Gjelda aukar, men mindreforbruk og ekstra inntekter sikra pluss i rekneskapen

Vestland fylkeskommune brukte i fjor 276 millionar kroner mindre enn det var budsjettert med, men fekk både meir gjeld og høgare renteutgifter.

Fasaden på nye Kvam vidaregåande skule.
INVESTERINGSVILJE: Det er høgt investeringsnivå i Vestland fylkeskommune, noko som blant anna har resultert i ny Kvam vidaregåande skule i Øystese. Men høgt investeringsnivå gir også auka lånegjeld og finansutgifter, som i sin tur utfordrar drifta. (Foto: Bjarte Brask Eriksen/Vestland fylkeskommune) 

– Vi har god budsjettdisiplin i organisasjonen, der nesten alle sektorane har brukt mindre pengar enn det som var sett opp i budsjettet. Tidlegare har særleg kollektivsektoren hatt ubalanse mellom inntekter og utgifter. Dette endra seg i 2025, fordi kontraktskostnadane vart lågare enn budsjettert. Det er både ei gledeleg og nødvendig utvikling, fastslår Robert Rastad, som tok over som ny fylkesdirektør 1. januar i år.

Mindreforbruket i rekneskapen for 2025 vart på 276 mill. kr, mot 36 mill. i 2024.

God tenesteproduksjon trass stramme økonomiske rammer

Rastad framhevar innsatsen tilsette har lagt ned gjennom fjoråret. 

– Eg er glad for den viktige jobben alle tilsette gjer kvar dag for å levere gode tenester til innbyggjarane og utvikle Vestland. Vi har stramme økonomiske rammer, men det går ikkje utover verken det høge faglege nivået eller stå på-viljen som eg opplever pregar heile organisasjonen. Det er imponerande, seier han.

Rekneskapen er gjort opp i balanse ved at den budsjetterte bruken av disposisjonsfond er redusert med same sum som mindreforbruket. Netto driftsresultat i 2025 er på 981,5 millionar kroner, som tilsvarer 5 prosent.

Dette er eit viktig økonomisk måltal. Det seier noko om kva som er igjen til finansiering av investeringar (657 mill. kr) og avsetjingar til fond (324 mill. kr) etter at alle vanlege driftsinntekter og -utgifter er ført i rekneskapen. Hovudårsaka til det betra resultatet er inntektsvekst på over 7,5 prosent frå 2024 til 2025, medan driftsutgiftene auka med 4,5 prosent. 

Høgare inntekter og lågare utgifter

Mindreforbruket i rekneskapen skuldast både høgare inntekter og lågare utgifter enn budsjettert. Meirinntektene kjem hovudsakleg frå skatt, konsesjonskraft og renter. Vestland fylkeskommune fekk i 2025 40 mill. kroner meir i skatteinntekter enn budsjettert. I tillegg kom meirinntekter frå sal av konsesjonskraft på 114 mill. kroner og renteinntektene vart 89 mil. kroner høgare enn lagt til grunn i budsjettet.

Det har dei siste åra vore utfordrande å budsjettere for kollektivtrafikken, på grunn av høg kostnadsvekst, men i 2025 bremsa den negative utviklinga opp. Rekneskapen syner eit mindreforbruk på vel 90 mill. kr for sektoren mobilitet og kollektiv.

Andre sektorar som gjekk i pluss var eigedom og utbygging med knapt 25 millionar kroner og infrastruktur og veg med vel 8 millionar kroner. Rekneskapen for opplæring og kompetanse er gjort opp i balanse etter mellom anna avsetjing av midlar til skulefond.

Lånegjelda aukar

Lånegjelda var ved årsskiftet på om lag 18 milliardar kroner. Det er rundt 0,6 milliardar kroner meir enn ved utgangen av 2024. Renteutgiftene var på vel 750 millionar kroner, som er 116 millionar kroner eller 18,3 prosent meir enn året før. Driftsinntektene auka samstundes noko meir enn lånegjelda. Det førte til at netto gjeldsgrad vart redusert med 1,8 prosentpoeng til 90,7 prosent.

– Fylkeskommunen har eit høgt investeringsnivå. Det aukar lånegjelda og dermed finansutgiftene, noko som i sin tur utfordrar drifta vår. Dette gir grunn til uro, seier Rastad.

God måloppnåing, men behov for omstilling

Fylkesdirektøren er nøgd med måloppnåinga i 2025. Fylkestinget har sett som mål at netto driftsresultat skal vere minst 4 prosent. Rekneskapen for 2025 viser 5 prosent. Måltalet for gjeldsgrad har på det høgaste vore 115 prosent, men er redusert til 110 prosent frå 2026. For 2025 er altså gjeldsgraden godt under måltalet. Fylkesdirektøren vurderer dette som positivt, men peikar samstundes på at det er viktig å ha merksemd på den stigande gjeldsgraden i økonomiplanen. Samla rente- og avdragsbelastning ligg godt over nivået som fylkestinget har vedteke.

Fylkestinget vedtok i desember 2025 at Vestland fylkeskommune skal setje i gang eit omstillingsprogram. Det skal gå fram til 2030 og sikre at vi tilpassar oss nye rammevilkår både målretta og systematisk.

– Offentleg sektor står framfor store utfordringar i åra framover. Det er blant anna knytt til ei aldrande befolkning og færre yrkesaktive. Det vil også påverke Vestland fylkeskommune og krevje endringar i både arbeidsmåtar og tenestetilbod. Resultatet for 2025 viser at vi har god kontroll på økonomien. Det er viktig for å kunne gjennomføre omstillinga på ein trygg og planmessig måte, slår fylkesdirektøren fast.

Samarbeid og lagspel gjev resultat

Endringane i rammevilkåra påverkar både privat og offentleg sektor. For å lukkast med nødvendig omstilling må sentrale aktørar samarbeide og trekkje i same retning. Her har Vestland fylkes-kommune ei viktig rolle som pådrivar og brubyggjar. 

– Eg vil gje ros for innsatsen og resultata i 2025. Også i fjor viste me vår gode evne til å dra lasset saman som eitt lag. Det gode og tillitsfulle samspelet mellom folkevalde og administrasjonen gjev oss dei beste føresetnadane for å lukkast. Det vert særleg viktig i åra som kjem med auka krav til endring og omstilling. Me skal vere offensive i møtet med nye rammevilkår og ser at Vestland fylkeskommune kan spele ei sentral rolle også på dette området, framheld fylkesordførar Jon Askeland.

Mål for 2025

  Mål Resultat
Netto driftsresultat Minimum 4,0 % 5,0 %
Gjeldsgrad Under 115,0 % 90,7 %
Rente- og avdragsbelasting 5,0 % 8,4 %
Disposisjonsfond 5,0–10,0 % 9,4 %

 

Nøkkeltal 2025

  2024 2025 Endring
Driftsinntekter 18 214 mill. kr 19 606 mill. kr 1 392 mill. kr
Driftsutgifter (eks. avskriving) 16 587 mill. kr 17 340 mill. kr 753 mill. kr
Netto driftsresultat 473 mill. kr 981 mill. kr 508 mill. kr
Resultatgrad 2,6 % 5,0 % 2,4 %
Renteutgifter 635 mill. kr 751 mill. kr 116 mill. kr
Avdrag på lån 850 mill. kr 900 mill. kr 50 mill. kr
Investeringar 3 936 mill. kr 4 189 mill. kr 253 mill. kr
Lånegjeld 17 539 mill. kr 18 124 mill. kr 585 mill. kr