Fleirtalet i fylkestinget seier ja til parlamentarisme

Vestland fylkeskommune kan bli parlamentarisk styrt i løpet av neste valperiode, 2027–2031.

Fylkestinget har møte på Vestlandshuset.
FYLKESTINGET: Etter vedtaket om parlamentarisme i fylkestinget denne veka, står det nye fylkestinget som skal veljast hausten 2027, fritt til å innføre parlamentarisme i Vestland i løpet av neste valperiode. Bildet er frå det konstituerande møtet til det sitjande fylkestinget, 17. og 18. oktober 2023. (Foto: Morten Wanvik/Vestland fylkeskommune)

Parlamentarisme er slik Stortinget blir styrt, med ei regjering som styrer, og som blir danna av fleirtalet i Stortinget (parlamentet). I ein fylkeskommune vil «regjeringa» vere eit fylkesråd, som blir danna av fleirtalet i fylkestinget. Fylkesrådet får ansvaret for å styre fylkeskommunen og er avhengig av tillit frå fylkestinget. Viss fleirtalet i fylkestinget vedtek at dei ikkje har tillit til fylkesrådet, må rådet gå av. 

To fylkeskommunar har parlamentarisme i dag: Nordland og Akershus. Alle dei andre har formannskapsmodellen. Då er det fylkestinget som styrer. Fylkesutvalet førebur saker til fylkestinget, og fylkesutvalet skal spegle samansetnaden av dei ulike partia i fylkestinget. Tanken er å sikre oppslutnad om vedtaka frå alle parti, ikkje berre eit fleirtal (som eit fylkesråd vil vere). 


Fylkestinget behandla saka i møtet i Norheimsund 17. juni. 38 representantar stemde ja til å innføre parlamentarisme. Dette er eit mogleg første steg på vegen mot å endre styringsform frå formannskapsmodellen til parlamentarisme. For at det faktisk skal bli innført, må det nye fylkestinget som blir valt i september 2027, vedta det med 2/3-dels fleirtal.  

– Fylkestinget har ikkje vedteke endra styringsform, men følgt kravet i kommunelova om at eit så stort grep som å endre styreform, må skje i fleire steg. Fylkestinget har no gitt fylkestinget i neste valperiode høve til å innføre parlamentarisme, dersom det er fleirtal for dette. Dette to-stegskravet opnar for både utgreiing av endra styringsform og konsekvensane av det, både internt og ekstern. Enkelt sagt medfører parlamentarisme at dei politiske skillelinjene kjem tydelegare fram, og det politiske ansvaret blir tydelegare, seier fylkesordførar Jon Askeland. 

Viktig med dialog med kommunane 

Fylkesordføraren understrekar at det er viktig med god utgreiing av korleis ein parlamentarisk modell kan verte, at det er viktig med god informasjon, og at det er mange som må høyrast før eit endeleg vedtak.

– Vi samarbeider tett med alle 43 kommunane i fylket, og berre Bergen har parlamentarisme. No må vi gå ein runde med alle kommunane om korleis vi kan vere den beste medspelaren for dei. Dette handlar om meir enn oss, slår Askeland fast. 

For at det skal innførast parlamentarisme i Vestland i løpet av neste valperiode, må det nye fylkestinget vedta dette seinast 1. januar 2029.  

Dyrkar fram fleire politiske talent 

Fylkestinget ber også fylkesdirektøren utgreie ein parlamentaristisk styringsmodell vidare, både med omsyn til kostnadar og dagens utvalsstruktur.  

– Parlamentarisk styreform er dyrare enn formannskapsmodellen, i alle fall i starten. No har vi bedt administrasjonen om å utgreie saka slik at fylkestinget blir godt opplyste om fordelar og ulemper med styringsmodellen, seier fylkesordføraren.  

Meir politisk styring 

Med parlamentarisme går funksjonen med fylkesdirektør går ut, og den politiske leiinga – fylkesrådet – får den daglege oppfølginga av administrasjonen. Kvar avdeling blir politisk styrt av fylkesråd for dei ulike fagområda.  

– Samfunnsoppdraget til fylkeskommunen ligg fast. Vi skal framleis levere gode og framtidsretta tenester til folk i fylket. Ei parlamentaristisk styreform er ein anna måte å organisere oss på. No skal vi jobbe vidare med dette, både internt og ikkje minst saman med kommunar og andre samarbeidspartar. Så er det opp til det neste fylkestinget å ta endeleg avgjerd, avsluttar fylkesordføraren.