Eit stort steg i KI-satsinga til Vestland fylkeskommune

Vestland fylkeskommune har lansert Mimir, sin eigen KI-assistent for tilsette. Lanseringa er ein viktig milepåle i satsinga på kunstig intelligens i 2026, og markerer starten på eit breitt kompetanseløft i organisasjonen.

dame med langt rødt hår holder klistremerke av illustrasjon av en robot med langt rødt hår som ligner henne.
MIMIR-MAMMA: Ane Fisknes Storås står bak Mimir. Foto: Jennifer Fossnes, Vestland fylkeskommune.

– Dette er året vi skal løfte KI-kompetansen i heile Vestland fylkeskommune, og der KI-vett skal bli ein naturleg del av kvardagen, seier Ane Fisknes Storås, fagkoordinator for faggruppa for KI og teknologiutvikling i digitaliseringsseksjonen.

Ei KI-teneste utvikla for Vestland

Mimir er ei teneste utvikla av og for Vestland fylkeskommune. Han tilsvarar ChatGPT og Copilot i funksjon, men er tilpassa organisasjonen sine behov, verdiar og krav til tryggleik. Mimi er bygd på same språkmodell som ChatGPT.

– Vi har brukt erfaringane frå eit KI-prosjektet i 2024, der vi vurderte å ta i bruk Copilot 356 i organisasjonen, og laga noko som er mykje betre tilpassa oss. I tillegg har vi meir kontroll, lågare kostnader og ei løysing som kan vidareutviklast i tråd med våre eigne behov, seier Ane.

Ein viktig skilnad frå mange eksterne KI-tenester, er at Mimir kan brukast i arbeid med interne dokument, innanfor klare og trygge rammer.

– VI skal ikkje mate interne dokument inn i eksterne KI-tenester. Det kan vi bruke Mimir til, seier Ane.

8 personer står gruppevis i ei trapp.
Mimir er utvikla innomhus. Ane Fisknes Storaas er fagkoordinator for fagruppa for KI og teknologiutvikling. Bak henne frå venstre står verksemdsarkitektane Geir Kåre Utmo og Stein Helge Hellebø som inntil nyleg var med i faggruppa. Vidare frå venstre står Trond Farestveit Kvittingen, Niklas Engjom Mork, Iselin Weltzin, og øvst oppe Geir Ove Hall Johnsen og Reidun Nordvik. Foto: Jennifer Fossnes, Vestland fylkeskommune.

Skal styrkje trygg og smart KI-bruk

I 2026 skal alle tilsette som bruker KI ha grunnleggjande kunnskap om trygg KI-bruk. Det handlar både om å forstå moglegheitene og avgrensingane.

– KI er ikkje ein fasit. Han skal vere støtte, ikkje erstatte faglege vurderingar eller vedtak. Datakunnskap og bevisstheit rundt kva slags informasjon som kan og ikkje kan brukast, er heilt avgjerande, seier Ane.

Vestland fylkeskommune skal bruke KI der det gir reell gevinst, til betre kvalitet, meir effektive arbeidsprosessar og betre utnytting av data vi allereie har.

Fagleg breidde bak utviklinga

Faggruppa for KI og teknologiutvikling blei oppretta våren 2025 og består av utviklarar, KI-trenarar og teknologar med brei erfaring. Gruppa jobbar tett saman med juridisk miljø, personvern, informasjonssikkerheit, HR og kommunikasjonseksjonen.

– Den breie kompetansen er avgjerande. KI handlar like mykje om organisasjonsutvikling som teknologi. Då treng vi fleire perspektiv rundt bordet, seier Ane.

I front nasjonalt

Fylkesdirektør Robert Rastad er tydeleg på at Mimir er med på å plassere Vestland fylkeskommune heilt i front blant offentlege verksemder.

– Mimir gir tilsette moglegheit til å ta i bruk generativ KI på ein trygg, ansvarleg og god måte. Måten løysinga er utvikla og sett opp på, viser at Vestland er både nyskapande og framtidsretta, seier Rastad.

Han peikar på at kombinasjonen av teknologi og medarbeidarane sin erfaring kan gi store gevinstar:

– Når KI blir brukt saman med den kompetansen vi allereie har, kan vi arbeide smartare, meir effektivt og med høgare kvalitet.

Stegvis utrulling og opplæring

Mimir er no lansert for tilsette i fylkesadministrasjonen, etter at leiarar først fekk tilgang 12. januar, med eigen liarassistentmodul. Tilsette på skulane får tilgang på eit seinare tidspunkt, av omsyn til skalering av tenesta.