Krev meir pengar til og betre vilkår for fartøyvernsentera
Fylkesutvalet meiner staten må sikre Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund og dei nasjonale fartøyvernsentera ei føreseieleg finansiering.
– Vi er det fylket i landet med flest verna og freda fartøy, så her må vi på bana for å sikre at vi tek vare på denne viktige delen av kulturarven vår på best mogleg vis, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Fylkesutvalet vedtok i møtet 18. februar å slutte seg til eit opprop frå andre fylkeskommunar med nasjonale fartøyvernsenter. Fylkeskommunane meiner dagens prosjektbaserte finansiering ikkje gjev fartøyvernsentera tilstrekkeleg føreseielege rammer for å utføre samfunnsoppdraget.
For lite føreseieleg i dag
Fartøyvernsentera er i dag hovudsakleg finansierte gjennom tilskotsordningar over statsbudsjettet. Ordningane er primært prosjektbaserte, og fartøyvernsentera må søkje om tilskot år for år.
– Det gir for dårlege rammevilkår for dette viktige arbeidet. Det blir for lite føreseieleg, og det gjer sentera sårbare for årlege variasjonar i tildelingar. Det gjer det også vanskeleg å planlegge og rekruttere. Vi ber no staten etablere ein ny og føreseieleg finansieringsmodell, som legg til rette for stabil og langsiktig drift, seier fylkesordføraren.
Fylkesutvalet ber Klima- og miljødepartementet i samråd med Kultur- og likestillingsdepartementet vurdere finansieringsløysingar.
Tre nasjonale fartøyvernsenter
Det er tre nasjonale fartøyvernsenter: Nordnorsk Fartøyvernsenter i Sør-Troms, Bredalsholmen Dokk og Fartøyvernsenter i Kristiansand og Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund. Sentera skal
- sikre den historiske handverkskompetansen som trengst for å ta vare på fartøya
- utføre større oppdrag knytt til dokumentasjon og restaurering av verneverdige fartøy
- dokumentere og føre vidare viktige tradisjonar knytt stil sjølve handverket
Dei nasjonale fartøyvernsentera vart etablerte av Riksantikvaren i 1996.