Fylkesordføraren talte til fylkestinget i Norheimsund
Her kan du lese heile talen fylkesordførar Jon Askeland heldt ved opninga av møtet i fylkestinget 16. og 17. juni.
Gode vestlandsting!
Kongehuset har no offisielt besøkt alle kommunar i Vestland. Besøka er veldig samlande på menneska i lokalsamfunna, og gir kongefamilien energi. På søndag var eg saman med over 300 menneske som fekk innvilga norsk statsborgarskap i Håkonshallen, det var ei flott høgtid. Dei har søkt om og blitt innvilga norsk statsborgarskap, og utviklar no Noreg vidare saman med resten av oss, meir enn utan statsborgarskapen. Det var varmande å kjenna på kor mykje det betydde for dei. Desse to innleiingane viser kor heldige me er, for me er altså ikkje langt unna det hardt prøva folket i Ukraina som no har vore under angrep i over fire år.
Eg lar VM-kampen til natta vera bakgrunn for å kommentera årsmeldinga. Det finst eit bilete av landslagsspelarane i fotballdrakta til barndomsklubben deira. Det viser at dei har starta i det små, i det lokale. Ja, nær ein fylkesveg, som Dina ofte seier, og viser til at me er Vestlands største nabo. Og me spelar ei rolle på vegen til dei som når det store. Våre gratis idrettshallar, kulturhuset Kipo, Stord ishall, Trivselshagen på Sandane, anleggsbidrag til anlegg i heile fylket betyr noko. Ja, VM startar i det lokale.
Elefanten i rommet i dette tinget er at: Det skal sterk rygg til å bera gode dagar. Vestland fylke har frå starten etablert oss som ein dyktig utviklingsaktør, som har villa mykje, og fått til mykje. Me har også balansert godt mellom sektorane og i stort halde mykje av det me lova ved inngangen i 2019, sjølv om eg opplever delvis selektiv hukommelse i salen på skiljet mellom namna på lovnadene og prislappen på dei.
Det er inga vanskeleg sak å lesa rekneskap og budsjett for å sjå at me straks er ferdige med dei sju feite, og no ventar dei sju magre åra oss. Og me kan påverka kor magre dei vert. Me har sidan starten hatt høgare investeringsnivå enn det som er berekraftig, så den tusenlappen per innbyggjar me har i ekstrainntekter samanlikna med dei andre fylka går no til å betena renter og avdrag. Når me så i tillegg er det fylket som brukar mest på kultur, mest på opplæring pga. flest skular i høve elevtal og mange små grupper, mest på kollektiv på grunn av stor vekst i bergensområdet og ferjer og snøggbåtar, mest på veg på grunn av topografi og at det bur folk som driv næring overalt, ja, mest på næring og til og med på tannhelse, så vil enno større låneopptak også utfordra driftsbudsjettet vårt. Fylkesdirektøren åtvarar oss heilt rett i å kjøla ned investeringslysta vår.
Eg trur me alle kjenner på ei uro rundt alt dette framfor tingseta. Eg opplever at me er samde i viljen til å gje øyfolket bru, men eg trur me kjenner på kompleksitet og den vanskelege avveginga mot andre lovnader. Og eg veit me vil få dette overstått.
Eg viser til saka om forbetring av ferjeavløysingsordninga. Den viser dilemmaa i saka, og eg er glad for at det er gode framlegg i denne. For samanlikna med ordninga om rassikringsmidlar til fylkesvegar, er ordninga er faktisk ganske dårleg dersom fylket har høg gjeld, prosjektet er dyrt og den fylkeskommunale delen vert langt større enn det ordninga dekker. Då konkurrerer prosjektet om andre tiltak som me har forplikta oss til. Me er der. For ideen med ferjeavløysingsordninga var at ferjeavløysingsmidlane skulle dekka bruinvesteringa. I 2021 dekka ferjeavløysingsordninga 2/3 av brua, det som ligg framfor oss no er heile 60 prosent eigendel. Dermed konkurrerer ein stor del av prosjektet med ordinære investeringsprosjekt. Me må jobba vidare med å forbetra ordninga.
Eg inviterer til at debatten om Atløysambandet vert ryddig. Kjernen er at uansett vedtak, så vil nye store låneopptak ha andre konsekvensar enn me hittil har opplevd desse seks åra. Det vil uansett vera handlingsrom, konsekvensen av eit ja til Atløybru er ikkje full stopp i andre prosjekt. Det er heller ingen nord-sør-debatt, meir ein debatt om ulike distriktslovnader, og eg viser til at RTP-innstillinga er eit stort løftebrot på mange veglovnader, sidan det meste er fryst.
Oppsummert ser me no eit ekte dilemma, der utfallet uansett er at nokon og noko må venta, og eg trur alle kjenner på dette samvitet. Nokon vil uansett ha noko av oss, som me tek avgjerd i. Og det er me som har det heile ansvaret for økonomien vår, som oppsummert kan vera som Jan P. Syse sa: Summen av alt me er for, er me imot.
I Askvoll var det i går markering og folk derfrå er her i dag. Fjordane regionråd sa at tilliten til oss vert svekka om me seier nei. På den andre sida får me grei beskjed frå andre, om at dersom me går inn for Atløybrua treng me ikkje klaga til regjeringa om midlar til fylkesvegforfall i storleiken 20 milliardar. Trekk i nødbremsa, sa BA på kommentarplass, de har gått dykk vill lenge nok. Den folkelege forteljinga synest eg kom flott fram i NRK sin radioreportasje før helga om den unge faren som vart hardt skadd på den særs trafikkfarlege vegen i Etne. Han ønskjer at guten skal få ein trygg veg. I RTP har me stroke dette prosjektet me har lovd så lenge.
Kjære alle. Same korleis me voterer i saka, så er det basert på samvit overfor ulike lovnader og konsekvensar. Dette er faktisk fundamentet i oppdraget vårt når det ikkje er midlar til alt. Eg føler på at me deler ønsket om at me landar, og går vidare saman i respekt for det vedtaket som vert fatta.
For den gode politiske kulturen me har her i salen, er eit godt utgangspunkt dersom styringsforma vert endra. Parlamentarisk styreform er dyrare i drift enn formannskapsmodellen i alle fall dei første åra, men det ligg ein fordel for Vestland å dyrka fram fleire politiske talent gjennom modellen. Dermed må ei endring bli synleg til det betre, for elles vert det ein utfordrande start.
Bergen har parlamentarisme, dei 42 andre kommunane har formannskapsmodellen. Dersom innstillinga får fleirtal, bør me gå ein runde med alle kommunane om korleis me er den beste medspelaren for dei, for parlamentarisme handlar om meir enn oss. Eg ser fram til debatten i saka
Det var litt av eit arbeid på Stortinget, uavhengig av standpunkt, som landa Stad skipstunell. Og sidan det er ein post på statsbudsjettet, så er summen låg mot jernbaneprosjekta austanfor.
Me får ytterlegare reduserte kollektivprisar, og eg ber Stortinget om å gje oss meir midlar til drift av kollektiv. For ferske tal frå Skyss viser at i byvekstområdet går no tal kollektivreisande ned, og fleire køyrer bil. Dette trass i kraftig reduserte billettprisar og kraftig auka bompengar og p-avgifter. Skyss mfl. treng tid på å finna ut av tala, men det gir grunn til uro.
Tenk kor mange gode gjevarar me har i fylket, sist veke kom meldinga om 85 millionar til arkitektkonkurranse for Fosse senteret.
Eg var glad for å bli invitert med fylkesblinget til å opna regnbogedagane i Bergen, og det gjorde inntrykk på meg då det frå scena vart sagt så enkelt og sårt: Eg er berre eit menneske, og eg er den eg er. La meg berre sleppe at livet mitt skal vera gjenstand for debatt. Eit samfunn bygd på humanismens voll med respekt for kvarandre, og at alle skal vera trygge, er verdt å kjempa for.
Godt vestlandsting!