Inkluderande friluftsliv: Frilager sikrar turutstyr med fylkeskommunal støtte

Tusenvis av gjenstandar står klare til utlån, samstundes som etterspurnaden aukar. Med ein halv million fylkeskommunale kroner i ryggen, jobbar Frilager Bergen og omland for at verken økonomi eller utstyrsmangel skal stoppe turlysta.

Foto av barn/ungdomar samla rundt bålpanne ute i snøen.
UT PÅ TUR: Frilager har som mål at verken økonomi eller mangel på utstyr skal vere til hinder for at folk kjem seg ut på tur. Frå lagera deira kan skular, frivillige organisasjonar og andre hente ut ski, bålpanner, klede og alt anna som trengst på tur. (Foto: Frilager)

Treng du ski, skøyter, stormkjøken, redningsvest, telt, hengekøye, turbukse eller ullsokkar? Frilager Bergen og omland dekker kommunane Alver, Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Osterøy og Øygarden og leverer det meste av turutstyr.

Sosial utjamning og folkehelse

I 2025 fekk Frilager 300 000 kroner i driftstilskot og 200 000 kroner i prosjektmidlar frå Vestland fylkeskommune. Støtta gjer det mogleg å vidareutvikle ein profesjonell og tilgjengeleg utstyrsbank, som bidreg til at skular, frivillige organisasjonar og lokalsamfunn skal kunne gjennomføre trygge og gode turar.

– Frilager og alle andre frivillig- og utstyrssentralar i fylket er viktige aktørar for inkludering, sosial utjamning og berekraftige forbruksvanar. Den profesjonelle forvaltninga av friluftsutstyr bidreg til betre folkehelse og meir aktivitet i både skular og frivilligheit, seier Jacob Nødseth, leiar for kultur, idrett og inkludering i Vestland fylkeskommune.

Likare tilgang til naturen

Det tette samarbeidet mellom Frilager og frivillige lag og organisasjonar er sjølve nøkkelen til modellen.

– Inkludering skjer best når frivillige turleiarar inviterer til tur og skaper trygge rammer. Dei skal ikkje måtte bruke tid på logistikk og utstyr. Det tek vi oss av, seier Bjørnar Dahle, dagleg leiar i Frilager Bergen og omland.

Sju personar på skitur.
Frilager samarbeider tett med frivillige lag og organisasjonar om oppbevaring av turutstyr. I fjor fekk dei 200 000 kr i prosjektmidlar frå fylkeskommunen. Pengane gjekk til å vidareutvikle utstyrsbanken. (Foto: Frilager)

Frilager tek ansvar for lagerdrift, logistikk og vedlikehald, slik at turleiarar og lærarar kan jobbe for gode naturopplevingar. Organisasjonane eig utstyret sjølv, medan Frilager forvaltar det. Når nokon treng å låne utstyr, bestiller dei på Frilager.no og blir levert nær turstart. Slik kan skular og frivillige no låne av kvarandre.

– Mange av tilskotsordningane våre rettar seg mot frivilligheita, og det er alltid eit mål å støtte tiltak som gjera at flest mogleg får delta i aktivitet. Vi jobbar no med å gjera tilskotsordningane endå betre og meir målretta. Slik håpar vi å nå målet i kulturplanen om at alle skal kunne delta, oppleve og skape, seier Jacob Nødseth.

Les meir om ny tilskotsforvaltning på feltet kultur og folkehelse.

Prosjektmidlar som gir utviklingskraft

Prosjektmidlane på 200 000 kr har gått til prosjektet «Lokal tilgang til tur- og aktivitetsutstyr på deling» og har bidrege til å kartleggje eigna stadar for nye hentepunkt. Eit hentepunkt er eit lite, lokalt utstyrslager med klart utstyr – som kanoar ved gode padlevatn eller ski ved skiløyper. Ved større behov blir det supplert frå hovudlageret. Hentepunkt gjer det enkelt for grupper å komme seg ut utan å frakte utstyr langt.

Støtta gjer det også mogleg å arbeide regionalt. No kan frivillige organisasjonar i Bjørnafjorden låne turutstyr frå Askøy, og redningsvestar frå Øygarden kan brukast på arrangement i Alver.

– Etterspørselen frå både skular og frivillige organisasjonar aukar. Mange ønskjer å få ubrukt utstyr i sirkulasjon, dele lavvoar eller sleppe å tørke dei i stova etter enda tur, seier Bjørnar Dahle.

Frivilligheita byggjer utstyrsbanken

Frilager er eit initiativ frå det frivillige. Styret består av Hordaland Krins av Norges speiderforbund, Bergen og Hordaland turlag og Bergen og Omland Friluftsråd, og Bergen Røde Kors – som alle har bidrege med store mengder eige turutstyr inn i spleiselaget. Over 20 andre organisasjonar har også bidrege, frå fleire hundre redningsvestar frå Redningsselskapet til eit gigantisk utesjakkbrett frå Redd Barna. Frilager har i dag tusenvis av ting til utlån – frå ullsokkar og skalkledning, til kanoar og stormkjøken.

Bålpanne med popcorngryte.
Både bålpanne og popcorngryte er å finne på lageret til Frilager. (Foto: Frilager)

– Profesjonelt lagerhald gir meir brukstid på utstyret og lengre levetid. Eg veit at utstyret er i orden når vi treng det – og manglar vi noko, har som regel Frilager det frå ein annan organisasjon, seier Endre Helland i Hordaland krins av Norges speiderforbund.

Bjørnar Dahle i Frilager fortel at støtta frå fylkeskommunen gjer det mogleg å sikre at utstyret alltid er klart, sjekka, vaska og tilgjengeleg nær der turen startar. Det er avgjerande for at alle barn og unge,  uavhengig av økonomi og bakgrunn, skal kunne vere med på like vilkår.

Organisasjonar som ønskjer å bidra til spleiselaget, kan ta kontakt via Frilager.no.