Justeringar i opplæringstilbodet – dette er endringane

Hovudutval for opplæring og kompetanse har justert opplæringstilbodet ved dei vidaregåande skulane for skuleåret 2026/27.

Elev foran skap
JUSTERINGAR: Hovudutvalet for opplæring og kompetanse vedtok justeringane frå administrasjonen med nokon endringar. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

– Dette er ei av dei viktigaste og mest krevjande sakene vi behandlar gjennom året. Vi veit at justeringane betyr mykje for elevar, føresette, skular og lokalsamfunn. Målet vårt er at flest mogleg søkjarar skal få eit tilbod dei ønskjer, samtidig som vi må ta omsyn til kapasiteten ved skulane og behova i arbeids- og næringslivet, seier Åsmund Berthelsen, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse.

Justeringane byggjer på søkjartala per 10. april. Målet er å gi flest mogleg søkjarar med ungdomsrett eit skuletilbod som samsvarar med ønska deira.

Fleire yrkesfaglege tilbod får fleire klassar

Fleire skular får fleire klassar innan yrkesfaglege utdanningsprogram som helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag og elektro og datateknologi.

– Søkjartala viser at mange elevar ønskjer yrkesfag. Det er positivt, men det krev også at vi følgjer opp med nok elevplassar og nok læreplassar, seier Berthelsen.

Ingen tilbod blir varig lagde ned

Nokre tilbod får færre klassar eller blir ikkje sette i gang komande skuleår. Hovudutvalet understrekar at dette ikkje betyr at tilboda er varig lagde ned.

Tilboda skal vurderast på nytt når opplæringstilbodet for skuleåret 2027/28 skal lysast ut.

Justerte framlegget frå administrasjonen

Hovudutvalet vedtok justeringane som står i saksframlegget frå administrasjonen (PDF), med desse endringane:

Årdal vgs.

+ 1 klasse vg1 studiespesialisering

Stryn vgs.

+ 0,5 klasse vg1 studiespesialisering

Knarvik vgs.

+ 0,5 klasse vg2 språk, samfunnsfag og økonomi

Førde vgs., avdeling Høyanger

+ 0,5 klasse vg1 studiespesialisering

Austrheim vgs.

+ 0,5 klasse vg1 studiespesialisering

Førde vgs.

– 1 klasse vg2 køyretøy

+ 0,5 klasse vg1 naturbruk

+ 0,5 klasse vg2 landbruk og gartnarnæring

Måløy vgs.

+ 0,5 klasse vg2 helsearbeidarfag

Laksevåg og Bergen maritime vgs.

– 1 klasse vg3 maritim elektrikarfaget

Bømlo vgs.

– 1 klasse vg2 maritime fag

Voss gymnas

– 1 klasse vg1 helse- og oppvekstfag