Folkehelseundersøkinga 2026: Korleis har vestlendingane det?
Torsdag 16. april blir over 222 000 vestlendingar inviterte til å delta i folkehelseundersøkinga.
Målet er meir kunnskap om helse og livskvalitet blant vaksne i Vestland. Undersøkinga blir gjennomført av Vestland fylkeskommune i samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI) og kommunane i fylket.
– No håpar vi så mange som mogleg tek seg tid til å svare. Fylkeskommunen og kommunane treng å høyre korleis innbyggjarane i Vestland har det for å gjere fylket til ein endå betre stad å bu og leve, seier Jon Askeland, fylkesordførar i Vestland.
Dei som skal svare, får invitasjon
Årets folkehelseundersøking blir i år for første gong gjennomført på Helsenorge. Det betyr at dei 222 054 innbyggjarane som er trekte ut til å delta, får invitasjon frå FHI på den måten dei har valt å få varsel på i Helsenorge. Det betyr også at det ikkje er noko lenke til undersøkinga i invitasjonen. For å svare på undersøkinga, må dei inviterte logge seg inn i Helsenorge med BankID.
– Dersom nokon opplever å få invitasjon med lenke, kan dette vere svindel. Generelt er det ein god regel å aldri trykke på lenker du får tilsendt på SMS eller e-post, gå heller inn på dei offisielle nettsidene. I dette tilfellet vil det vere Helsenorge, opplyser Mie Dahl Pind, som er prosjektleiar for folkehelseundersøkinga i Vestland fylkeskommune.
Det tek om lag 15–20 minutt å svare, og det er enkelt og trygt å delta. Svara blir behandla i tråd med gjeldande personvernreglar, slik at ingen kan kjennast att i resultata som blir publiserte.
Spørsmål om klimaendringar og beredskap
I undersøkinga er det spørsmål om helse og nærmiljø og livskvalitet, og andre forhold som er viktige for folkehelsa i fylket. Resultata vil bli brukte i folkehelsearbeidet i kommunane og i fylkeskommunen.
Folkehelseundersøkinga skal også kartlegge i kva grad vestlendingane synest det er viktig med eigenberedskap, og om dei trur klimaendringar kjem til å påverke framtida negativt. Folkehelseundersøkinga i 2022 viste at 12 prosent av dei som svarte i Vestland, rapporterte låg grad av framtidsoptimisme.
19,2 prosent hadde økonomiske vanskar i 2022
Det er altså fire år sidan førre folkehelseundersøking i fylket. Då svarte 19,2 prosent at dei hadde økonomiske vanskar og syntest det var vanskeleg å få hushaldsinntekta til å strekke til i det daglege. Telemark gjennomførte tilsvarande folkehelseundersøking i fjor haust og fann stor auke her.
– Vi er spente på korleis Vestland ligg an. Med den auken vi har sett i mat- og energiprisar den siste tida, ventar vi ein auke også her i fylket. Svara i undersøkinga vil gje oss viktig kunnskap. Det er også viktig å få innsikt i moglege skilnadar mellom dei ulike delane av fylket, slik at vi kan jobbe for trygge, attraktive og livskraftige lokalsamfunn i heile Vestland, seier fylkesordførar Jon Askeland.
Resultata frå undersøkinga vil gi eit viktig grunnlag for vidare folkehelsearbeid, både lokalt og regionalt.