«Du bur ikkje i distriktet utan å bry deg om veg»

– Eg var tidleg i tida mi som fylkesordførar på besøk i Vik i Sogn, på vegen til Arnafjord. Berre ein månad før eg var der, hadde det gått eit ras rett etter at skulebussen hadde passert. Det set seg. Du kjenner på det, seier fylkesordførar Jon Askeland.

Dette er ein YouTube-video YouTube krever at du tillater markedsføringscookies for å sjå denne videoen

I tillegg til alle andre oppgåver Jon Askeland har som fylkesordførar, fann han raskt sin naturlege plass i Nasjonal rassikringsgruppe. I gruppa samarbeider dei åtte mest rasutsette fylka for å sikre tilstrekkelege midlar til rassikring. I år er det 25 år sidan gruppa vart etablert, der dåverandre Sogn og Fjordane og Hordaland var med frå 2003. No er det Vestland fylkeskommune som sit med sekretariatsansvaret.

For Askeland starta ikkje den politiske karrieren med samferdsel. Det var skulane på Radøy som fekk han inn i politikken, som ein sint og frustrert småbarnsforelder, som ville gjere noko med dårlege oppvekstvilkår. Gjennom åra har likevel rassikring blitt ei hjartesak.

– Det som oppriktig driv meg til å ta tillitsverv, er å leggje til rette for at folk kan ha gode liv, finne arbeid og skape verdiar. Kampen for distrikta heng tett saman med at folk må ha jobbar der dei bur, og då må infrastrukturen fungere, seier Askeland.

Ein mann med lyst grått hår, briller med mørk fleecejakke og grøn bukse. Bak han er ein stor asfaltert plass og ein veg med autovern. Foto: Silje Alvsaker (Vestland fylkeskommune)
Fylkesordførar Jon Askeland har gjort rassikring til ei hjartesak. Gjennom arbeidet i Nasjonal rassikringsgruppe kjempar han for tryggare vegar og gode levekår i distrikta. Foto: Silje Alvsaker (Vestland fylkeskommune)

Alltid på vakt

– Du bur ikkje i distriktet utan å bry deg om veg.

Arve Helle kjenner dette ansvaret godt. Han vaks opp i ein kommune der kampen for Dalsfjordsambandet hadde pågått lenge før han vart fødd i 1971, og heldt fram lenge etter. Dalsfjordbrua opna i 2013. Det forma forståinga hans av kva veg betyr for folk i distrikta. Når Askeland ikkje kan stille i Nasjonal rassikringsgruppe, er det Helle sitt ansvar som hovudutvalsleiar i Samferdsel og mobilitet.

Han har også eigne erfaringar med rasfarlege vegar som pendlar. Han har køyrd riksveg 5 mellom Skei og Sogndal mange gonger sidan opninga i 1994, ein veg som tidlegare var prega av ras.

– I dårleg vêr grudde eg meg. Eg skrudde ned musikken for å høyre og opna vindauget. Den vegen er heldigvis sikra no, men eg forstår godt frykta til dei som lever med dette til dagleg, seier han.

Stort ansvar

Vestlandet er ein rik landsdel, men topografien gir særskilde utfordringar. Askeland har møtt mange som fortel korleis rasfarlege vegar påverkar kvardagen, og historiene sit i.

Ein yrkessjåfør på Voss som så vidt overlevde ei nedfallen steinblokk. Ein son i ei transportbedrift som spurde faren om han verkeleg måtte køyre til Bergen i styrtregn, og fekk svaret: «Ja, vi har ein kontrakt.»

– Då sit vi plutseleg med eit ansvar som er større enn det ein kanskje såg for seg, seier Askeland.

Fleire stemmer gir gjennomslag

Begge meiner Nasjonal rassikringsgruppe har vore avgjerande, ikkje berre for Vestlandet, men for heile landet. Gruppa har bidrege til å løfte rasfare til eit nasjonalt tema, ikkje berre eit vestlandsproblem.

– Det er rasfare i heile landet. Berre i år har fleire liv gått tapt, både i leirskredet i Trøndelag der E6 rasa ut, og med snøras i Narvik og i Hemsedal. Det handlar ikkje berre om stein frå bratte fjell, seier Helle.

Han peikar på at fleire stemmer gir større gjennomslag.

– Det er viktig at fleire formidlar kva dette handlar om. Eg trur på samtalen som kan skape vilje til å finne gode løysingar, seier han.

Regjeringa satsar på skredsikring

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård understrekar at skredsikring er eit prioritert område.

– Vi bur i eit land med mykje vêr, bratt natur og mange rasutsette vegar. Det er viktig å hindre tap av liv og ta vare på verdiane våre gjennom varsling og fysisk sikring. Vi opplever at dei skredutsatte fylkene jobbar godt med slike problemstillinger, og at samarbeidet med Statens vegvesen er bra, seier statsråden.

Ein mann med grått, kort hår, kvit skjorte, mørkeblå genser smiler til kamera.
For samferdselsminister Jon-Ivar Nygård er skredsikring er eit prioritert område. Foto: Arbeiderpartiet

I forkant av Nasjonal transportplan 2025–2036 vart det gjort ei oppdatert kartlegging av skredpunkt på riks- og fylkesvegar. Punkta er delte inn i kategoriane høg, middels og låg risiko, og dannar grunnlaget for ein nasjonal gjennomføringsplan for riks- og fylkesvegar med høg og middels skredfaktor. 

– Målet er å utbetre flest mogleg av punkta i middels og høg kategori i planperioden. Store prosjekt som Vossebanen/E16 Arna–Stanghelle og E45 Kløfta vil fjerne mange skredpunkt, seier han.

Han peikar også på rolla til ny teknologi:

– Radarovervaking og automatisk stenging av vegar blir stadig viktigare. Slik kan vi få meir skredsikring for pengane, seier Nygård. 

Tunell er ikkje alltid løysinga

Helle meiner framtidas rassikring ikkje berre handlar om tunnelar.
– Fysisk sikring åleine er ikkje nok. Innovativ skredsikring blir viktig. Det hindrar ikkje nødvendigvis ras, men kan hindre at menneske er i vegen når det skjer, seier han.

Ein mann med kort, mørkt hår, briller, mørk jakke og oransje refleksband på seg står ute. Bak han er det veg og trafikk. Foto: Silje Alvsaker
Då Arve Helle m pendla på ein rasfarleg veg køyrde han med vindauget nede. Foto: Silje Alvsaker (Vestland fylkeskommune)

Varslingssystem og teknologiske løysingar er i sterk utvikling:
– Vi får fleire moglegheiter til å varsle og handtere både steinras og snøskred. Teknologi påverkar livet vårt på mange område – og må også brukast til å sikre folk, seier Helle.

Han understrekar at fleire må bidra:
– Fleire fylkeskommunar må vere med. Vi kan utvikle betre løysingar saman.

Enno ikkje godt nok

For Askeland er målet tydeleg:
– Hadde vi tredobla potten til rassikring av fylkesvegar i ein tiårsperiode, kunne vi sikra dei mest utsette strekningane i Vestland. Då kunne vi teke mellom anna Nordrepollen–Austrepollen, Tokagjelet, Steinsstøberget, Oldedalen, Arnafjorden og Esefjorden. Det ville gjort det lettare å sove om natta, seier han.

Helle er einig i at trykket må haldast oppe:
– Løyvingane frå staten må auke. Vi kjem aldri heilt i mål, men vi må jobbe systematisk med dei mest utsette punkta.

Begge er tydelege på at Nasjonal rassikringsgruppe sitt jubileum ikkje ei kvilepute.

– Vi kan aldri gardere oss hundre prosent, men vi kan jobbe systematisk, og det gjer vi, seier Jon Askeland.