
  • Samla areal i rom- og funksjonsprogrammet: 16 550 kvadratmeter
  • Areal som treng nybygg, rehabilitering eller ombygging: 11 400 kvadratmeter
  • Første byggesteg: nybygg på om lag 5616 kvadratmeter og riving av fleire mellombelse bygg
  • Andre byggesteg: rehabilitering og ombygging av bygg A, og riving og oppføring av nytt bygg C, krev eige vedtak om fysisk samlokalisering
  • Dimensjonert for 744 elevar fordelte på 40 klassar
  • Grovt kostnadsrekna til om lag 720 millionar kroner for alle byggetrinn


Fleire av bygga ved Os vidaregåande skule er frå 1982 og treng omfattande oppgradering. I dag er skulen spreidd på fleire bygg og nyttar i tillegg lokale ved Os gymnas, i Røde Kors-bygget og i Kuventræ arena. Vedtaket bidreg til å samle skulen og gi elevar og tilsette meir eigna lokale. 

– Dette er eit viktig steg for Os vidaregåande skule. Skulen spelar ei sentral rolle både lokalt, regionalt og nasjonalt. No legg vi grunnlaget for meir moderne lokale, betre verkstader og betre rammer for læring og meistring, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Eit rom- og funksjonsprogram fastset kva rom og funksjonar eit skulebygg skal ha, kor store dei skal vere, og korleis dei skal henge saman. Det er eit nødvendig grunnlag før ein kan starte ein pris- og designkonkurranse for sjølve byggeprosjektet. Vedtaket inneber ikkje at bygginga er i gang, men at rammene er sette.viser kva areal og funksjonar skulen treng framover. Det samla arealet er på 16 550 kvadratmeter. Av dette er 11 400 kvadratmeter areal som treng nybygg, rehabilitering eller ombygging.

Utbygginga skal løysast i to byggesteg

Os vidaregåande skule har fleire landslinjetilbod, mellom anna innan anleggsteknikk, anleggsmaskinmekanikarfaget og yrkessjåførfaget. Det betyr at skulen tek imot elevar frå heile landet, i tillegg til elevar frå nærområdet. Skulen er dimensjonert for 744 elevar fordelte på 40 klassar. 

– Når elevar kjem til Os frå heile landet for å ta delar av utdanninga si, må skulen ha bygg og verkstader som støttar opp under det ansvaret. Dette handlar om å utvikle ein skule som er viktig for både Vestland og resten av landet, seier Askeland. 

Prosjektet skal også gi betre inneklima, meir moderne undervisningsareal og nye verkstadfasilitetar. Det er òg lagt opp til betre tilkomst for elevar med særskilde behov. 

Kostnad og finansiering

Heile utbygginga er grovt kostnadsrekna til om lag 720 millionar kroner med dagens kroneverdi. Pågåande rehabilitering av bygg B er rekna til 80 millionar kroner og ligg allereie inne i investeringsplanen. Første byggesteg er rekna til omlag 363 millionar kroner, og andre byggesteg til om lag 277 millionar kroner.

Klimakrav

Utbygginga skal følgje fylkeskommunen sine klimakrav. Det inneber mellom anna energieffektive bygg på nivå med passivhusstandard, lokal energiproduksjon med solceller og geobrønnar og bruk av utsleppsfrie maskinar på byggeplassen. 

Vedtaket i fylkestinget 16. juni gjer at arbeidet med pris- og designkonkurranse for prosjektet kan starte.