Krev sterkare grep for matsikkerheit og betre økonomi for bonden
Vestland fylkeskommune ber staten setje matsikkerheit, beredskap og bonden si inntekt høgt på dagsorden i jordbruksforhandlingane for 2026.
Fylkesutvalet vedtok i møtet 18. februar 16 offensive innspel til årets jordbruksforhandlingar.
– No held det ikkje med ambisjonar, vi krev konkrete tiltak. Riksrevisjonen peika allereie i 2023 på at matsikkerheita er for dårleg ivareteken, og sidan den gong har den geopolitiske situasjonen forverra seg. Dette gjer spørsmålet om matsikkerheit og beredskap endå meir presserande. Ein aktiv matproduksjon med areal i hevd og kunnskap i heile landet er avgjerande for Norge si evne til å brødfø eigen befolkning i krise. Vestland kan bidra best til sikker matforsyning og beredskap ved at det blir lagt til rette for ein framleis variert bruksstruktur med grovfôrbasert husdyrhald og frukt og bær som viktige produksjonar, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Vestlandsbonden treng økonomisk løft
Inntekta til bønder i Vestland vert og løfta. Tal frå NIBIO viser at inntekta per årsverk for bønder i Vestland over tid har lege lågare enn landsgjennomsnittet.
– Dersom det skal vere mogeleg å halde oppe og auke verdiskapinga knytt til jordbruk i Vestland, må driftsinntektene vere på eit nivå som gjer at bøndene kan gjere naudsynte investeringar og også ha betalt for arbeidet som dei gjer. Framover må vi rette merksemda mot det å tette gapet i jordbruksinntekt mellom Vestland og landet elles, og det arbeidet må starte allereie i år, seier Askeland.
Store investeringsbehov
Det er stor investeringslyst i landbruket i Vestland. Sjølv med ny rekord i tildelt investeringsstøtte, er det søknader på vent til 2026. I hovudsak gjeld dette søknader knytt til sau, men også geit og gris. For å nå målet om lausdrift i 2034, og for å sikre støtte også til bønder som ynskjer å satse på andre produksjonar enn mjølk, meiner Vestland fylkeskommune at den samla ramma for investerings og bedriftsutviklingsmidlar i landbruket for Vestland må aukast med om lag 75 millionar kroner.
– Når bønder vil satse, må dei få støtte medan investeringslysta er der. Skal vi nå lausdriftskravet i 2034 og samstundes ta vare på produksjonsmangfaldet i Vestland, må investeringsstøtta følgje ambisjonane, seier Askeland.
Dette er dei vedtekne innspela
Innspel frå Vestland fylkeskommune til jordbruksforhandlingane 2026:
1. Vestland fylkeskommune krev at det vert førd ein nasjonal landbrukspolitikk som set sikker matforsyning og beredskap tydleg på dagsorden. Å ha ein aktiv matproduksjon med areal i hevd og kunnskap om korleis mat skal produserast i heile landet, er avgjerande for Norge si evne til å brødfø eigen befolkning i ein krisesituasjon. For å lukkast med å auke sjølvforsyningsevna vår, er det viktig å sikre ein vesentleg matproduksjon i heile landet og stoppe ei vidare sentralisering av produksjonen.
2. Stortinget sitt mål om å auke sjølvforsyningsgraden til 50% må følgjast opp med konkrete tiltak.
3. Arbeid med å tette gapet mellom jordbruksinntekt per årsverk i Vestland og gjennomsnittet for landet må starte i 2026, jamfør driftsgranskingane til Nibio, 2024.
4. Vestland kan bidra best til sikker matforsyning og beredskap ved at det blir lagt til rette for ein framleis variert bruksstruktur med grovfôrbasert husdyrhald, frukt og bær som viktige produksjonar. Landbrukspolitiske verkemiddel må tilpassast betre for å kompensere for driftsulempe som følgje av geografisk plassering og bruksstorleik. Små og mellomstore bruk må bli prioritert innan alle produksjonar.
For Vestland er det særskilt viktig at det blir lagt til rette for å:
· Styrke økonomien:
- i sauehaldet og ku- og geitemjølkeproduksjonen
- på små og mellomstore bruk som produserer frukt, bær, grønt og potet, og sikre at bøndene på Vestlandet får ta sin del av vekst i produksjonen
· Stimulere til å halde oppe og auke mjølk- og kjøtproduksjonen på beite, særskilt knytt til geit, sau og kjøtfe.
· Halde fram arbeidet med å betre økonomien i produksjonen av bringebær til industri for å bidra til at produksjonen blir på nivå med etterspurnaden. Tilskot til planting av nye bringebærfelt er eit viktig tiltak.
· Vestland er positive til utprøvinga av teigtilskot i utvalde kommunar i Nord-Noreg. Å utvide eit slikt tilskot til også å gjelde Vestland må vurderast.
5. Den samla ramma for investerings og bedriftsutviklingsmidlar i landbruket for Vestland må aukast med om lag 75 millionar kr. Dette må til for å nå målet om lausdrift i 2034 og for å sikre støtte også til bønder som ynskjer å satse på andre produksjonar enn mjølk. Maksimal sats for støtte må justerast i takt med prisstiginga for å vere på same relative nivå over tid.
6. Implementeringa av ny Gjødselforskrift med strengare krav for bruk av fosfor, skapar store utfordringar for tilstrekkeleg spreieareal mange stader, særskilt der ein har stor dyrekonsentrasjonar og høg produksjon. I tillegg til nedbygging av jordbruksareal, skapar dette mangel på spreieareal og gradvis nedbygging av mjølkeproduksjonen. For å stimulere til å oppretthalde dagens produksjon og hindre store transportavstandar for husdyrgjødsel for å overhalde miljøkrava i ny Gjødselforskrift, bør det innførast økonomiske støtteordningar for nydyrking og opparbeiding av innmarksbeite som spreieareal til forproduksjon.
7. Betre økonomiske verkemiddel må på plass for å stimulere til meir grøfting på Vestlandet.
Drenering og god jordhelse er viktige miljøtiltak. Klima og terreng på Vestlandet gjer at behovet for drenering er stort, men dei naturgjevne tilhøva gjer også arbeidet kostbart og krevjande.
8. Ordningane knytt til ferie, sjukdom og svangerskap må framleis bli betre for å sikre velferda til dei som er i næringa og gjere det attraktivt for unge å satse på landbruket. Dette kan gjerast ved å auke satsane og ikkje avkorte tilskota mot inntekt utanom bruket.
9. Kunnskap må ligge til grunn for klima- og miljøtiltak i landbruket. Dei rette tiltaka må gjerast lønsame for bonden utan at det går ut over produsert mengd.
10. For Vestlandet er det avgjerande at samvirka sitt ansvar for marknadsordningane slik vi kjenner i dag, vert vidareført. Tiltak som sikrar balanse i marknaden er viktig innan alle produksjonar. Dette er avgjerande for økonomien til matprodusentane, men er også eit gode for forbrukarane.
11. Tilskot til fellesanlegg for frukt- og grønt må aukast. Støttenivået må vere gradert slik at støtta går ned med auka storleik på pakkeriet.
12. Det må setjast av nok midlar til forsking og utvikling for å sikre at også små og mellomstore gardsbruk kan investere i teknologi som gjev lågare klimaavtrykk, auka produktkvalitet og betre driftsøkonomi.
13. Det bør setjast av midlar til eit prosjekt som kan vurdere innhald i og organisering av helseteneste for bier.
14. For å styrkja inntektsgrunnlaget særleg på mindre bruk må det leggjast til rette for meir lokal foredling og omsetning av landbruksprodukt
15. Det bør setjast av midlar for å vurdera tiltak mot matsvinn.
16. Det bør setjast av midlar til å vurdera tiltak for å ta i bruk unytta jordbruksareal
Bakgrunn for saka
- Jordbruksforhandlingane er årlege forhandlingar mellom Staten og organisasjonane i landbruket; Norges Bondelag og Norsk bonde- og småbrukarlag.
- Vestland fylkeskommune er invitert til å gje innspel til Landbruks- og matdepartementet før jordbruksforhandlingane for 2026.
- Vestland bondelag, Sogn og Fjordane bonde- og småbrukarlag, Hordaland bonde- og småbrukarlag, Statsforvaltaren i Vestland og Innovasjon Norge i Vestland har fått høve til å gje innspel til saka.