Kortare, tryggare veg mellom aust og vest

Ein gong i framtida, dersom alt går etter planen, kjem ny bru over Hardangerfjorden og ferjefri veg mellom Odda og Bergen. Fylkesordførar Jon Askeland har nyleg reist rundt og snakka med folket.

Smal veg som svinger seg rundt ein bratt fjellside.
POLL TIL POLL: Ein «arm til Bergen» frå E134 i Jøsendal skal knyte Bergensområdet tettare saman med Hardanger, og gi ein tryggare veg mellom aust og vest. Øvst på lista over prosjekt som uansett skal byggast står dei to rassikringsprosjekta Tokagjelet og Nordrepollen og Austrepollen. Foto: Silje Alvsaker

Vegen skal også knyte bergensområdet tettare saman med Hardanger, og gi grunnlag for vekst og utvikling i Hardanger-regionen. Statens vegvesen har på oppdrag frå Samferdsledepartementet laga ein utviklingsstrategi for «Arm til Bergen» saman med Vestland fylkeskommune og Nye veier AS. 

Arm til Bergen er eit samband mellom E134 ved Jøsendal, sør for Odda, til bergensområdet. I utviklingsstrategien er det forslag til prioritering av dei viktigaste prosjekta på strekninga. 

Den beste løysinga

Fylkesordførar Jon Askeland har vore på miniturné til Samnanger, Ullensvang og Kvam for å orientera om strategien og dei to rassikringsprosjekta «Poll til poll» og Tokagjelet, og høyre på tilbakemeldingar på desse. Med på turneen var Signe Eikenes, prosjektleiar for E134 Arm til Bergen i Statens vegvesen, vegavdelinga i Vestland fylkeskommune, og ordførarane i kommunane i dei tre kommunane. Håkon Lohne frå Nye Veier var med på møtet i Ullensvang.

Samferdsledepartementet bad Statens vegvesen gå vidare med konsept 1 i konseptvalutgreiinga «Ei statleg utgreiing på strategisk nivå som vurderer framtidig utvikling av transportsystemet, for eksempel eit byområde eller ei lengre strekning. for E134 Arm til Bergen», og lage ein utviklingsstrategi for denne. I grove trekk følgjer denne dagens fylkesveg 49 frå Trengereid til Jondal og vidare til Odda. Deretter følgjer den rv. 13 til Jøsendal. Prosjektgruppa har vurdert dei ulike delstrekningane og føreslege nødvendige tiltak og utbyggingsrekkefølgje.

— Planen er at du skal kunne kome raskare fram enn i dag, og mykje tryggare. Det vil gi eit utvida bu- og arbeidsområdet, redusere skred og flau, gi betre framkomme for store køyretøy og meir sikker beredskap, seier Eikenes.

kart som viser ulike alternativ for ein vegtrase.
Kart over alle konsepta som er blitt greidd ut for E134 arm til Bergen. Samferdselsdepartementet har vedteke at vidare planlegging skal ta utgangspunkt i konsept 1. Illustrasjon: Statens vegvesen

I strategien er eit forslag om å erstatte ferja mellom Tørvikbygd og Jondal med bru på lang sikt.

— Dersom det blir bygd ei bru over Hardangerfjorden kjem det til å gå mykje raskare. Vegen får ein nasjonal funksjon i tillegg til den regionale, og den kan bli riksveg i staden for fylkesveg. Bru vil vere den største investeringa, seier Eikenes. 

Tunell-dilemma

Arm til Bergen er langt fram i tid, og i mellomtida har Vestland fylkeskommune to store og viktige rassikringsprosjekt som må byggast. Desse er Poll til poll mellom Jondals- og Folgefonntunellen, og rassikring av Tokagjelet. Begge stadene blir det bygd tunellar, og desse vert dimensjonerte slik at dei passar inn i den framtidige vegløysinga.

— Begge dei to tunellane skal byggast. Planarbeidet for Poll til poll har hatt raskare framdrift enn Tokagjelet og vi bygger Poll til poll først om den planen blir klar først, seier Askeland.

Ein mann med lyst, grått hår står foran ein forsamling av folk som sit og høyrer på.
FOLKEMØTE: For å orientere om utviklingsstrategien, som i grove trekk følgjer fylkesveg 49, har fylkesordførar Jon Askeland vore på folkemøte i Samnanger, Kvam og i Ullensvang. Foto: Silje Alvsaker

Ein del av dei oppmøtte på folkemøtet i Samnanger vil ha lang tunell under Kvamskogen, mens fylkeskommunen sitt forslag er ein kortare tunell der det er mogeleg å bruke rassikringsmidlar. Den lange tunellen utløyser ikkje rett til å berre bruke rassikringsmidlar.

— Geologane seier at dersom det raser på feil stad bygger vi ikkje opp igjen før ny tunell er på plass, seier Askeland.

Kan få godkjent plan i år

Poll til poll er til høyring og kan få ein godkjent reguleringsplan allereie i år. Den tre kilometer lange tunellen kostar 1,6 milliardar kroner.
Alle dei involverte kommunane kan uttale seg om utviklingsstrategien.   
— Ser vi framover i tid er det viktigaste trygge liv og helse. Begge rassikringsprosjekta er viktige, no kan vi gi gode innspel til planen, oppmoda ordførar i Samnanger, Karl Bård Kollbotn.

Årleg mottar fylkeskommunen 450 millionar kroner til rassikring der mykje av pengane har blitt spart til eit større prosjekt.

— Det er første gang det er arbeid fram ein utviklingsstrategi som ein del av ein oppfølging av ein KVU. Trinnvis bygging av strekninga gjer at det er meir realistisk at vi kjem i mål, seier Askeland. 

Stor interesse

På folkemøtet i Odda var det størst merksemd knytt til kor raskt det let seg gjere å rassikra Oddadalen. Mange av dei frammøtet uttrykte støtte til å jobbe for den samla løysinga med «arm til Bergen» for å få til ei regionforstørring i Hardanger.

På møtet i Kvam var det heile 120 frammøtte. Der vart det gitt tydeleg melding frå salen om at ein må gå for den valde løysinga og snarast råd kome i gang med rassikring av Tokagjelet, samstundes som ein i reguleringsarbeidet finn best mogleg løysingar i Steinsdalen og Eikedalen. 
Fylkesordførar Jon Askeland meiner det gode frammøtet er uttrykk for eit engasjement og interesse for å bli direkte informert. Fylkesordføraren meiner at i ei tid der sosiale medium og kommentarfelt i avisene gir stort rom for sterke meiningar, så bør fylkeskommunen halde fram med folkemøta.

—    Etter mitt syn er det å møta folk i same rom ein viktig del av det norske demokratiet, og eg meiner vi bør til og med styrkja kommunikasjonen med innbyggjarane gjennom folkemøte. Vi såg det same i 2024 med folkemøta kring dimensjonering av vidaregåande opplæring. Eg likar meg rett og slett på folkemøte, jamvel når det bles litt, avsluttar fylkesordføraren med eit smil.