Ni vilttiltak får støtte – 857 000 kroner til prosjekt i Vestland
Midlane går til prosjekt som styrkar kunnskap, forvaltning og rekruttering knytt til haustbare viltartar i fylket.
– Viltmidlane skal bidra til meir kunnskap om viltressursane våre og til ei berekraftig forvaltning. Prosjekta som får støtte i år spenner frå forsking på sjukdom hos hjort til utvikling av jaktforvaltning og kartlegging av artar. Slike tiltak er viktige både for naturforvaltninga og for rekruttering til jakt og fangst i Vestland, uttalar leiar Sigrid Brattabø Handegard i hovudutval for næring.
Saka vart handsama i hovudutval for næring tysdag 10. mars
Saka vart handsama i hovudutval for næring tysdag 10. mars
Desse prosjekta får støtte
Vestland fylkeskommune mottok i år 19 søknader, der ni er innvilga støtte:
- Overlappende smittestoffer hos hjort og småfe, NIBIO – Norsk institutt for bioøkonomi: 146 000 kr
- Orrfugl i Vestland – bestander og områdebruk, NNI Resources AS: 106 000 kr
- Human jakt, Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane: 55 000 kr
- Barlind i Vestland 2026, Miljøfaglig Utredning AS: 100 000 kr
- Leverikter hos hjort, NIBIO – Norsk institutt for bioøkonomi: 80 000 kr
- Etablering av eit organ for hjorteforvaltning, Hjorteforvaltninga – Øygarden: 45 000 kr
- Småviltforvaltning, Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane: 50 000 kr
- A Thriving Coast, Norsk institutt for naturforskning (NINA): 75 000 kr
- Termiske hjelpemidler under jakt – rapportering, Norsk institutt for naturforskning (NINA): 200 000 kr
Om ordninga
Fylkeskommunane har ansvar for forvaltning av haustbare, ikkje-truga viltartar, og ei av oppgåvene er å fordele tilskot til tiltak som styrkjer kunnskap og berekraftig bruk av viltressursane. Ordninga er finansiert gjennom statlege midlar frå viltfondet. I 2026 har Vestland fylkeskommune fått 1,1 millionar kroner til vilttiltak.
Midlane skal gå til tiltak som til dømes:
- kartlegging av viltressursar og leveområde
- informasjon om jakt og jaktmoglegheiter
- tilrettelegging for verdiskaping og rekruttering til jakt og fangst
- oppretting og drift av lokale samarbeidsråd
- forvaltningsretta forsking og overvaking av viltbestandane
Prosjekt som er del av eit planmessig arbeid blir prioriterte i ordninga. Frivillige organisasjonar, institusjonar, kommunar og enkeltpersonar kan søke om tilskot.