Grønt lys for idrett i tunellen

Fylkeskommunen opnar for idrettsarrangement i Fyllingsdalstunellen. På helge- og heilagdagar kan den populære gang- og sykkeltunellen bli arena for løp og konkurransar, men kvardagstrafikantane skal skjermast.

Bilde fra inne i ein tunell. Tunellen er for gåande og syklande, med grått dekke på ein halvdel av vegdekket og blått dekke for gåande på andre halvdel. I forgrunnen ser vi ei eldre dame i svart boblejakke gå framover, fulgt av ei yngre par mann og dame joggande bak skyvande på ei sykkelvogn med to born. På høgre side av tunellen sit det to eldre menn på ein benk. Veggane i tunellen er dekka av heildekkande kunstverk i grått og blått og turkis og grå steinmur. Taket er heildekka av eit plastdekke med gjennomgåande lys som nokon stader kastar lilla lys i taket. Vi ser fleire gåande og syklande i tunellen der den strekk seg bakover i bildet.
NY IDRETTSARENA: Ingen fare for regn eller vind – Fyllingsdalstunellen kan no bli ein ny, spektakulær idrettsarena inne i fjellet. Foto: Thor Brødreskift/Miljøløftet

Fylkesutvalet har sagt ja til at Fyllingsdalstunellen kan brukast til idrettsarrangement. Den 2,9 kilometer lange tunellen mellom Kristianborg og Fyllingsdalen i Bergen har jamn temperatur på rundt 7 grader, lys og eige dekke for både løping og sykling, noko som gjer den attraktiv for ulike aktivitetar.

– Dette er ein flott måte å utnytte infrastrukturen vår på! Vi ønskjer at Fyllingsdaltunellen skal gi glede og meirverdi for folk i Bergen, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.

– Vi hadde behov for få på plass køyrereglar for spesiell bruk av tunellen. No har vi fått dette avklart, og kan ønskje velkomen til både dagleg bruk og spesielle arrangement i verdens einaste tunell i sitt slag, kun i Bergen.

Nyskapande arena i fjellet

Tunellen er mykje brukt av både gåande og syklande, særleg i vekedagane når mange pendlar til og frå jobb. Difor har fylkeskommunen vore tydeleg på at arrangement berre kan skje på tidspunkt med låg trafikk. Av omsyn til kvardagstrafikken blir det moglegheit for stenging for arrangement på laurdagar, søndagar og på heilagdagar. Tunellen kan da bli stengt i inntil tre timar om gongen, og bybanen blir det alternative transportmiddelet gjennom fjellet.

– Vi har vore opptekne av å finna ei løysing som både gjev rom for arrangement og tek vare på dei faste kvardagstrafikantane og overordna tryggleik. Dette meiner eg vi har lukkast godt med, seier Askeland.

Klare rammer for tryggleik og drift

Tunellen er først og fremst rømmingsveg for Bybanen, og tryggleik veg tungt. Difor blir det berre opna for å stenge den i samband med idrettsarrangement, ikkje kulturarrangement. Tunellen er meir sårbar for skadar enn andre tunellar.

Rømmingsvegar og tekniske installasjonar må alltid haldast frie, og tunellen må kontrollerast etter arrangementsbruk. Søknader om arrangement skal handsamast fortløpande, utan eit fast tak på tal tilstelningar per år. Klart grønt lys for idrettsarrangement frå fylkespolitikarane tyder at Fyllingsdalstunellen no kan bli ein fast arena både for mosjonistar og idrettsutøvarar.