Ber om innspel til nye retningslinjer for tilskot til kultur og folkehelse
Vestland fylkeskommune går frå tretti til sju fylkeskommunale tilskotsordningar innan kultur og folkehelse. No kan du kome med innspel til retningslinjer for dei nye ordningane.
Tilskota blir frå no av delte i tre hovudkategoriar: drift, nyskaping og investering. Fleire tidlegare tilskotsordningar blir slått saman. Føremåla med ordningane blir likevel vidareførte, og det samla budsjettet for tilskotsordningane er auka. Samtidig opnar nye og større ordningar for at fleire og meir tverrfaglege tiltak kan få støtte.
Tar imot innspel fram til 27. februar
Hovudutval for kultur, idrett og inkludering vedtok 11. februar å be publikum om innspel til retningslinjer for dei sju nye tilskotsordningane. Målet er å høyre frå potensielle søkjarar til ordningane.
– Det er viktig for oss å lytte til dei vi er til for. Skal vi klare å treffe alle dei aktørane, ideane og føremåla som ordningane er til for, er det viktig at dei som søkjer midlar no engasjerer seg i korleis innretninga for desse ordningane bør vere, seier Jacob Nødseth, leiar for hovudutval for kultur, idrett og inkludering.
Fristen for å kome med innspel er 27. februar. Hovudutvalet skal så vedta retningslinjene i møtet 11. mars.
Sju tilskotsordningar
Eitt av måla med endringane, er å gjere det lettare å sjå tiltak i samanheng, også på tvers av fagfelt. Det er også eit mål å gjere søknadsprosessen enklare og å treffe betre og fleire med ordningane.
– Vi har fått tilbakemeldingar frå både profesjonelle og frivillige aktørar om at det er komplisert og tidkrevjande å søkje midlar frå det offentlege. Vi prøver difor å forenkle og effektivisere, med effekt både i vår eigen organisasjon og ikkje minst hos dei som vi er til for. Vi må sørgje for at pengane kjem ut og kjem til nytte for dei som skaper gode lokalsamfunn og gjer Vestland til det leiande kulturfylket i landet. Difor gjer vi denne forenklinga, seier Nødseth.
Dette er dei sju nye tilskotsordningane (kategori i parentes):
- Regionalt kulturfond Vestland (nyskaping)
- Driftstilskot til kultur og folkehelse (drift)
- Livskvalitet og sosial utjamning (nyskaping)
- Kartlegging og tilrettelegging for friluftsliv (nyskaping)
- Kulturarenaer med regionale funksjonar (investering)
- Tilskot til nasjonale og internasjonale idrettsarrangement og arenaer (investering)
- Stipend kultur og folkehelse (nyskaping)
Vegen vidare
Dette er tidslinja for arbeidet med tilskotsforvaltninga vidare:
- Februar 2026: ettersyn fram til 27.02
- Mars 2026: vedtak og kunngjering av nye retningslinjer
- Vår 2026: testing av nye rutinar
- Løpande i 2026: erfaringspanel med søkjarar, dialog om funksjon og innretting, evaluering og justering
- 2027: full implementering og lansering av nasjonal tilskotsportal