Får støtte til å rekruttere ungdom til skogbruket
Hovudutval for næring har fordelt 542 035 kroner i regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket. 150 000 kr går til eit prosjekt som skal få fleire ungdomar til å gå inn i skogbruket.
Det er Sogn og Fjordane Skogselskap som får støtta til eit prosjekt som rettar seg mot ungdom mellom 15 og 25 år. Gjennom å tilby sommarjobb er målet at 30 prosent av ungdomane skal søke høgare skogutdanning innan fem år, og 50 prosent innan sju år.
– Her tenkjer næringa nytt og framtidsretta. Det støttar vi og heiar fram. Skog- og trenæringa skaper arbeidsplassar i heile verdikjeda, frå skogsdrift til sagbruk, papir- og trevareindustri. Særleg i distrikta er dette viktig for både sysselsetjing og lokal økonomi, seier Sigrid Brattabø Handegard, leiar for hovudutval for næring.
Sommarjobb i Nordfjord og Sunnfjord
Prosjektet Sogn og Fjordane Skogselskap får støtte til, rettar seg mot ungdom mellom 15 og 25 år og handlar om å rekruttere ungdomane til sommarjobbar i Nordfjord og Sunnfjord. Ungdomane får opplæring i skogbruk og bruk av motorryddesag. Dei besøker lokale bedrifter i skog- og trenæringa, og dei får informasjon om utdanningsmoglegheiter innan næringa. Prosjektet skal bidra til auke kompetanse og langsiktig rekruttering til skognæringa.
– Skogbruket er ei næring med ei fornybare råvare – tre. Når skogen blir driven berekraftig, veks han opp att og bind store mengder karbon. Slik er skogbruket også ei viktig næring i det grøne skiftet, seier Handegard.
Dei siste to åra har til saman 17 ungdomar vore tilsette, og i 2026 skal åtte ungdomar få arbeid i skogen i minst tre veker.
Sju prosjekt får til saman ein halv million
Hovudutvalet behandla saka og løyvde pengane i møtet 11. februar. Til saman sju prosjekt rundt om fylket får til saman 542 035 kr, og fleire av prosjekta rettar seg mot kurs og rekruttering.
Desse får regionale tilretteleggingsmidlar i landbruket:
- Sogn Næring får inntil 51 000 kroner til prosjektet Berekraft og innovasjon i landbruket i Vik kommune.
- Vest Landbrukstenester får 54 350 kroner i støtte til avløysarkurs i samarbeid med arbeidslivsfag på Stryn ungdomsskule.
- Selje skule får inntil 14 175 kroner til motorsagkurs for elevar i 10. trinn.
- Sogn og Fjordane Skogselskap får inntil 199 000 kroner i støtte til prosjektet Kompetanseauke gjennom korte kurs i skogbruket.
- Sogn og Fjordane Skogselskap får inntil 175 000 kroner i støtte til Rekrutteringsprosjekt for skogbruket i Vestland.
- Stryn ungdomsskule får inntil 48 510 kroner til motorsagkurs for elever ved 10. trinn.