Fagskulen Vestland får 26,5 millionar kroner til nye utdanningstilbod og utviklingsprosjekt

Fagskulen Vestland har fått 26,5 millionar kroner i to statlege tildelingar. Midlane skal gå til nye utdanningstilbod, utstyr og kompetanseheving.

Skulebygg fra utsida.
FAGSKULEN VESTLAND: Fagskulen har fått 26,5 millionar kroner til nye utdanningstilbod, utstyr og kompetanseheving. (Foto: Helen Daae Frøyseth, Vestland fylkeskommune)
  • Eigd av Vestland fylkeskommune
  • Ein av dei største offentlege fagskulane i landet, med 2000 studentar og om lag 200 tilsette
  • Åtte studiestadar i Vestland fylke – Bergen (Nygård og Nordnes), Stord, Voss, Austevoll, Hjeltnes, Førde og Måløy
  • Tilbyr høgare yrkesfagleg utdanning som ligg på eit nivå over vidaregåande opplæring
  • Skal tilby utdanningar som er i tråd med arbeidslivets behov
  • Gjennomsnittsalderen for studentane er 32 år

14 millionar kroner går til 11 nye bransjeprogram, og 12,5 millionar kroner går til sju utviklingsprosjekt. Midlane blir delte ut av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

– Dette er ei svært gledeleg tildeling som gir oss handlingsrom til å utvikle Fagskulen Vestland i ein endå betre retning. Desse midlane gjer oss betre i stand til å levere utdanning av høg kvalitet, tett på arbeidslivet, seier rektor Torbjørn Mjelstad ved Fagskulen Vestland.

Pengane skal mellom anna gå til å utvikle nye utdanningar, kjøpe inn utstyr, heve kompetansen til lærarar og vidareutvikle skulen sine tilbod.

Fagskulen Vestland er blant skulane som har fått størst tildeling, både i talet på prosjekt og i kronar.

Nye bransjeprogram innan helse og tekniske fag

Bransjeprogramma er retta mot både tekniske fag og helsefag. Fire av prosjekta er i samarbeid med Aker Solutions på Stord. Dei skal bidra til å utvikle tilbodet vidare innanfor Stord-modellen.

Fagskulen Vestland får også høve til å byggje opp tilbod innan nye fagområde som biogass, hydrogen og ammoniakk. I tillegg er det etablert fleire nye samarbeid med både privat næringsliv og offentlege og private helsetenester.

Utviklar nye tilbod og kjøper inn utstyr

Utviklingsmidlane skal gå til fleire ulike prosjekt. Mellom anna skal Fagskulen Vestland utvikle nye utdanningar innan droneoperasjon for landbruk og beredskap og rettleiing av lærlingrettleiarar i bedrift.

Skulen får også midlar til moderne undervisningsutstyr. Det gjeld mellom anna utstyr til prosessteknikk og ein simuleringslab for helseutdanningane.

I tillegg skal midlane gå til yrkespedagogisk vidareutdanning for maritime lærarar, utvikling av ei felles pedagogisk plattform for digitale og fleksible studietilbod og eit prosjekt for internasjonal studentmobilitet.

– Samla sett er dette ei tildeling som styrkjer Fagskulen Vestland si rolle som ein sentral leverandør av kompetanse til arbeidslivet i regionen, og som gir varige effektar både for studentar, fagmiljø og samarbeidspartnarar, seier Mjelstad.