Lyser ut 6,7 millionar til opplæringstiltak i bedrifter
Pengane til bedriftsintern opplæring skal i 2026 gå til kompetanseheving innan grøn omstilling, inkludering og forsvar og beredskap. 1,5 millionar kroner skal gå til ei særskilt satsing på digital kompetanse.
Pengane til bedriftsintern opplæring skal i 2026 gå til kompetanseheving innan grøn omstilling, inkludering og forsvar og beredskap. 1,5 millionar kroner skal gå til ei særskilt satsing på digital kompetanse.
Bedrifter som treng kompetanse innan eit av desse områda, kan søke om inntil 250 000 kroner for å gjennomføre eit opplæringstiltak. Kursa kan ikkje koste meir enn 40 000 kroner per deltakar.
Skal styrke næringslivet
– Bedriftsintern opplæring (BIO) er eit sentralt verkemiddel for å styrke kompetansen i næringslivet i Vestland. Ordninga skal bidra til grøn omstilling, inkludering i arbeidslivet og styrking av lokal, regional og nasjonal forsvar og beredskap, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring.
Hovudutvalet vedtok utlysinga og årets innretning for BIO-midlane i møtet 11. februar.
Handegard legg til at erfaringane frå i 2025 er gode.
– Vi erfarte då at etterspurnaden er stor etter målretta og tidsavgrensa opplæringstiltak som gjer verksemdene betre rusta til omstilling og handtering av risiko.
Satsar på digital kompetanse
Det var opphavleg planlagt å lyse ut 5,2 mill. kr til bedriftsintern opplæring, men næringsutvalet vedtok 10. mars å sette av 1,5 millionar ekstra til ei satsing på digital kompetanse som ein del av BIO-ordninga. Bakgrunnen er eit aukande behov for digital omstilling i næringslivet i Vestland. Digitalisering er ein sentral føresetnad for produktivitet, konkurransekraft, innovasjon og berekraftig verdiskaping.
Viktig verkemiddel
BIO-ordninga har dei siste åra vore eit viktig verkemiddel for å støtte opp under måla i Utviklingsplan for Vestland og regional plan for berekraftig verdiskaping. I 2025 kom det inn 43 søknader med ein samla søknadssum på om lag 7,5 millionar kroner. Det vart innvilga til saman rundt 4,8 millionar kroner.
Eit treffsikkert verkemiddel
Erfaringane frå behandlinga av søknader til BIO-midlar i 2025 viser eit breitt og samansett kompetansebehov i næringslivet i Vestland. Samla sett viser søknadsmassen at bedriftsintern opplæring er eit treffsikkert verkemiddel for målretta kompetanseheving i næringslivet. Ordninga bidreg til å støtte omstilling, gi tilgang på arbeidskraft og å styrke samfunnstryggleiken i Vestland.
Vil du vite meir, sjå saksframlegga frå næringsutvalget