Får 39,3 millionar til behandling av tannlegeskrekk
Tannhelsetenesta i Vestland har fått tildelt 39,3 millionar kroner frå Helsedirektoratet til behandling av pasientar med alvorleg tannlegeskrekk gjennom TOO-ordninga (tortur, overgrep og odontofobi).
Midlane skal gå direkte til pasientbehandling og til å styrkje dei tverrfaglege behandlingsteama.
– Vi er svært glade for auka tildeling frå Helsedirektoratet, slik at vi kan halde fram med å styrke denne viktige tenesta i Vestland, seier fylkestannhelsesjef Mette Karin Fauskanger.
Vestland søkte om 43 millionar kroner og fekk innvilga 39,3 millionar kroner gjennom den nasjonale tilskotsordninga.
– Dette gjer at vi kan gi eit betre og meir tilgjengeleg tilbod til dei pasientane ordninga er meint for, seier Marta Sørensen, leiar for tannhelsetenestas kompetansesenter TkVestland gir spesialisttannbehandling, driv rådgjevingstenester, kursverksemd og klinisk, praksisnær forsking., som har ansvar for TOO-teama.
Meir midlar etter eit krevjande år
Samanlikna med året før har Vestland fått rundt 5 millionar kronar meir i tilskot.
I 2025 hadde TkVestland eit meirforbruk på om lag 2 millionar kroner. Meirforbruket skuldast kjøp av tannbehandling frå private behandlarteam med avtale.
– Midlane gir oss større handlingsrom, som vil kome pasientane til gode, seier Sørensen.
Ein stor del av tilskotet går til kjøp av tannhelsetenester. Alle private behandlarar i ordninga har fått naudsynt opplæring, i tråd med nasjonale kriterium for målgruppa.
Kraftig reduksjon i ventetidene
Eit av dei tydelegaste resultata av styrkt innsats er kortare ventelister.
– Ventetida er no nesten borte på Stord og i Florø. I Bergen er ventetida på rundt seks månader, og målet vårt er å nærme oss null også der, seier Sørensen.
Til samanlikning var ventetida i Bergen rundt eitt år i fjor.
Tverrfagleg behandling for pasientar med alvorleg angst
TOO-tilbodet finst i Bergen, Stord og Førde. Det er retta mot pasientar med sterk tannbehandlingsangst, ofte knytt til traume eller overgrep. Behandlinga skjer i tverrfaglege team, der tannhelsepersonell samarbeider tett med psykolog.
– Pasientane får kognitiv åtferdsterapi. Psykolog rettleier tannbehandlarane i korleis behandlinga best kan tilpassast den enkelte. Målet er at pasienten etter kvart skal kunne ta imot vanleg tannbehandling, forklarer Sørensen.
Veronika blei kvitt tannlegeangsten
Midlane blir mellom anna brukte til opplæring av tannhelsepersonell som skal behandle TOO-pasientar. Førre veke vart det halde kurs i Bergen, der deltakarane fekk møte Veronika, som nyleg har gjennomført behandling for alvorleg tannlegeskrekk.
Det var heilt stille i salen då ho fortalde at overgrep ho har vore utsett for i barndommen har gitt traume som gjorde det svært vanskeleg å oppsøkje tannhelsehjelp.
– Livredd før første møte
Veronika fortel at ho i periodar prøvde å behandle seg sjølv, fordi ho ikkje makta å gå til tannlegen.
Ho hadde høyrt om behandlingstilbodet ved TkVestland, og fekk til slutt mot til å søkje hjelp. Etter om lag eitt år fekk ho plass i programmet.
– Eg var livredd før første møte, innrømmer ho.
I dag står ho stødig på scena saman med tannlege Gunvor Eikill og psykolog John Tveit-Winther frå TkVestland. I salen sit både private og offentlege tannlegar som får spesialopplæring i å behandle TOO-pasientar.
Øve på kontroll
Behandlinga startar med samtalar med psykolog og tannlege, der pasienten lærer å kjenne att eigne grenser og ta kontroll ved å seie frå når noko blir ubehageleg.
Den vidare tannbehandlinga fekk Veronika hos ein privat tannlege med opplæring i TOO-behandling.
– Eg har ikkje så mykje tannlegeskrekk lenger. Eg trudde aldri eg skulle seie det. Det er framleis ikkje kjekt, men no kan eg gå til tannlegen slik ein vanleg person kan, seier ho.
Etter behandlinga har Veronika teke utdanning, vorte meir sosial og fått auka sjølvtillit.
– Det er utruleg flott det du har fått til, seier tannlege Gunvor Eikill.