Nytt verktøy skal hjelpe kommunane å vurdere klimarisiko

Vestland fylkeskommune har utvikla verktøyet, og Årdal er ein av kommunane som allereie har tek det i bruk.

Utsikt frå Bøttejuv mot Øvre Årdal.
ÅRDAL: Årdal kommune er ein av kommunane som har teke i bruk det nye verktøyet for å vurdere klimarisiko, og meiner det gir ei breiare forståing av omgrepet klimarisiko. Bildet er frå Bøttejuv med utsikt mot industribygda Øvre Årdal. (Foto: Julia Farsund Storvik/Vestland fylkeskommune)

Det nye verktøyet skal hjelpe kommunane å vurdere korleis klimaendringar og klimaomstilling kan påverke innbyggjarar, næringsliv og kommunale tenester.

– Mykje av styrken i arbeidet ligg i å samle ulike fagmiljø og diskutere klimaendringar frå fleire perspektiv. Det gir oss ei breiare forståing av risiko enn vi hadde før, seier Stine Ohrvik, klima- og miljørådgjevar i Årdal kommune.

Kvinne utanfor rådhuset i Årdal
Stine Ohrvik er klima- og miljørådgjevar i Årdal kommune. Ho er blant anna oppteken av at det å sjå klimarisiko i eit langsiktig perspektiv, gjer kommunane betre rusta til å prioritere i planlegging og beredskap. (Foto: Årdal kommune)

Komplekst landskap

Klimarisiko handlar om dei samla konsekvensane klimaendringar og klimaomstilling kan få for samfunnet. I tillegg til fysiske hendingar som flaum, skred og havnivåstiging, kan kommunane bli påverka av endringar i verdikjeder, marknadar, teknologi, politikk og forsyningstryggleik.

– Kommunane står i eit komplekst landskap der klimaendringar påverkar langt meir enn at det blir meir flaum og ekstremvêr. Med det nye verktøyet ønskjer vi å gjere klimarisiko meir tilgjengeleg og relevant i kommunal planlegging, seier  May-Britt Nesje Hernes, leiar for seksjonen plan, klima og analyse i Vestland fylkeskommune.

Meir enn flaum og skred

Det nye verktøyet kjem med ein rettleiar, som tek kommunane steg for steg gjennom analyse av tre typar klimarisiko:

  • Fysisk klimarisiko – til dømes flaum, skred, skogbrann og ekstremvêr
  • Overgangsrisiko – endringar i regelverk, teknologi, økonomi, marknader og forventingar  i overgangen til lågutsleppssamfunnet
  • Grenseoverskridande klimarisiko –klimaendringar i andre land som påverkar oss gjennom forsyningskjeder til dømes innan mat, energi og industri

Ein viktig del av arbeidet er å vise korleis dei ulike risikotypane verkar saman og kan forsterke kvarandre. Til dømes kan klimahendingar i andre land gje høge matvareprisar og forstyrringar i verdikjeder. Dersom dette skjer samstundes med ekstrem kulde og auka behov for oppvarming her heime, kan det økonomiske presset på innbyggarar med låg inntekt auke.

Støttar tverrfagleg arbeid i kommunane

Verktøyet for klimarisiko er todelt: Kommunane må gjere sjølve analysen i eit Excel-basert verktøy, mens dei brukar rettleiaren for fagleg støtte, forklaringar og døme undervegs. Klimarisikoanalyse er tverrfagleg, og verktøyet er lagt opp for å samle fagfolk frå ulike delar av kommunen rundt same bord.

Tine Sille Svendsen og Ragnhild Feidje er klimarådgjevarar i fylkeskommunen og har jobba med å lage det nye verktøyet. Dei understrekar at sjølve prosessen med å arbeide med dette også gir stor verdi.

– Når flinke fagfolk jobbar saman på tvers, kan vi få eit felles kunnskapsløft i klimaarbeidet. Det er ofte eit viktig resultat i seg sjølv, seier dei.

Tre kvinner.
Ragnhild Feidje (t.v.) og Tine Sille Svendsen (i midten) er klimarådgjevarar i fylkeskommunen og har vore med og utvikla det nye verktøyet. Saman med Ingeborg Klokkersund Djupevåg jobbar dei mykje ut mot kommunane når det gjeld klimaomstilling og klimaarbeid, blant anna gjennom satsinga KlimaVestland. (Foto: Vestland fylkeskommune)

Fleksibelt verktøy tilpassa ulike kommunar

Kommunane kan tilpasse analysen etter eigen kapasitet og behov. Dei kan starte enkelt og byggje vidare over tid, og velje å sjå nærare på bestemte næringar, tenester eller geografiske område. Eller dei kan ta for seg éin type klimarisiko om gongen.

Analysen kan mellom anna gi svar på

  • korleis klimaendringar påverkar kommunale bygg, infrastruktur og tenester
  • om enkelte innbyggjargrupper er særleg sårbare
  • korleis lokalt næringsliv kan bli påverka av marknadsendringar og brot i verdikjeder

– Å sjå klimarisiko i eit langsiktig perspektiv mot 2050 og 2100 gir oss eit betre grunnlag for å forstå det samla risikobiletet. Det gjer oss betre rusta til å prioritere i planlegging og beredskap. Naturfarar og klimahendingar er i seg sjølv ikkje problemet, det er korleis vi har utvikla samfunn, infrastruktur og arealbruk som avgjer kor sårbare vi er, og dermed kva som utgjer risiko, seier klimarådgjevar Stine Ohrvik i Årdal

Klimarisikoanalysen er eit kunnskapsgrunnlag, ikkje ein ferdig tiltaksplan. Han skal bli kopla til kommunen sitt arbeid med heilskaplege ROS og styrande planarbeid, og bli brukt i strategiske prioriteringar i kommunen for å gjere seg meir robust i møte med eit klima og samfunn i endring.

Tilbyr kurs for kommunane

Rettleiaren og verktøyet er utvikla av klimarådgjevarar i Vestland fylkeskommune. Arbeidet byggjer på eit prosjekt med Årdal kommune, Vestlandsforsking og NORCE og rapporten Analyse av klimarisiko og naturrisiko, finansiert av Miljødirektoratet, Hydro Årdal og Vestland fylkeskommune.

No er verktøyet tilgjengeleg for alle kommunar i Vestland. I tillegg inviterer fylkeskommunen til eit digitalt kurs i tre delar 13., 19. og 26. mai, der kommunane får opplæring i bruk av verktøyet og rettleiaren.

Vestland fylkeskommune er både ein samarbeidspart med og ein pådrivar for kommunane i klimaarbeidet. Gjennom nettverket KlimaVestland er målet å integrere klimaomsyn i samfunns- og arealplanlegginga i heile Vestland.

Sogn klimarisiko

Vestlandsforsking er i gang med prosjektet Klimarisikoanalyse Sogn. Gjennom prosjektet får kommunane i Sognarådet (Vik, Sogndal, Aurland, Lærdal, Årdal og Luster) tilbod om praktisk bistand frå Vestlandsforsking til å gjennomføre ein klimarisikoanalyse.