Kven bør få klima- og miljøprisen i Vestland 2026?
Kjenner du til nokon som har gjort ein ekstra klima- og miljøinnsats anten det siste året eller over tid? No kan du nominere personar, lag, organisasjonar og verksemder til klima- og miljøprisen i Vestland. Prisen er på 70 000 kroner.
Prisen skal vise fram og honorere det gode klima- og miljøarbeidet i Vestland og kan gå til personar, verksemder, lag og organisasjonar. Prisvinnaren må kome frå Vestland og må ha vist evne og vilje til å yte ein klima- og miljøinnsats ut over det vanlege.
Vi er særleg opptekne av at prisen skal vere til inspirasjon for aktørar som står sentralt i arbeidet med ei klimaomstilling av Vestland og motivere til vidare innsats.
– Vi har mange gode døme på klima- og miljøtiltak, som viser att i stort og smått. Fellesnemnaren for vellukka klima- og miljøarbeid er haldningar og vilje til å ta grep. Vi ynskjer med klima- og miljøprisen å løfte fram dei gode døma, dei som viser veg og dei som motiverer andre, seier fylkesordførar Jon Askeland.